Kontrollingeniør

Statens vegvesen
Voss
Vi treng ny medarbeidar til våre utbetringsprosjekt
Arbeidsgiver Statens vegvesen Stillingstittel Kontrollingeniør Frist 22.10.2023 Ansettelsesform Fast
Bli kjent med Statens vegvesen
Om stillingaTrafikksikkerheit og god framkomst på vegane har stor betydning for næringsliv, privatpersonar og andre vegbrukarar. Drift og vedlikehald er derfor eit viktig satsingsområde for Statens vegvesen. Divisjon drift og vedlikehald har ei rolle som vegeigar for riksvegane inkludert riksvegferjestrekningar, samt vi planlegger og gjennomfører mindre utbyggingsprosjekt.I seksjon plan og utbygging vest 1 har vi ansvar for planlegging og bygging av ulike investerings- og utbetringsprosjekt på riksvegnettet. No søker vi etter ein erfaren kontrollingeniør. Hos oss vil du få ein variert kvardag med mange ulike arbeidsoppgåver og problemstillingar. Du vil jobbe i prosjekt saman med fleire av våre byggeleiarar og prosjektleiarar, for tida hovudsakleg på prosjekt i områda Voss og Hardanger. Vi tilbyr eit godt fagmiljø, og vi vil gje deg god opplæring og oppfølging.Kontorstad vil vere Voss.  Dine arbeidsoppgåver vil blant anna vere: ansvar for utarbeiding av kontrollplanar gjennomføre kontrollar etter fastsatt kontrollplan, rapportere og følgje opp kvalitetvere ein del av byggeleiinga som føl opp kontrakt med entreprenørdelta i ulike møter og vere ute på anleggsstadendelta aktivt i HMS-arbeidetKompetansekravVi ser etter deg som har minimum treårig ingeniørutdanning på universitets- eller høgskolenivå og som har relevant og tverrfagleg erfaring frå bygging av veg.For kandidatar med sterk og allsidig praksis frå dei aktuelle fagområda, eventuelt etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan kravet til utdanning vurderast fråvike.Videre ser vi etter deg som har:Gode IT-ferdigheiterErfaring med GPS og innmålingsutstyrErfaring med masseberegning og modellbasert gjennomføringGod skriftleg og munnleg framstillingsevnePersonlege eigenskapar som gjennomføringsevne og sjølvstendighet vil bli vektlagt.Stillinga krev førarkort klasse B. Dersom du har teke heile eller deler av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetjing av papira dine og godkjenning frå HKDIR (https:hkdir.no/utdanning-fra-utlandet).Les dette før du søkjer!Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidsretta løysingar på ditt fagfelt. Vi gir deg ansvarsfulle oppgåver og du vil få utvikle deg, både fagleg og personleg, i takt med nye utfordringar i samfunnet. Vi tek godt i mot deg, og du blir ein del av eit fellesskap med godt arbeidsmiljø i heile landet.Vi tilbyr deg også desse goda:fleksitid og gode ordningar for å avspaseregod pensjonsordning og moglegheiter for lån i Statens pensjonskassemoglegheit for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetgode moglegheiter for fagleg påfyllLønn blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.Krav til søknadenFyll ut felta "Utdanning" og "Arbeidserfaring" og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.Positiv særbehandlingStatens vegvesen er opptekne av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Vi har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunn, erfaringar, kompetanse og perspektiv for å løysa samfunnsoppdraget vårt. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalla inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylla visse krav. Du kan lesa meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.Søkjarlista er offentlegDersom du ynskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må dette grunngjevast. Viss vi ikkje kan ta ynsket ditt til følgje, tek vi kontakt med deg.Har du spørsmål om stillinga?Kontakt seksjonsleiar Tone Anette Espe tlf. 959 48 075 eller e-post tone.espe@vegvesen.no.
