Kommunikasjonsrådgjevar
Statens vegvesen
Stavanger
Bli med og skriv samferdslehistorie i Rogaland
Arbeidsgiver
Statens vegvesen
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgjevar
Frist
27.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statens vegvesen
Vil du vere med å forme og utvikle korleis Statens vegvesen kommuniserer rundt nokre av dei største samferdselsprosjekta i landet? Utbyggingsdivisjonen sitt oppdrag er å planlegge og byggje dei største og mest komplekse samferdselsprosjekta i Norge. Det er stor merksemd og interesse rundt det vi driv med. Då trenger vi dyktige kommunikasjonsrådgjevarar som kan støtte divisjonen med å kommunisere ope og proaktivt om kva vi jobbar med, og korleis det påverkar folk.I stillinga som kommunikasjonsrådgjevar vil du inngå i ein stab med 14 andre kommunikasjonsrådgjevarar, i tillegg til å jobbe på tvers med andre kommunikasjonsmiljø i etaten. Vi sit på ulike stader over heile landet og har eit solid og stort fagmiljø med stor variasjon i kompetanse. Vi er som eit fotballag og spelar kvarandre gode fagleg, og legg stor vekt på at vi skal trivast på jobben.Vi leitar etter deg som er nysgjerrig, proaktiv, likar høgt tempo og mykje ansvar. Du lar deg motivere av samfunnsoppdraget vårt, og set pris på ei god historiefortelling.Oppgåver du kjem til å jobbe mykje med:Enkle kommunikasjons- og tiltaksplanar for prosjekta du får ansvar forPressemeldingar, kronikkar, lesarinnlegg og nærinformasjonRådgje ulike prosjekt og fagavdelingar i møte med media og ulike interessentarLage innhald til nettsider, prosjektsider, intranett og sosiale mediaInngå i medievaktordninga vår (kl. 08-15.30 på hverdager)Kontorstad er Stavanger, men du må rekne med ein del reiseaktivitet i jobben. KompetansekravVi ser etter deg som har relevant utdanning på bachelornivå og god erfaring med både strategisk og operativt kommunikasjonsarbeid. Erfaring og interesse for historieforteljing generelt, og samferdsleformidling spesielt, kjem godt med i denne stillinga. Relevant og omfattande erfaring kan kompensere for utdanningskrav.Vi ynskjer at du også har kjennskap til og forståing av offentleg forvalting og politiske prosessar. Du formulerer deg godt, både munnleg og skriftleg, du tenkjer nytt og du er flink til å samarbeide og skape tillitsfulle relasjonar. Samtidig må du vere sjølvstendig og strukturert i arbeidet og ha ein vilje til å stå på.Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Les dette før du søkjer!Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.Vi tilbyr deg også desse goda:fleksitid og gode ordningar for å avspasereintroduksjonsprogram og fadderordninggod pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskassemoglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetgode moglegheiter for fagleg påfyllLønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.Krav til søknadenFyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.Positiv særbehandlingStatens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.Søkjarlista er offentlegDersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.Har du spørsmål om stillinga?Kontakt kommunikasjonsleiar Arne Eithun, tlf. 970 55 223.
Om arbeidsgiveren
Statens vegvesen vil leie an i utviklinga av eit effektivt, sikkert og heilskapleg transportsystem tilpassa morgondagen sine behov og teknologi. Vi bygger, driftar og vedlikeheld riksvegane, og vi tek vare på heilskapen gjennom vårt nasjonale ansvar for beredskap på veg og ved utvikling av tydeleg regelverk og standardar for alle. Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utviklinga av digitale tenester sikrar vi trafikantane smarte, trygge og miljøriktige transportval.Verksemda våre er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks nyetablerte divisjonar.
Nettverk
Facebook
LinkedIn
Twitter
Sektor
Offentlig
Sted
Bergelandsgata 30, 4012 Stavanger
Bransje
Bygg og anlegg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
PR og informasjon,
Rådgivning,
Tekstforfatter
Arbeidsspråk
Norsk
Nøkkelord
pressemelding, innholdsproduksjon, journalistikk, historieforteller, kommunikasjonsstrategi
(1/3)
(2/3)
(3/3)
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Arne Eithun
Stillingstittel
Kommunikasjonsleiar
Mobil
97 05 52 23
Send melding
Søk her
Følg firma
3541 følger dette firmaet
Bergelandsgata 30, 4012 Stavanger
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto