Jordmor

Helse Fonna HF
Odda
Jordmor
Arbeidsgiver Helse Fonna HF Stillingstittel Jordmor Frist 22.10.2023 Ansettelsesform Fast
Bli kjent med Helse Fonna HF
Jordmor? Saman kan me sjå på kva mogelegheiter og fleksible løysingar du kan få hjå oss! Er du jordmor og ynskjer deg ein spennande og utfordrande jobb ved Odda sjukehus? Me har ledig 100% fast jordmorstilling fra 02.01.24. Me kan vera fleksible på stillingsprosent og du har stor påverknad på eigen turnus i kalenderplan. Er det viktig for deg med fokus på kontinuerleg kvalitetsforbetring og godt tverrfagleg samarbeid? Då bør du søkje på denne jobbenKven er du? Du er utdanna jordmor og ynsker ein fleksibel kvardag kor du kan variere mellom svangerskapsomsorg, svangerskaps- og barselpoliklinikk, barselavdeling og gynekologisk poliklinikk. I tillegg har du som jordmor vaktberedskap med følgeteneste. Me ser for oss at du har den naudsynte tryggleiken ovanfor pasientar og deira pårørande. Dette er ein perfekt jobb for deg som ynsker å følgje mor gjennom heile svangerskapet og den nybakte familien under barselopphaldet til dei reiser heim. Kven er me? Jordmortenesta har ansvar for svangerskapskontrollar for gravide i Ullensvang kommune. Vi følger opp ca 100 gravide kvart år. Odda sjukehus har ikkje fødeavdeling men jordmor har heimevakt for å ivareta beredskap og følgeteneste av fødande til fødeavdeling ved Haugesund sjukehus. Avdelinga har et føderom for å kunne ta hand om akutte fødslar. Vi har barselavdeling og barselpoliklinikk for mor og barn. Jordmortenesta er prega av høg kompetanse med fokus på faglege og dyktige medarbeidarar. Simulering er sett i system og bidrar til å auke og oppretthalde kompetanse. Me har kalenderplan, noko som gir stor fleksibilitet i planlegginga av vakter. Jordmødrene har 4 fagdagar og 6-9 hospiteringsdagar ved fødeavdelinga på Haugesund sjukehus innlagt i kalenderplan. I dag er me 4 jordmødre og 4 barnepleiarar som jobbar ved avdelinga. Det er svært godt samhald og samarbeid mellom jordmødre og barnepleiarar. Me behaldlar kvarandre, pasienter og pårørende med kvalitet, trygghet og respekt. Me har et godt arbeidsmiljø, der alle bidreg for å bevare og videreutvikle arbeidsplassen. Avdelinga er delvis oppussa og har lyse, fine lokale.
Arbeidsoppgåver Svangerskapsomsorg/ jordmorkontrollarBarselomsorgOppfølging av nyfødteOppfølging av mor, barn og den nybakte familien Poliklinisk verksemd tilknytta svangerskap og barselOppfølging av gynekologiske pasientarHeimevakt med beredskap- og følgjetenesteStillinga inngår i i turnus med heimevakt kvar 4. helgTverrfagleg samarbeidDokumentasjon i ulike kliniske system er ein viktig del av jobben som jordmorSom jordmor samarbeider du tett med barnepleiarane i avdelinga. I tillegg er det tett dialog med gynekologar, jordmødre og barnelegar ved Haugesund sjukehus.
Kvalifikasjonar Vi treng deg som: Har gyldig norsk autorisasjon som jordmorErfaring fra barsel- og fødeavdeling vil verta vektlagtGode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar Evne til å arbeide sjølvstendig og i teamEvne til fleksibilitet og oversiktTrives i et aktivt og travelt miljøMotivert til fagleg utvikling
Vi tilbyr Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomstGode pensjons- og forsikringsordningarTriveleg arbeidsmiljøHøgt fagleg nivåEin arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift)Fagleg og personleg utviklingMangfaldserklæringHelse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor Offentlig Sted Sjukehusvegen 10, 5750 Odda Bransje Helse og omsorg Stillingsfunksjon Sykepleier / Jordmor
Nøkkelord Jordmor;, odda
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Britt Elin Opheim Lutro Stillingstittel Funksjonsleder Telefon 46 95 77 39 Send melding
Søk her
Følg firma 142 følger dette firmaet
Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Similar jobs:

Score Tittel
0.95 Jordmor
0.95 Jordmor/sykepleier
0.95 Jordmor
0.94 Jordmor
0.93 Jordmor
0.93 Jordmor
0.93 Sykepleier
0.93 Jordmødre til føde/barsel
0.92 2023/13 - Seniorrådgiver / jordmor
0.92 Jordmor
0.92 Sjukepleiar
0.92 100% fast stilling som jordmor
0.92 Jordmor/sykepleier
0.92 Jordmor
0.92 Jordmor 50% fast stilling - stillingen kan tilrettelegges og kombineres med annen stilling
0.92 Sjukepleiar
0.92 Jordmor Meløy kommune
0.92 Jordmor/helsesykepleier/sykepleier
0.92 Seksjonsleiar føde-barsel i klinikk sjukehuset Nordmøre og Romsdal
0.92 Sykepleier fast stilling
0.92 Beredskapsleiar
0.91 Sjukepleiar/Vernepleiar
0.91 Sykepleier
0.91 Lege i spesialisering - Generell indremedisin
0.91 Lege i spesialisering - Generell indremedisin
0.91 Sjukeheimsoverlege
0.91 Helsefagarbeider
0.91 Fagradiograf mammografi
0.91 Helsesykepleier
0.91 Helsefagarbeider
0.91 Spes.sykepleier/sykepleier
0.91 Fast stilling - Fagansvarleg ingeniør Poliklinikk og PNA
0.91 Jordmor og ultralydjordmor
0.91 Sykepleier
0.91 Sykepleier 100% fast
0.90 Sykepleier
0.90 Psykologspesialist/ psykolog
0.90 Barnevernkonsulent
0.90 Intensivsjukepleiar/ sjukepleiar
0.90 Helsefagarbeider
0.90 100 % fast stilling for helsefagarbeider
0.90 Sykepleier
0.90 Rådgjevar
0.90 Overlege - spesialist i ortopedi
0.90 Fast 100% Helsefagarbeider
0.90 Sekretær
0.90 Sykepleier
0.90 Sykepleier/Helsefagarbeider/sykepleierstudenter
0.90 Barne- og ungdomsarbeider
0.90 Barne-og ungdomsarbeider/assistent
0.90 Helsefagarbeider i hjemmetjenesten
0.90 Fagutviklingssykepleier
0.90 Barn- og ungdoms arbeider
0.90 Sykepleier
0.90 Barnehagemedarbeider
0.90 Er du sykepleier på jakt etter nye utfordringer?
0.90 Intensivsjukepleiar
0.90 Avdelingsleder
0.90 Helsefagarbeider