Vegplanleggar sør
Statens vegvesen
Bergen, Lillehammer, Moss, Skien, Leikanger
Bli med på å forme framtidas transportløysingar!
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Vegplanleggar sør
Frist
09.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statens vegvesen
Om stillingaSom vegplanleggar hos oss vil du arbeide med modellbasert planlegging og prosjektering av veganlegg i alle planfasar, samt oppfølging i byggetid. Du skal og bidra til utarbeiding av teknisk beskrivelse i samsvar med prosesskode og gje innspel til plankart, føresegner og planskildring til reguleringsplan.Andre arbeidsoppgåver er vegfagleg rådgjeving og kvalitetssikring etter lovverk, gjeldande handbøker og standardar.Du får delta i tverrfaglege prosjektgrupper, og bidra til å engasjere og følgje opp eksterne rådgjevarar. Du skal bidra i mange prosjekt, og vil få varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein hektisk arbeidskvardag. Mykje av arbeidet skjer i fellesskap med andre. Vi jobbar mykje digitalt i prosjekta, men du må rekne med noko reiseaktivitet.Stillinga kan lokaliserast i Lillehammer, Moss, Skien, Bergen og Leikanger. Andre kontorstadar der vi har medarbeidarar kan og vere aktuelle, ta kontakt for meir informasjon.Teknisk planlegging er del av fagressursavdelinga på divisjon Drift og vedlikehald. Vi er landsdekkande med 46 medarbeidarar fordelt på 14 kontorstader. Fagområda våre er veg, VA/dren, landskap, grønt, kulturarv, naturmangfald og planleggingsleiing. Les meir om å jobbe i Statens vegvesen og Drift og vedlikehald her. (https://www.vegvesen.no/om-oss/jobb/hvorfor-jobbe-i-statens-vegvesen/ta-vare-pa-vare-veier/)KompetansekravVi ser etter deg som har:minimum 3 års relevant utdanning frå universitet eller høgskule, fortrinnsvis innan veg-/transportplanlegging, bygg og anlegg eller liknande relevant fagkretsminimum 1-2 års relevant erfaring med planlegging/prosjektering av vegsærleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravgode norskkunnskapar, skriftleg og munnlegførarkort kl. BDersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert omsetjing av dine papir og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).Anna ønska relevant kompetanse:erfaring frå bruk av BIM/3D og digital samhandling i modell erfaring med andre aktuelle dataverktøy erfaring med Novapoint/Autocaderfaring innan støy/støyberekningar, skilt, trafikksikkerheit (TS)Det vil også bli lagt vekt på:at du kan jobbe sjølvstendigpraktisk og strukturert tilnærming til oppgåveløysinggode samarbeidsevner og at du kan bidra til eit godt arbeidsmiljøat du er lærevillig og har interesse for å dele kunnskap vidareat du er fleksibel, tek initiativ og er open for nye utfordringarLes dette før du søkjer!Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.Vi tilbyr deg også desse goda:fleksitid og gode ordningar for å avspaseregod pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskassemoglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetgode moglegheiter for fagleg påfyllLønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.Krav til søknadenFyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.Positiv særbehandlingStatens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.Søkjarlista er offentlegDersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.Har du spørsmål om stillinga?Kontakt seksjonsleiar Britt-Laila Jensen tlf. 480 39 185 eller seksjonsleiar Torill Felde tlf. 971 40 861.
Om arbeidsgiveren
Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehald har vi ansvaret for heilårsdrift av riksvegane, inkludert ferjer. Vi vedlikeheld og utviklar vegnettet, og planlegg og gjennomfører utbetringsprosjekt. Drift og vedlikehald har rundt 880 medarbeidar over heile landet, og ein årleg omsetnad på om lag 16 milliardar kroner.
Sektor
Offentlig
Sted
Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
Flere arbeidssteder
2619 Lillehammer,
1530 Moss,
3716 Skien,
6863 Leikanger
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Ingeniør / Samferdselsteknikk og arealplanlegging
Arbeidsspråk
Norsk
Nøkkelord
Vegplanlegging, BIM, Prosjektering, prosjekter, bærekraft
(1/4)
(3/4)
(4/4)
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Torill Felde
Stillingstittel
seksjonsleiar
Send melding
Søk her
Følg firma
3501 følger dette firmaet
Nygårdsgaten 112, 5008 Bergen
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto