Fagradiograf mammografi
Helse Førde
Førde
Fagradiograf mammografi
Arbeidsgiver
Helse Førde
Stillingstittel
Fagradiograf mammografi
Frist
18.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Er du interessert i mammografi, fagleg engasjert, samt opptatt av kvalitet og utvikling? Ønskjer du å vere med å vidareutvikle mammografi tilbodet i Helse Førde? Ønskjer du fast jobb midt i flott vestlandsnatur med kort veg til fjell og hav, og på same tid ha tilgang til kafear, konsertar og butikkar? Vi har ledig 100% fast stilling som Fagradiograf mammografi ved Førde sentralsjukehus. Arbeidstida er dagtid (37,5 t/veke) og fri kvar helg. Det ligg ikkje personalansvar knytt til stillinga. Seksjonen i Førde har stort fokus på kvalitet, og jobbar aktivt for god pasientflyt og fagleg utvikling. Vi set trivsel høgt og er ein arbeidsplass med flotte kollegaer og mykje humor. Seksjonen har omlag 50 tilsette, der 31 er radiografar. Utenom mammografi har seksjonen 2 CT-maskiner, 2 MR-maskiner (1,5T og 3T), 3 konvensjonelle røntgen apparat, 2 digitale mobile apparat, gjennomlysing/intervensjon/angio, samt 3 ultralyd apparat. Førde sentralsjukehus er eit middels stort sjukehus som har kliniske avdelingar innan dei fleste fagområde. Sjå www.helse-forde.no . Innan mammografi utfører vi både kliniske undersøkingar og mammografiscreening. Vi har 2 GE Senographe Pristina mammografiapparat frå 2021/2022, EnCore vakuumbiopsi og ultralyd. Vi har eit breitt tilbod innan utredning og kontrollforløp, samt screening med etterundersøkingar. Vi er eit lite BDS der fagradiograf og 3 radiografar i hovudsakleg jobbar med mammografi, i tillegg til nokre radiografar som rullerer innom screening. Førde er administrasjonssenteret i Sunnfjord kommune og er den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Her er flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg kun tre timars køyretur sørover. Førde er eit handelssentrum med stort utval butikkar, samt gode tilbod innan kultur (konsertar, arrangement, kunst m.m.). Innan friluftsliv er det nærast uendelege moglegheiter. Vi ligg midt i flott vestlandsnatur omkransa av fjord og fjell, samt kort veg til kysten og havet. Tilhøva for fjellturar, langrenn, alpint, toppturar, kajakkpadling, fisking, sykling, klatring m.m. er mange og varierte.
Arbeidsoppgåver
Planlegge og gjennomføre undersøkingar Samarbeide med andre einingar og profesjonar Utarbeide, tilpasse, optimalisere og revidere protokollar, prosedyrer, retningslinjer, informasjon m.m. innan mammografi Gjennomføre undervisning og rettleie personale Ta del ved innkjøp av utstyr, ha kontakt med leverandørar og medisinteknisk avdeling Kvalitets- og utviklingsarbeid innanfor alle aspekt av fagfeltet mammografiTa del i pasientnært arbeid som kliniske undersøkingar, mammografiscreening, tilrettelegge og assistere radiolog ved ultralyd
Kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som radiograf Meistre norsk godt både skrifteleg og munnlegDet er ønskjeleg med evne til god skriftleg framstilling på nynorsk Kompetanse og erfaring innan mammografiDet er ønskjeleg med kompetanse og erfaring innan systematisk helse-, miljø- og tryggleiksarbeid. God kunnskap i bruk av Office
Personlege eigenskapar
Fagleg engasjert og interessert Godt humør og positiv innstilling Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner Initiativrik og handlekraftig Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst Arbeider godt i team Fleksibel Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Faglege utfordringar og moglegheit for utvikling Tilpassa opplæring Hyggjeleg arbeidsmiljø Konkurransedyktig løn Gode pensjons- og forsikringsordningar Arbeid i IA-bedrift MangfaldserklæringFøretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Sted
Svanahuagvegen 7, 6812 Førde
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Radiograf
Nøkkelord
radiograf, fagradiograf, mammografi
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Reidun Brekke
Stillingstittel
Seksjonsleiar FSS
Telefon
57 83 96 16
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Helse Førde HF
Følg firma
61 følger dette firmaet
Svanahuagvegen 7, 6812 Førde
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto