Leiar
Vestland fylkeskommune
Bergen
Leiar utgreiing av berekraftig mobilitetstilbod
Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Leiar
Frist
06.11.2023
Ansettelsesform
Fast
Vil du utvikle morgondagens mobilitetstilbod i Vestland? Skyss skal kontinuerleg forbetre mobilitetstilbodet til dei reisande i Vestland, og utnytte dei samla ressursane våre best mogleg. Vårt samfunnsoppdrag er å utvikle mobilitetssystemet slik at vi får grøne reiser og berekraftig samfunnsutvikling i bygd og by. Ryggrada i tenestene er kollektivtilbodet med buss, bybane, båt og ferje. Kombinasjonen av faste linjer og fleksible tenester som til dømes bestillingstransport, kompletterer nettverket og auker kvaliteten, tilgangen og effektiviteten i mobilitetssystemet. Vi skal kutte klimagassutsleppa frå drifta gjennom elektrifisering og omlegging til fornybare drivstoffkjelder, og vere pådrivar for berekraft og sirkulær økonomi gjennom heile verdikjeda.Vi treng ny leiar for vårt fagmiljø for strategisk utgreiing av kollektivnettverket, nye mobilitetstenester og moglegheitene for nullutslepp. Oppgåvene er varierte, og med stor fagleg breidde. Vi søkjer deg som evner å tenke heilskapleg, har god prosessforståing og kan gjere gode vurderingar av korleis vi ivaretek dei mange interessentane i arbeidet. Stillinga inneber personalansvar for ti medarbeidarar. Arbeidsstad er i det nye fylkesbygget i Bergen sentrum.
Ansvarsområdet for faggruppa er utgreiingsarbeid og planlegging knytt til:Strategisk utvikling av det samla mobilitetstilbodet Skyss tilbyr i VestlandMobilitetsanalyse, transportanalyse og utarbeiding av faktagrunnlagPlanar for utvikling av kollektiv- og mobilitetstilbodet i eit langsiktig perspektivStrategi og planar for reduserte utslepp frå kollektivtrafikken gjennom t.d. elektrifisering av transportmidlaArbeid for kollektivtrafikken sitt behov for infrastruktur (t.d. kollektivfelt, terminalar, kaier og haldeplassar).Faggruppa består av høgt kompetente, sjølvstendige og engasjerte medarbeidarar. Leveransane frå faggruppa har strategisk betydning for Skyss, og stor politisk merksemd. Faggruppeleiar vil ha ei viktig rolle med å sørge for koordinering av oppgåvene, kvalitetssikring og gode prosessar for involvering av interessentar. Å skape gode rammer for utvikling av medarbeidarane, trivsel og samhald er sentrale oppgåver. Faggruppeleiaren vil ha personalansvar for medarbeidarane i gruppa og bidra til tverrfagleg samarbeid med andre fagmiljø internt og eksternt.Som faggruppeleiar vil du arbeide tett med avdelingsleiar og andre leiarar i avdelinga og Skyss. Det er også eit godt fagleg nettverk for støtte og erfaringsdeling nasjonalt.
Vi treng deg som har høgare utdanning på masternivå eller tilsvarande frå relevant fagområde. Du må vere strukturert og ha god forståing for prosjekt- og prosessleiing, innsikt i korleis handtere interessentar i prosessane, og god formidlingsevne skriftleg og muntleg. Det er ein fordel (men ikkje eit krav) om du har kjennskap til offentleg forvaltning og styring,kunnskap om samfunnsplanlegging og transport- og mobilitetsplanlegging, kunnskap om omlegging til fornybare energikjelder ogerfaring med korleis digitalisering og store datamengder gir nye moglegheiter for analyse og arbeidsprosessar.
Vi ser etter deg som har:Evne til å omsette strategiske mål i konkrete resultatEvne til å etablere og lande gode prosessar med interne og eksterne samarbeidspartarSamarbeidsvilje, deler kunnskap og involverer andreEngasjement for korleis utvikle medarbeidarar og arbeidsmiljøPågangsmot i møte med krevjande situasjonar,og er open, fleksibel og engasjert.
Hos oss i Skyss kjem du inn i eit sterkt fagmiljø, og eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer. Vi er mange som brenn for å utvikle gode kvardagsreiser for oss som bur og reiser i Vestland! Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad. I tillegg tilbyr vi: god moglegheit for å utvikle seg fagleg,moglegheit for delvis heimekontor og stor fleksibilitet i kvardagen, fleksibel arbeidstidsordning, løn etter avtale,gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår, ogarbeidsstad i det nye fylkesbygget i Bergen sentrum.Dersom du er aktuell for stillinga tilby vi gjerne omvendt referansesjekk gjennom ein prat med aktuelle medarbeidarar/leiarar hos oss.Andre opplysningarAdministrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak vil du alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort
Om arbeidsgiveren
Om SkyssSkyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke. Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon,
Transport og logistikk,
Konsulent og rådgivning,
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Analyse,
Forretningsutvikling og strategi,
Planlegger
Nøkkelord
kollektivtransport;, mobilitet;, utredning;, byutvikling;, samferdsel
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Gudrun Einbu
Stillingstittel
leiar avdeling transporttilbod
Telefon
99 15 80 84
Send melding
Søk her
Flere stillinger fra Vestland Fylkeskommune
Følg firma
896 følger dette firmaet
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto