Rådgivar/seniorrådgivar

Helse Vest RHF
Stavanger
Rådgivar/seniorrådgivar
Arbeidsgiver Helse Vest RHF Stillingstittel Rådgivar/seniorrådgivar Frist 30.10.2023 Ansettelsesform Fast
Vil du vere med å utvikle vareforsyning og logistikk i sjukehusa på Vestlandet?Har du også erfaring med innkjøp, logistikk og varelager? Då kan du vere akkurat den vi leitar etter! Vi har etablert eit felles, regionalt lager, som leverer varer til sjukehusa på Vestlandet. Det regionale lageret skal dei neste åra utvide varesortimentet betydeleg. Du vil få sentrale oppgåver i utviklinga av det regionale lageret, og får jobbe bredt – lokalt, regionalt og nasjonalt. Hos oss i økonomi- og finansavdelinga i Helse Vest RHF venter utfordrande og varierte arbeidsoppgåver, der du sjølv kan vere med og påverke innhaldet i stillinga. Du vil jobbe sjølvstendig, og på same tid bli ein del av eit aktivt og engasjert fagmiljø - og arbeide saman med dyktige kollegaer.Vi er stolte av å vere i front når det gjeld teknologiske løysingar innan lager- og forsyning - og bruker verktøy som SAP S4 HANA, Power BI og Microsoft 365. I starten av 2024 flyttar vi inn i nye og moderne kontorlokale i Stavanger sentrum. Du må rekne med å måtte reise litt i jobben.Vil du vite meir om Helse Vest RHF, så les meir her: Helse-vest.no/om-oss
Arbeidsoppgåver Økonomi- og finansavdelinga vår er organisert i fire team: økonomi og finans, inntekt, rekneskap og eit team som er ansvarleg for system, innkjøp og logistikk. Du vil jobbe i innkjøp- og logistikk teamet. Dei mest sentrale oppgåvene i teamet er både operativ drift og utvikling: planleggje, leie og koordinere arbeidet med å utvide varesortimentet i det regionale lageret, saman med helseføretaka og driftsoperatørfølgje opp leverandørane og ha tett dialog med driftsoperatør, Sykehusinnkjøp, helseføretaka og Helse Vest IKT – og sikre god informasjonsflyt mellom aktøranesikre effektiv vareflyt og god informasjonsflytarbeide med analysar og rapportar innan innkjøp, lager og forsyning ved hjelp av våre IKT-verktøybidra i forbetringsarbeid og delta i saksbehandlingdriftsoppgåver, og vere tett på operativ driftleie og delta i prosjektarbeid regionalt og nasjonalt
Kvalifikasjonar Bli med på laget du som harbachelor/mastergrad frå høgskule/universitet, gjerne med logistikk i fagkombinasjonento til fire års erfaring frå logistikkområdet frå større verksemderer kontaktskapande, pedagogisk og samarbeider godt – også tverrfagleggjennomføringskraft og evne til å skape resultat er strukturert og planmessiggode samarbeids- og kommunikasjonsevner – og god formuleringsevne på norskerfaring frå leiing av prosjektarbeid og kunnskap om prosjektmetodikkerfaring og kunnskap om rapporteringsverktøy, Excel og interesse for å vidareutvikling med ERP/BI-løysingar, fordel med kjennskap til innkjøp, offentlege anskaffingar og systemløysing i SAPVi gler oss til å høyre frå deg!
Om arbeidsgiveren Det regionale helseføretaket Helse Vest har det overordna ansvaret for sjukehusa i Rogaland og Vestland. Oppdraget vårt er å sørgje for at kring 1,1 million innbyggjarar i regionen får dei sjukehustenestene dei har krav på. Saman med sjukehusa våre er vi ei av dei største verksemdene på Vestlandet. I overkant av 30 000 medarbeidarar gir spesialiserte helsetenester innanfor fysisk helse, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, opplæring av pasientar og pårørande, utdanning av helsepersonell og forsking. Vi er om lag 75 medarbeidarar i Helse Vest RHF, og driftsbudsjettet er på om lag 36,5 milliardar kroner. I dag har vi kontor på Forus, mellom Stavanger og Sandnes. Vi flytter til heilt nye og sentrale lokale i Stavanger sentrum i 2024.
Sektor Offentlig Sted Nådlandsbråtet 40, 4034 Stavanger Bransje Transport og logistikk, Helse og omsorg Stillingsfunksjon Innkjøp/forhandling, Rådgivning, Logistikk og lager
Nøkkelord logistikk, innkjøp, forsyning, SAP, PowerBI
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Liv Sundfør Stillingstittel teamleiar innkjøp og logistikk Telefon 41 53 38 21 Kontaktperson Maren Aasland Stillingstittel logistikkleiar Telefon 95 08 96 79
Søk her
Hjemmeside
Følg firma 91 følger dette firmaet
Nådlandsbråtet 40, 4034 Stavanger Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.93 Rådgjevar
0.93 Rådgiver / spesialrådgiver
0.93 Rådgiver/seniorrådgiver
0.93 Rådgjevar
0.92 Rådgiver innkjøp
0.92 Rådgiver/spesialrådgiver
0.92 Rådgjevar / Seniorrådgjevar innan internasjonalisering
0.92 Fag- og kvalitetsrådgiver
0.92 Spesialrådgiver
0.92 Seniorrådgiver
0.92 Rådgiver/Seniorrådgiver
0.92 seniorrådgiver
0.92 Rådgiver
0.91 Medarbeider logistikk
0.91 Rådgiver helse og omsorg
0.91 Rådgiver/seniorrådgiver
0.91 Seniorrådgjevar
0.91 Controllar logistikk
0.91 Spedisjon og logistikk
0.91 Avdelingssjef
0.91 Seniorrådgiver HMS og HR
0.91 Seniorrådgiver
0.91 Arbeidsrett
0.91 Senior IT-konsulent/Rådgiver
0.91 Spesialrådgiver (jurist)
0.91 Senioringeniør/overingeniør/seniorrådgiver/rådgiver store systemer
0.91 Overlege ved Avdeling for Rusmedisin
0.91 Seniorkonsulent/rådgjevar - HMS
0.91 Helsesekretær
0.91 Rådgiver IKT - Prosjektleder/prosjektkoordinator
0.91 Kontor- og administrasjonskonsulent
0.91 Psykologfaglig rådgiver
0.91 Sykepleier fast stilling
0.91 Overlege/bedriftslege
0.91 Samhandlingsoverlege
0.91 Avdelingssjef
0.91 Overlege
0.91 Beredskapsleiar
0.91 Spesialrådgiver SHA
0.91 Administrerende direktør
0.91 HR seniorrådgiver
0.91 Helsesekretær
0.91 Sykepleier/vernepleier/helse- og sosialfaglig bakgrunn
0.91 Spes.sykepleier/sykepleier
0.91 Seniorkonsulent - Nettverksforvaltning
0.90 Produksjonsfarmasøyt
0.90 Sykepleier/Vernepleier
0.90 Sykepleier/vernepleier
0.90 Seniorrådgiver HR
0.90 Sjukepleiar
0.90 Sjukepleiar/Vernepleiar
0.90 Enhetsleder
0.90 Rådgiver - Applikasjonsforvalter
0.90 Rådgiver/seniorrådgiver
0.90 rådgiver/seniorrådgiver
0.90 rådgiver/seniorrådgiver
0.90 Sjukepleiar
0.90 Sekretær
0.90 Seniorrådgiver