Sykepleier
None
Seljord
BeskrivelseHelse og omsorg i Seljord kommune skal etablere ei ny og spanande stilling! Er du opptatt av god opplæring, kompetanse, fagutvikling og innovasjon? Då kan denne prosjektstillinga vere noko for deg.Vi søker etter ein engasjert person i 100% prosjektstilling som fagansvarleg sjukepleiar i inntil to år frå tiltreding i stillinga. Prosjektet inneber mellom anna å drive systematisk kompetanseheving saman med ulike faggrupper innan helse og omsorg. Du må ha evne til å sjå heilskapen på tvers av alle einingane. Stillinga er overordna og knytt til kommunalsjefens stab. Du vil vere ein viktig ressurs i teamarbeidet som jobbar for å skape ein berekraftig helse- og omsorgsteneste, også i framtida.Det overordna og strategiske styringsverktøyet er Helse -og omsorgsplanen. Planen er politisk vedtatt og gjeld for 2022-2034. Kommunen jobbar for at helse og omsorgsnestene skal tilbys på Beste Effektive OmsorgsNivå (BEON). BEON- Prinsippet bygger på at kommunen bør tilby trinnvis opptrapping av pleie og omsorg for den enkelte, slik at flest mogleg kan bu trygt heime lenge som mogleg, samstundes som kommunen yter tenester så effektivt som mogleg. Fagsjukepleiar vil ha ei sentral rolle i å implementere kompetansehevande tiltak jf. strategisk kompetanseplan i helse og omsorg i Seljord kommune.Seljord kommune har mål om å vere ein attraktiv arbeidsgjevar og ein lærande organisasjon. I helse og omsorg er det fokus på rekruttering, fagutvikling, behalde dei gode fagfolka og omdømmebygging.Det er i 2023 etablert eit interkommunalt simuleringssenter og Seljord er vertskommune. Fagsjukepleiar vil vere ein del av eit interkommunalt simuleringsnettverk i Vest-Telemark.Arbeidsoppgåverkartlegge og systematisk legge til rette for kompetanseheving og fagutvikling i kommunenHa oversikt over kompetansebehov saman med einingsleiarane og kommunalsjefDrive systematisk fagutvikling ved å etablere og leie fagnettverk, ha ei koordinerande rolle og stimulere til fagutviklingLegge til rette for systematisk opplæring av nytilsette, oppfølging av studentar/lærlingar/elevar, sertifisering og resertifisering, internundervisningarLegge til rette for at kommunen nyttar den fagkompetansen vi allereie harEtablere ein felles kompetanseportalBidra med å auke kompetanse på bruk av velferdsteknologiløysingar inn i tenestaVere ein ressursperson i interkommunalt simuleringsnettverkHa tverrfagleg samarbeid med alle einingane i tenesteområdet, på tvers av tenesteområda i kommunen, interkommunalt og mellom forvaltningsnivåAktivt nytte styringsverktøy innan helse og omsorgLevere på plan for implementering av fast overordna fagsjukepleiarstilling i varig drift utover prosjektperiodenKvalifikasjonerAutorisert sjukepleiar med brei klinisk erfaring ( minimum 2 år)Ynskjeleg med kjennskap til kommunehelsetenesta, men det er ikkje eit kravGod norsk munnleg og skriftleg framstillingsevneLikar å jobbe og lede tverrfaglege team, skape gode relasjonar og er samlandeEvne til å sjå det overordna perspektiv med heilskaplege helse -og omsorgstenesterTrivast i ein travel jobbkvardag og toler å stå i krevjande situasjonarNysgjerrig og engasjert med evne til å forankre og drive fram endringarFormidlingsevne og gjennomføringsevneGode digitale ferdigheiterTydeleg, strukturert og god på tidsplanleggingErfaring frå forbetringsarbeid/prosjektarbeid og prosjektleiing er ynskjelegFørarkort klasse BVed vurdering av søknadane vil det bli lagt vekt på søkarens faglege og personlege føresetnad for å gjennomføre oppgåvene knytt til stillingaVi tilbyr100% prosjektstilling i inntil to år frå tiltreding.Dagstilling 37,5 t/vekeSpanande stilling kor du kan vere med å påverke og utvikle Seljord kommune sine satsingsområde innan helse og omsorg
Brøløsvegen 13A, 3840 SeljordStort kartHybridkartFlyfoto