Vil du arbeide med nærings- og samfunnsutvikling?
Arbeidsgiver Vestland fylkeskommune Stillingstittel Utvikling av lokalsamfunn - rådgjevar/seniorrådgjevar Frist 16.10.2023 Ansettelsesform Fast
Vestland fylkeskommune sitt arbeid med nærings- og samfunnsutvikling skal mellom anna bidra til å utvikle og styrke lokalsamfunna i fylket. Arbeidet blir gjort i samarbeid med kommunane, lokale lag og organisasjonar. Fylkeskommunen si rolle i arbeidet er å legge til rette for kunnskapsdeling gjennom møte og nettverk, prosjektarbeid og rådgjeving. I tillegg har vi ulike tilskotsordningar som kommunar og organisasjonar kan søkje støtte frå.Vi søkjer no etter ein ny medarbeidar som saman med kollegar i fylkeskommunen skal ta del i dette arbeidet. Kontorstaden vert Leikanger eller Bergen.Stillinga inngår i seksjon for naturressursar, landbruk og reiseliv, som er ein av fire fagseksjonar i vår avdeling for næring, plan og innovasjon.
Arbeidsoppgåver Prosjektleiar for Liv og lyst, eit program for lag og organisasjonar som ynskjer å utvike staden der dei burTa del i eit prosjekt der målet er å vidareutvikle tenestene våre innan nærings- og samfunnsutviklingArrangere samlingar og nettverk for å utvikle tenester og legge til rette for samarbeidSamle og formidle kunnskap om samfunnsutviklingDelta i andre prosjekt som fylkeskommunen leiar eller er med påStøtte kommunar og andre som arbeider med samfunnsutviklingSakshandsaming og rådgjeving innan nærings- og samfunnsutviklingSkrive saker som skal gje grunnlag for politiske vedtak
Kvalifikasjonar Den som vert tilsett må ha relevant høgare utdanning, helst på masternivå. Søkjarar med høgare utdanning på bachelornivå og med lang og relevant erfaring kan også vere aktuelle for stillinga, men vert då formelt sett tilsett som spesialkonsulent og ikkje som rådgjevar.Det er ein styrke med erfaring eller kjennskap til arbeid med nærings- og/eller samfunnsutvikling.
Personlege eigenskapar Gode samarbeidsevner og positiv innstillingEvne til å ta initiativ og ansvar - og arbeide strukturert og sjølvstendigGod på planleggingSterk evne til gjennomføringKreativ og løysingsorientertGode formidlingsevner, både munnleg og skriftleg
Vi tilbyr faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljøgode offentlege pensjons- og forsikringsordningarløn etter avtalefleksibel arbeidstidstilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)Kontorstaden er fylkeshuset i Leikanger eller Vestlandshuset i BergenAndre opplysningar:Dersom du har spørsmål, ta gjerne ein prat med kontaktperson.Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Sektor Offentlig Sted Askedalen 2, 6863 Leikanger Bransje Offentlig administrasjon Stillingsfunksjon Rådgivning, Saksbehandler, Prosjektledelse
Nøkkelord lokalsamfunn;, samfunnsutvikling;, næringsutvikling;, Vestland
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Endre Høgalmen Stillingstittel Seksjonssjef Telefon 95 20 77 89 Send melding Kontaktperson Kjersti Sognnes Stillingstittel Fagkoordinator Telefon 95 75 87 20 Send melding
Søk her
Flere stillinger fra Vestland Fylkeskommune
Følg firma 880 følger dette firmaet
Askedalen 2, 6863 Leikanger

Similar jobs:

Score Tittel
0.94 Rådgiver kompetanse- og næringsutvikling
0.94 Byggeleiar-vegvedlikehald
0.94 Rådgiver
0.93 Samfunnsutvikling - Prosjektleder for Mangfold og likestilt arbeidsliv
0.93 Rådgjevar/spesialkonsulent bibliotekutvikling
0.93 Seniorrådgjevar
0.93 Kommunalsjef samfunnsutvikling
0.93 Fagleder
0.93 Prosjektleiar
0.92 Seksjonsleder
0.92 to prosjektstillingar
0.92 Kommunalsjef samfunnsutvikling
0.92 Rådgjevar/Forretningsutviklar
0.92 Kontaktlærar
0.92 Byggeleiar støytiltak
0.92 Seniorkonsulent Organisasjonsutvikling
0.92 Rådgjevar - Oppfølgingtenesta
0.92 Prosjektleder
0.92 Rådgiver
0.92 Rådgiver/seniorrådgiver
0.92 Rådgiver samfunnshelse
0.92 Rådgivar/seniorrådgivar - miljøoppfølging næringsliv
0.92 Kunderådgiver
0.92 Kommunalsjef Oppvekst
0.92 Rådgiver / seniorrådgiver - klima og utvikling
0.92 Miljøarbeider
0.92 Fagkonsulent
0.91 Avdelingsleder Tjønnen dagsenter
0.91 Anskaffelses rådgiver
0.91 Politisk rådgiver
0.91 Kontorsjef
0.91 Rådgjevar
0.91 Pedagogisk leder
0.91 Avdelingsleder
0.91 Rådgiver / seniorrådgiver - rovvilt og beitebruk
0.91 Prosjektleder og -utvikler i 100 % stilling
0.91 Natur- og miljøvernrådgiver
0.91 Seniorrådgiver
0.91 Rådgiver - viltforvaltning
0.91 Anskaffelses- og kontraktrådgiver
0.91 Økonomirådgiver
0.91 Næringsrådgjevar
0.91 Rådgiver i byggeprosesseksjonen
0.91 Leder for seksjon strategisk anleggsutvikling
0.91 Løsningsarkitekt
0.91 HR og kontorsjef
0.91 Prosjektleder
0.91 Prosjektleder i Samferdselsavdelingen
0.91 Seniorrådgiver
0.91 Sosialkurator/ Saksbehandler
0.91 Helsefagarbeider
0.91 Rådgiver
0.91 Seksjonsleder kommunikasjon, analyse og arkiv
0.91 Sjauer\Vedlikeholdsarbeider
0.91 Seksjonssjef
0.91 Rådgjevar / Seniorrådgjevar innan internasjonalisering
0.91 Forretningsutvikler
0.91 Har du sosialfaglig kompetanse og et særlig engasjement for barnevern?
0.91 Fagutviklingssykepleier