Om arbeidsgiveren Statens vegvesen fører an i utviklinga av eit framtidsretta, effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem. Vi byggjer, driftar og held ved like riksvegane i landet, og vi tar vare på heilskapen gjennom det nasjonale ansvaret vårt for beredskap på veg, og ved utvikling av eit tydeleg regelverk og standardar for alle.Gjennom arbeid og tilsyn med trafikantar og køyretøy, ny teknologi og utvikling av digitale tenester sikrar vi trafikantane og næringslivet ein tryggare, enklare og grønare reisekvardag.Verksemda vår er organisert gjennom Vegdirektoratet og seks divisjonar.Noko av det viktigaste vi gjer for samfunnet og miljøet er å ta vare på det vegnettet vi allereie har. I divisjon Drift og vedlikehold har vi ansvaret for heilårsdrift av riksvegane, inkludert ferjer. Vi vedlikeheld og utviklar vegnettet, og planlegg og gjennomfører utbetringsprosjekt. Drift og vedlikehald har rundt 880 medarbeidar over heile landet, og ein årleg omsetnad på om lag 16 milliardar kroner.
Sektor Offentlig Sted Flyplassvegen, 5705 Voss Bransje Offentlig administrasjon Stillingsfunksjon Ingeniør
Nøkkelord ingeniør, samferdsel, prosjekt, offentlig
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Ingen kontakperson oppgitt Stillingstittel Seksjonsleiar Mobil 95 94 80 75 Send melding
Søk her
Følg firma 3541 følger dette firmaet
Flyplassvegen, 5705 Voss Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.94 Prosjektleder
0.94 Kontrollingeniør automasjon
0.94 Kjøretøykontrollør Notodden
0.94 Er du vår nye tilsynsmedarbeider?
0.94 Utekontrollører Kristiansand og Arendal
0.94 Vegplanleggar sør
0.94 Prosjektleder drift
0.94 Kontrollingeniør innan arbeidsvarsling til å følgje opp Norgeshistorias største samferdselskontrakt
0.93 Kontorsjef
0.93 Vegplanleggar nord
0.93 Kundeveileder / saksbehandler
0.93 Utekontrollør Taraldrud
0.93 Vegplanlegger
0.93 Fagansvarlig Vegvær
0.93 Byggeleiar automasjon
0.93 Kontrollingeniør veg/VA til Norgeshistorias største  samferdselskontrakt -  Sotrasambandet
0.92 VA- ingeniør sør
0.92 Vegplanlegger
0.92 Klimarådgivere
0.92 Teknisk byggjeleiar til å følge opp Norgeshistorias største Samferdselskontrakt - Sotrasambandet
0.92 VA- ingeniør nord
0.92 Klimarådgivere
0.92 Faglig rådgiver GIS/IT
0.92 Byggeleiar-vegvedlikehald
0.92 Seksjonsleder Tunnelgodkjenning
0.92 Kundeveileder/saksbehandler Gjøvik
0.92 Strategisk rådgiver
0.92 Utreder finansiering og strategisk planlegging
0.92 Produkteier
0.92 Prosjektingeniør
0.92 Driftsingeniør/driftsleder Stord
0.91 Kvalitetsansvarlig
0.91 Vedlikeholdstekniker
0.91 Økonomirådgiver
0.91 Billettkontrollør
0.91 Leder - Business Intelligence
0.91 GIS-analytiker
0.91 Kompetanseutvikler
0.91 Prosjektleiar
0.91 Rådgiver
0.91 Kommunikasjonsrådgjevar
0.91 Bruingeniør rehabilitering
0.91 Rådgiver/Ingeniør Byggforvaltning
0.91 Prosjektleder
0.91 Byggeleder
0.91 Prosjektleder for oppgradering av E16 Lærdalstunnelen i Tunneloppgradering vest
0.91 Vedlikehaldsingeniør
0.91 Prosjektleder i Samferdselsavdelingen
0.91 Dokumentkontroller
0.91 Prosjekt- og administrasjonsmedarbeider
0.91 Bruforvalter
0.90 Rådgiver
0.90 Veidekke søker tunneldrivere
0.90 Trikkefører
0.90 Kundeveileder/saksbehandler 60% stilling - Gol
0.90 Prosjektleder
0.90 Byggeleiar støytiltak
0.90 Systemdriftsingeniør
0.90 Dokumentasjonsmedarbeidere