Vernepleiar - 100% fast - Ressurskrevjande tenester
None
Isdalstø
BeskrivelseOm stillingaVi har no ledig ein 100% fast stilling i medleverturnus (døgnturnus), med arbeid kvar 4. helg.Stillinga ønskes besett av ein person med autorisasjon som vernepleiar. Arbeidsoppgåver:Oppfølging av individuelle vedtak knytta til helse, daglege gjeremål og fritidReguleringsstøttande samhandling, byggje sjølvkjensle og sjølvstendeVera fysisk aktiv og gjere meiningsfulle aktivitetar med bebuarKvalitetsarbeid/fagutvikling og rettleiingDelta på samarbeidsmøter rundt den enkelte bebuarDagleg tilrettelegging og planlegging av tenesteytingaLegemiddelhandteringOppfølging i forhold til HOST kap. 9Dokumentasjon av tenesteytinga, i ProfilPraktiske gjeremål i bustad og delegerte oppgåver frå leiarAnsvarsvaktOm avdelinga - Ressurskrevjande tenesterHabiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming.Under ressurskrevjande tenester er det for tida 5 bustader der ein gjev hjelp/bistand til vaksne med utviklingshemming og åtferdsutfordringar. Det er 2:1 bemanning i alle bustadane.KvalifikasjonskravAutorisasjon som vernepleiarErfaring frå arbeid med personar med utviklingshemming, psykiske lidingar og utfordrande åtferdFørarkort klasse BØnska kompetanse:Kjennskap til Lov om kommunale helse og omsorgstenester, kap. 9God norsk skriftleg og munnleg formidlingsevnePå grunn av personalsamansetninga ønsker vi også kvinnelege søkereKven er du? Du har evne og erfaring til å takle andre personar sine utfordringar, og å møte brukar i sårbare situasjonar på «deira utviklingsnivå»Du har evne til å etablere og utvikle gode relasjonar til brukar og kollegaerDu er ein tydeleg og trygg omsorgspersonDu er aktiv og kreativ når det gjeld å motivere, men også roleg og tolmodig når situasjonen krev detDu ønsker å «gjere ein forskjell» når du er på jobbDu er opptatt av refleksjon omkring tenesteytinga og lojalitet knytt til felles retningslinerDu har gode samarbeidsevner, og evne til å jobbe systematisk, både sjølvstendig og i teamDu har god fysisk og psykisk helseDu er fleksibel, god omstillingsevne og åpen for endringarDet vert sterkt vektlagt om du er personleg eigna til stillinga.PolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.Vi tilbyrLøn etter gjeldande tariffavtaleGod pensjonsordningSpanande og meiningsfylte oppgåverMedleverturnus (2-2-3)Være delaktig i utviklings- og endringsarbeid
Kvernhusmyrane 41, 5914 IsdalstøStort kartHybridkartFlyfoto