LIS radiologi
None
Førde
BeskrivelseRadiologisk avdeling, seksjon Førde har ledig faste stillingar som LIS3 radiologi. Tilsetting snarast/etter avtale. Radiologisk avdeling har tre seksjonar: Førde, Lærdal og Eid.Seksjonen i Førde har CT, MR, ultralyd, konvensjonell røntgen, gjennomlysning/angio og mammografi knytt til BDS (Brystdiagnostisk senter). Vi gjennomfører om lag 70 000 undersøkingar og behandlingar årleg. Avdelinga har 70 tilsette, og av desse er 20 legar. LIS inngår i 6-delt vakt med overlege i bakvakt. Noverande arbeidsplan har avspaseringsveke kvar 6. veke.Knytt til utdanninga er det samarbeid mellom sjukehusa i Helse Vest, slik at ein gjennom tenestetid i Helse Bergen vil oppnå alle læringsmål. Nytilsette, utan tidlegare erfaring frå radiologi, vil gå gjennom introduksjonsperiode der det er tett oppfølging frå overlegar. Her kan du sjå ein av våre flinke LIS fortelje litt om kvifor ho valde nettopp radiologi: https://yngreleger.no/artikkel/min-spesialitet-radiologiFøretaket vil tilsetje dei best kvalifiserte søkjarane, og har eit mål om langsiktig rekruttering.ArbeidsoppgåverDiagnostikk og pasientbehandlingGenerell radiologiKvalifikasjonarNorsk autorisasjon som lege, ønskjeleg med godkjend gjennomført turnusteneste (LIS1)Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)Personlege eigenskaparStrukturertPasientorientertSjølvstendigEngasjertBidragsytar til eit godt arbeidsmiljøVi tilbyrGode løns- og arbeidsvilkårGode pensjons- og forsikringsordningarRekrutteringstilleggHjelp med bustad Godt arbeidsmiljø og høgt fagleg fokusIA- bedrift (inkluderande arbeidslivsbedrift) MangfaldserklæringFøretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. KontaktinformasjonTorbjørn Sygna, Overlege, (+47) 57 83 98 78Børge Stavland, Avdelingssjef, (+47) 57 83 93 93ArbeidsstadSvanehaugvegen 26812 FørdeNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4719195078Stillingsprosent: 100%FastStartdato: 06.11.2023Søknadsfrist: 05.11.2023
Svanehaugvegen 2, 6812 FørdeStort kartHybridkartFlyfoto