BeskrivelseHar du lyst til bli ein del av vårt tverrfaglege vurderingsteam på Åse helsehus? Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i to-delt turnus med jobb hver 3. helg ved Avklaringsavdelingen. Oppstart etter avtale. Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål rundt stillinga. Åse helsehus held til i Ålesund lokalmedisinske senter saman med legevakt, ØHD-avdeling, overgrepsmottak, m.m. Åse helsehus er eit helsehus med høg tverrfagleg kompetanse som skal vurdere og rehabilitere pasientar. Vi er ei lærande bedrift og er opptatt av å jobbe framtidsretta og innovativt. Vi benyttar oss av ulik velferdsteknologi og kartlegg pasientar som skal heim til eiga bolig med denne typen tjenestar.Vi flytta inn i nyoppussa lokale i april-2017. Vi har to korttidsavdelingar og ei avklaringsavdeling som tek imot pasientar fra helseforetaket og ØHD-avdeling på Åse helsehus. I tillegg har vi nokon pasientar som har innvilga langtidsplass og ventar på plass ved andre sjukeheimar i kommuna. Avklaringsavdelingen har 12 senger fordelt på seks dobbeltrom, medan korttidsavdelingane har 16 senger fordelt på dobbeltrom og enkeltrom.ArbeidsoppgåverFølge opp pasientar sjukepleiefagleg med fokus på eigenmeistring og måloppnåing. Tverrfagleg samarbeid med blant anna lege, fysio- og ergoterapeut og sakshandsamar ved koordinering og tildeling.Jobbe opp mot omsorgstrappaRiskovurderingar av pasientar etter tiltak i Pasientsikkerhetsprogrammet.no.Oppgåver knytta til laboratorieprøver og legemiddelhåndtering. Veiledning og opplæring av pasientar, pårørende og personell. KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar med språk tilsvarande B2.Interesse for geriatri og rehabilitering vektleggast.Halde seg fagleg oppdatert og ha gode datakunnskapar.Det er krav om tilfredsstillande MRSA-, politi, og tuberkulinattest.Personlege eigenskaparPersonlege egenskapar i tråd med kommuna sine verdiar: open, engasjert og modig.Vi ynskjer at du ser moglegheitene og ressursar hjå andre mennesker.Vi ynskjer at du har interesse for geriatri og rehabilitering.Vi ynskjer at du er sjølvstendig, tålmodige og har ein positiv veremåte med humor og arbeidsglede.Vi tilbyrVi tilbyr eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø.Spennande, lærerike og varierte arbeidsoppgåver.Høgt fagleg fokus.E-læring/intern undervisning. Ein framtidsretta arbeidsplass med fokus på blant anna velferdsteknologi.Tilrettelegging for videreutdanning.Nye, trivelege lokaleGode og kompetente kollegaer. Gratis parkering.Tilstetting i ei IA-bedrift. Løn etter tariff. KontaktinformasjonBjørg Vartdal, Avdelingsleiar, 409 16 025, Bjorg.Alise.Vartdal@alesund.kommune.noAnn-Kristin Grindvik, Verksemdsleiar, 70 16 39 02, Ann-Kristin.Grindvik@alesund.kommune.noArbeidsstadÅsesvingen 166017 ÅlesundNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4718133635Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 09.11.2023
Åsesvingen 16, 6017 ÅlesundStort kartHybridkartFlyfoto