BeskrivelseStad kommune har frå 27.11.2023 - 04.12.2024 ledig 100 % vikariat som sakshandsamar innan helse og omsorg. Mogleik for forlenging av vikariat dersom behov. Vi søkjer deg som er drivande engasjert med sterk fagleg kompetanse til å utvikle framtidas tenestilbod. Du skal sjølvsagt ikkje gjere dette åleine. I denne stillinga blir du ein del av eit fagleg sterkt og hyggjeleg arbeidsmiljø som jobbar for å finne dei beste løysningane saman. Vi kan ikkje love at arbeidsdagane vil bli like, men vi kan love variasjon. Stillinga er ein del av kommunen sitt sakshandsamarteam, som er organisert i heimetenesta. Teamet skal svare på spørsmål, gje rettleiing og handsame søknader om helse- og omsorgstenester på tvers i kommunen. Teamet har også ansvar for oppfølging av fritidskontakter, koordinatorar og tilrettelegging av kommunen si koordinerande eining. Det ligg også til teamet sitt ansvarsområde å handsame all klagebehandling i samsvar med kommunen sine tildelingstenester. Vi arbeidar strukturert etter gode planer, og vi likar å jobbe smart ved å utnytte digitale hjelpemidlar og system. Som sakshandsamar i Stad kommune vil du få kollegaer som bryr seg om kvarandre. Ein av våre styrker er at vi er ein trygg og helsefremjande arbeidsplass, og du vil ha høve til fagleg og personleg utvikling. Vi deler kompetansen vår med kvarandre og formidlar både idear, fag og erfaring. Viss du deler ambisjonane våre vil vi gjerne ha deg med på laget vårt. ArbeidsoppgåverSakshandsamarteamet har ansvar for: mottak og rettleiing av nye henvendingaroppfølging av fritidskontakterkartlegge, sakshandsame og evaluere vedtaklegge fram saker i tildelingsmøtekoordinering av utskrivingsklare pasientargode overgangar mellom tenestenivåakvalitetsforbetring knytt til sakshandsamingkoordinerande eining (KE)Elektronisk meldingsutveksling kring utskrivingsklare pasientar KvalifikasjonarHelse - og sosialfagleg høgskuleutdanning, andre med relevant utdanning/erfaring kan søkje Vidareutdanning innan forvaltningsrett og helse- og omsorgsjuss . Om du har kjennskap til og erfaring innan området kan du søkje, men det vil være eit krav at vidareutdanning vert gjennomført etter oppstart i stillinga. Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg.Kunnskap om kommunen sitt elektroniske fagprogram profil.Personlege eigenskaparSakshandsamar bør ha brei fagleg kunnskap og erfaring.Du er innovativ, fagleg oppdatert og nysgjerrig i forhold til utvikling av helse og omsorgstenestene. Du viser gode samarbeidsevner og likar tverrfagleg samarbeid.Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, men og kunne vere fleksibel og kreativ.Du har evne til å få tillit med brukarar, pårørande og tilsette.Du har stor arbeidskapasitet og jobbar effektivt i eit team.Du skal medverke til å skape ei fagorientert, inkluderande og samhandlande personalgruppe.Du har evne og vilje til å reflektere over eigen praksis.Du har førarkort.Vi tilbyrGodt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljøHøve til fagleg utviklingLøn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverkGode pensjons- og forsikringsordningarFlyttegodtgjersle Vi ber om at søkjarar lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga. Vi ber også om at søkjarar opplyser om relevante referansar av nyare dato.Stad kommune har 6 månader prøvetid.Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. KontaktinformasjonIngrid Hjelmeland, Assisterande einingsleiar heimetenesta, 97530265, ingrid.hjelmeland@stad.kommune.noAnnette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72, annette.hovden@stad.kommune.noBarbro Longva, kommunalsjef helse og omsorg, 92855900, barbro.longva@stad.kommune.noArbeidsstad NordfjordeidNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 4711026185Stillingsprosent: 100%VikarSøknadsfrist: 25.10.2023
6770 NordfjordeidStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.94 Sakshandsamar
0.94 Vikariat som helsefagarbeider 100%
0.94 Helsefagarbeider vikariat
0.94 Helsefagarbeider
0.93 Helsefagarbeider
0.93 Helsefagarbeider
0.93 Saksbehandler ved tildelingskontor/ koordinerende enhet - vikariat
0.93 Saksbehandler - vikariat 100% stilling ved enhet for forebygging og koordinering
0.93 Saksbehandler
0.93 Saksbehandler for helse- og omsorgstjenester
0.93 Helsefagarbeider
0.93 Helsefagarbeider - vikariat -
0.93 Helsefagarbeider
0.93 Autorisert Helsefagarbeider 45%
0.92 Vernepleier med fagansvarfunksjon - Vikariat
0.92 Tilkallingsvikar Omsorg og sjukeheim
0.92 Helsefagarbeidar
0.92 HELSEFAGARBEIDER
0.92 Helsefagarbeider
0.92 Fagkonsulent: vikariat
0.92 Vikar for sykehjemsprest
0.92 Tilkallingsvikar
0.92 Helsesykepleier
0.92 Helsefag arbeider Vikariat
0.92 Helsesykepleiere
0.92 Helsefagarbeider, 90 % vikariat
0.92 Sjukepleiar - 100% Vikariat - Nordgardstunet
0.92 Sosionom til ledig vikariat
0.92 Helsefagarbeider- Vikariat 100%
0.92 100 % helsefagarbeidar fast og vikariat
0.92 Sjukepleiar
0.92 Helsefagarbeider/hjelpepleier/omsorgsarbeider-vikariater
0.92 Helsefagarbeidar - 100% vikariat - Lerketunet
0.92 Helsefagarbeider (vikariat)
0.92 Helsefagarbeidar - vikariat - arbeid kvar 4. helg
0.92 Sykepleier/vernepleier vikariat
0.92 Helsefagarbeidar vikariat 80 - 100%
0.92 Sykepleier 100% svangerskapsviakriat
0.92 Sykepleier
0.92 Helsefagarbeider
0.92 Lege Skien helsehus, vikariat
0.92 Saksbehandler- Forvaltningskontoret seksjon for hjemmetjeneste
0.92 Helsefagarbeider
0.92 Helsefagarbeider
0.92 Helsesjukepleiar, vikar.
0.92 Sjukepleiar
0.92 100 % stilling sjukepleiar fast og vikariat
0.92 Helsesekretær
0.92 Sykepleier/vernepleier/sosialfaglig
0.92 Sjukepleiar eller vernepleiar
0.92 Saksbehandler
0.92 Helsefagarbeider
0.92 Vernepleier/sykepleier