to prosjektstillingar

Vestland fylkeskommune
Leikanger
To prosjektstillingar
Arbeidsgiver Vestland fylkeskommune Stillingstittel to prosjektstillingar Frist 13.10.2023 Ansettelsesform Prosjekt
Har du lyst til å bidra i arbeidet med å klimaomstille Vestland?Vi søkjer deg som har god kompetanse innan klima og miljø, og som ønskjer å bidra i arbeidet med å klimaomstille Vestland. Vil du samarbeide med kommunane for å få til utsleppsreduksjon eller redusere klimarisiko? Du må vere engasjert og ha gode samarbeidsevner. Vestland fylkeskommune er sentral samarbeidspartnar og pådrivar for utvikling i regionen innan berekraft, klima, stadutvikling, næring, samferdsel, kultur og folkehelse med meir. Fylkestinget vedtok i desember 2022 ein ny regional klimaplan, og arbeidsoppgåvene vil vere å delta i oppfølging av denne planen. Det kritiske oppdraget i klimaplanen er å sikre at vi både reduserer utsleppa våre, tilpassar oss eit klima i endring og tek vare på naturmangfaldet. Vi skal vere ein ansvarleg pådrivar for klimaomstilling, der vi gjennom tverrfagleg samarbeid, kunnskap og handling bidreg til å akselerere det grøne taktskiftet. Har du kompetanse innan klimaområdet, planlegging og/eller systematisk klima- og miljøarbeide, er du engasjert og ønskjer å gjere ein forskjell er du den rette.
Arbeidsoppgåver Mobilisere og motivere til klimaomstilling i kommunaneSamarbeide med kommunar og andre relevante aktørar Rettleie kommunane i klima- og miljøleiing i kommunane Kompetanseheving og erfaringsdeling knytt til utsleppsreduksjon og klimarisikoPlanlegge og gjennomføre møter i klimanettverk for kommunane
Kvalifikasjonar Den som vert til sett må ha:mastergrad i klimaomstilling, arealplanlegging, samfunnsplanlegging eller anna relevant utdanning på masternivå. Anna dokumentert relevant realkompetanse kan erstatte utdanningskravet.klimakompetanse, både knytt til utsleppsreduksjon og klimatilpassingprosesskompetanse Det er ein fordel med:kjennskap til planprosessar, utfordringar og mogelegheiter på kommunalt nivå erfaring frå arbeid med klimaomstilling på lokalt og/eller regionalt nivå
Personlege eigenskapar SamfunnsengasjertMå kunne arbeide sjølvstendig, ta initiativ og leie prosessarGode samarbeids- og kommunikasjonsevnerGod norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
Vi tilbyr Du vil få varierte og givande arbeidsoppgåver, og fagleg utvikling i eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø. Vi er opptekne av at vi skal trivast på jobb, og ha eit godt og uformelt arbeidsmiljø. Slik gjer vi kvarandre gode og skapar engasjement. Elles tilbyr vi:Løn etter avtale Gode forsikrings- og pensjonsvilkårFleksibel arbeidstid Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd) Andre opplysningar:Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.Arbeidsstad er fortrinnsvis Leikanger, eventuelt Bergen. Du må rekne med noko reiseverksemd Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort. Prosjektstillingane er for to år.
Om arbeidsgiveren Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Sektor Offentlig Antall stillinger 2 Sted Askedalen 2, 6863 Leikanger Bransje Offentlig administrasjon Stillingsfunksjon Prosjektledelse
Nøkkelord klimaomstilling;, regional, klimaplan;, klima, og
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Synnøve Stalheim Stillingstittel seksjonssjef Telefon 47 89 72 60 Send melding
Søk her
Flere stillinger fra Vestland Fylkeskommune
Følg firma 880 følger dette firmaet
Askedalen 2, 6863 Leikanger

Similar jobs:

Score Tittel
0.95 Prosjektleiar
0.94 Prosjektleder
0.93 Byggeleiar-vegvedlikehald
0.93 Prosjektleder
0.93 Byggeleiar støytiltak
0.93 Klimarådgivere
0.92 Klimarådgivere
0.92 Prosjektleder
0.92 Utvikling av lokalsamfunn - rådgjevar/seniorrådgjevar
0.92 Miljøarbeider
0.92 Seksjon for berekraftige produkt søker førstekonsulent/rådgjevar
0.92 Prosjektstilling
0.92 Avdelingsleder
0.92 Prosjektleder drift
0.92 Rådgiver for overvann og klimatilpasning
0.92 Prosjektleder
0.92 Rådgiver Bærekraft
0.92 Prosjektleder Vestfold
0.91 Vegplanleggar sør
0.91 Driftsleder ved Stavanger friluftssenter
0.91 Løsningsarkitekt
0.91 Undervisningsstilling - Naturfag
0.91 Prosjekt- og byggjeleiar
0.91 Prosjektleder
0.91 Fagskolen Vestfold og Telemark - Faglærere i Klima, energi og miljø i bygg (KEM)
0.91 Klimarådgiver - 2 års vikariat
0.91 Prosjektleiar
0.91 Prosjektleder
0.91 Prosjektleder for utbyggingsprosjekter
0.91 Prosjektleder/byggeleder
0.91 Natur- og miljøvernrådgiver
0.91 Rådgiver
0.91 Prosjektleder
0.91 Prosjektleder i Samferdselsavdelingen
0.91 Prosjektleder
0.91 Vegplanleggar nord
0.91 Prosjektplanlegger
0.91 Prosjektleder Fus-bedrift
0.91 Utdanningsleiar maskin og prosess
0.91 Prosjektstilling 50 % innenfor videregående opplæring for voksne (VOV)
0.91 Prosjektleder
0.91 Rådgiver innen klima- og miljø i offentlige anskaffelser
0.91 Leder for virksomhetsstyring og bærekraft
0.91 Arealplanlegger
0.91 Miljøarbeider
0.91 Byggeleiar automasjon
0.91 Instruktør/pedagog ved Kompetansesenteret
0.91 Miljøarbeider - Vikariat 61,85%
0.91 Samfunnsutvikling - Prosjektleder for Mangfold og likestilt arbeidsliv
0.91 Seksjonsleder kommunikasjon, analyse og arkiv
0.91 Rådgjevar/spesialkonsulent bibliotekutvikling
0.91 Rådgiver / seniorrådgiver - klima og utvikling
0.91 Leiar
0.91 Prosjektleder
0.91 Miljøveileder
0.91 miljøarbeidere- Tilkallingsvikar
0.91 Seniorrådgjevar
0.91 Miljøarbeider- tilkallingsvikar
0.91 Rådgiver