Utdanningsleiar maskin og prosess
Vestland fylkeskommune
Bergen
Utdanningsleiar maskin og prosess
Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Utdanningsleiar maskin og prosess
Frist
22.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Vil du bli vår nye utdanningsleiar innan maskin og prosess utdanninga vår ved Studiestad Nordnes?Fagskulen VestlandMed snart 2000 studentar er Fagskulen Vestland ein av dei største fagskulane i landet. Fagskulen utdannar mellom anna morgondagens prosjektleiarar og mellomleiarar. Fagskulen Vestland har åtte studiestadar frå Måløy i nord til Stord i sør. Vi er om lag 200 tilsette og har eit utviklingsorientert arbeids- og læringsmiljø. Fagskuleutdanning er ei høgare yrkesfagleg utdanning, som byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse. Vi samarbeider tett med arbeidslivet i Vestland om å utvikle framtidsretta utdanningar, både studium som strekker seg over fleire år og kortare fleksible utdanningar. Vi ligg langt framme når det gjeld bruk av synkron og asynkron undervisning og vi legg stor vekt på å utnytte det digitale framtidsrommet. Skolen utviklar også utdanningar innan omgrepet Industri 4.0, og har moderne utstyr/simulatorar som nyttast i undervisninga. Fagskuleutdanninga har høg arbeidsrelevans og våre uteksaminerte studentar er attraktive i arbeidsmarknaden. Utdanninga gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.Vil du bli vår nye utdanningsleiar innan maskin og prosess utdanninga vår ved Studiestad Nordnes? Avdelinga søkjer ny leiar for maskin og prosess avdelinga. Avdelinga tilbyr maskin utdanning både ved studiestad Nordnes og Stord, ved studiestad Stord har vi eit tett samarbeid med Aker. Avdelinga er sentral i satsinga på industrifagskolen gjennom eit tett samarbeid med arbeidslivet. Utdanningsleiar inngår i prorektor for utdanning si leiargruppe og har medansvar for utvikling av Fagskulen Vestland i samsvar med strategi, målsetjingar og verdigrunnlag for Fagskulen Vestland.
Arbeidsoppgåver
Ansvar for:fagleg og pedagogisk kvalitetutvikle nye utdanningstilbod i samarbeid med arbeidslivetvidareutvikle kontakt med næringsaktørane i regionenstudentane sitt læringsmiljødei økonomiske rammene for einingapersonaloppfølging utvikling av ein god KS kultur ved einingaå legge til rette for digitalisering og nyskaping i utdanninganedelta i nasjonale fora som er relevante for stillinga
Kvalifikasjonar
Utdanning innan eit av fagområda td maskiningeniør, prosessingeniør eller tilsvarandePedagogisk kompetanse er ein føremonn.
Personlege eigenskapar
Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad. Erfaring med leiing frå utdanningsinstitusjonar er eit føremonn.Evne til å ta strategisk og heilskapleg perspektiv Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
Vi tilbyr
Fagleg utvikling, interessante arbeidsoppgåver, lærevillige studentar, hyggelege kollegaer og høve til å knytte gode kontaktar i det lokale næringslivet.I tillegg får du fordelane med å være tilsett i fylkeskommunen, med avtaleverk, rammevilkår, forsikringar og gode pensjonsordningar.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Sektor
Offentlig
Lederkategori
Leder
Sted
Haugeveien 28, 5005 Bergen
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Undervisning og pedagogikk
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Eilert Årseth
Stillingstittel
ass. rektor
Telefon
47 05 92 33
Send melding
Søk her
Flere stillinger fra Vestland Fylkeskommune
Følg firma
896 følger dette firmaet
Haugeveien 28, 5005 Bergen
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto