Seniorrådgjevar
Vestland fylkeskommune
Bergen
Seniorrådgjevar Sirkulær økonomi
Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Seniorrådgjevar
Frist
10.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Vil du vere med å utvikle ein sterkare sirkulær økonomi i Vestland? Det er eit stort potensial for fleire og betre sirkulære løysingar både i næringslivet og offentleg sektor, mellom sektorar. Da må vi samarbeide på tvers av bedrifter, næringslivsaktørar, forskingsmiljø, utdanningsinstitusjonar og kommunar. Og det må gjerast i samspel med det som skjer i resten av Noreg og ikkje minst i EU. Det er mange aktørar som jobbar på dette feltet. Vestland fylkeskommune har eit særleg ansvar for å setje retning, mobilisere og koordinere. Dette treng vi di hjelp til. I seksjon for forsking, kompetanse og internasjonalisering har vi ledig stilling som rådgjevar på dette feltet.
Arbeidsoppgåver
Vere i dialog med og kople aktørar som jobbar med sirkulære løysingar (og styrke det regionale økosystemet for sirkulær økonomi)Bidra til å utvikle nettverk og arenaer som fremjar samarbeid om sirkulær økonomiEtablere eit felles kunnskapsgrunnlag om status for arbeidet med sirkulær økonomi i VestlandDelta i arbeidet med å få fram meir forsking og utvikling om sirkulær økonomi og sirkulære løysingarAvklare behovet for kompetanse på sirkulære løysingar i næringslivet og kommunaneDelta i internasjonale forum og følgje med på utviklinga på feltetAvdekke behov og bidra til utvikling av relevante verkemidlarArrangere konferansar og samlingar
Kvalifikasjonar
Minimum mastergradKunnskap om sirkulærøkonomi opparbeidd gjennom utdanning og/eller praksisKjennskap til regionale innovasjonssystemKjennskap til forskings- og utdanningssektorenGod kunnskap om næringslivet i VestlandErfaring med å leie prosessar og kople aktørarGod kunnskap i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
Sjølvstendig og initiativrikGode relasjonelle eigenskaparEvne til å kommunisere med ulike grupper og byggje nettverkEvne til å ta ei heilskapleg tilnærming og sjå tematiske koplingarGode analytiske evnerEvne til å raskt setje seg inn i nye fagområde
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljøGode offentlege pensjons- og forsikringsordningarLøn etter avtaleFleksibel arbeidstidStilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd) Andre opplysningar:Dersom du har spørsmål, ta gjerne ein prat med kontaktpersonArbeidsstad i Bergen, Leikanger eller StordAdministrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorskAlle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månaderVi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Sektor
Offentlig
Sted
Agnes Mowinckels gate 5, 5008 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Prosjektledelse,
Analyse
Nøkkelord
sirkulær, økonomi,, nettverksbygging,, internasjonal,, kompetanse,
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Jone Engelsvold
Stillingstittel
Fagkoordinator forsking
Telefon
97 66 04 77
Send melding
Kontaktperson
Kathrin Jakobsen
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
98 25 52 53
Send melding
Søk her
Flere stillinger fra Vestland Fylkeskommune
Følg firma
879 følger dette firmaet
Agnes Mowinckels gate 5, 5008 Bergen