Byggeleiar-vegvedlikehald
Vestland fylkeskommune
Leikanger
Vil du vere med å vedlikehalde vegar i Vestland?
Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Byggeleiar-vegvedlikehald
Frist
29.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Har du kunnskap om oppbygging og utforming av veg, er løysningsorientert, samarbeidsvillig og har lyst på ein variert arbeidskvardag? Då ynskjer vi at du sender inn ein søknad!På avdelinga for infrastruktur og veg tek vi vare på fylkeskommunen sine forvaltningsoppgåver som vegeigar. Vi har ein arbeidskvardag med mange spennande oppgåver innan planlegging, bygging, drift og vedlikehald av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer. Målet vårt er å syte for best mogeleg og trygg framkomst på fylkesvegane. Innafor seksjonen for Vedlikehald, drift og beredskap ligg ansvaret for å drifte og vedlikehalde fylkesvegane. Dette omfattar inspeksjon, planlegging av tiltak, fylgje opp entreprenørar på drift, elektro og vedlikehaldstiltak og fylgje opp økonomi innan tildelte midlar. Seksjonen har eit beredskapsansvar der ein vurderer og set i gang tiltak for å sikre trygge vegar ved uvær, skred eller ?aum.Vedlikehald Nord har ansvar for vedlikehald av vegnettet i nordleg del av Vestland fylke. Vi har tilsette fordelt på kontor i Førde og på Leikanger.Til eininga Vedlikehald Nord er vi på jakt etter ein byggeleiar til vegvedlikeheld med arbeidsstad Leikanger. Kan det vere deg?
Arbeidsoppgåver
fylgje opp konsulentar i prosjekteringsfasen og entreprenørar i byggefasenansvar for at kontraktane vert følgdeansvar for helse, miljø og sikkerheit på oppdraga, og for at ytre miljø vert handtert etter lover og forskrifter.rapporter på økonomi, kvalitet, framdrift og HMS på prosjektainspeksjon og tilstandsvurdering som er grunnlag for vurdering av tiltakbidra i planlegging og prosjektering av tiltakutarbeiding og tildeling av kontraktarVi gjennomfører vedlikehald på alle fylkesvegane nord for Sognefjorden, og noko reising må påreknast.
Kvalifikasjonar
relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule, minimum 3 år. Dersom du har sterk og allsidig praksis og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå utdanningskravet.gode kunnskapar i bruk av IKT-verktøyfleksibel, sjølvstendig og har gode samarbeidsevnerløysingsorienterte og har god gjennomføringsevne. Du må ha førarkort klasse B.Vil du vite meir om stillinga er du velkomen til å ta kontakt med leiar for Vedlikehald Nord; Jorunn Hillestad Sekse.
Vi tilbyr
Hjå oss vil du få arbeide i ei fagleg utfordrande og spennande stilling i eit tverrfagleg miljø. Der vi kan tilby deg ein variert arbeidskvardag med meiningsfulle arbeidsoppgåver, og der du vil få bidra med å sette retning for eininga. For oss er det viktig å bygge eit sterkt fagmiljø, og å ha fokus på ein variert arbeidskvardag og fagleg utvikling. Vi er opptekne av at våre tilsette skal trivast på jobb, og jobbar for eit inkluderande fagmiljø der alle støttar kvarandre. Eininga består av tilsette i alle aldrar, og vi har eit uformelt arbeidsmiljø - noko vi ser som kjekt og fordelaktig!Vi har lågt sjukefråvær på eininga, og skårar godt på arbeidsmiljøundersøkingar. I VLFK har vi gode forsikrings- og pensjonsordningar, og løn vert satt etter avtale.
Anna informasjonAdministrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar i fylkeskommunen blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Stillingstittel vil bli tilpassa til utdanningsnivå.Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å stå på offentleg søkjarliste (offentleglova § 25, 2. ledd). Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vert du alltid varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Sektor
Offentlig
Sted
Askedalen, 6863 Leikanger
Bransje
Annet,
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Annet,
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk
Nøkkelord
samferdsel,, vei,, byggeleder,, bygg,, vedlikehold
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Jorunn Hillestad Sekse
Stillingstittel
leiar - Vedlikehald Nord
Telefon
97 42 52 09
Send melding
Søk her
Flere stillinger fra Vestland Fylkeskommune
Følg firma
896 følger dette firmaet
Askedalen, 6863 Leikanger
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto