Reinhaldar, Reinhaldsoperatør
Vestland fylkeskommune
Fana
Reinhaldar, Reinhaldsoperatør
Arbeidsgiver
Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Reinhaldar, Reinhaldsoperatør
Frist
25.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Vestland fylkeskommune søkjar etter reinhaldar.Eigedomsavdelinga er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker. Avdelinga skal ivareta fylkeskommunen sin byggherrefunksjon og er ansvarleg for forvaltning, drift, reinhald, vedlikehald, og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar. Samla areal på eigedomsmassen er ca. 750.000 m², og utgjer vidaregåande skular, tannklinikkar, kollektivanlegg, kultur- og administrasjonsbygg.Eigedomsavdelinga har totalt ca. 370 tilsette. Reinhaldstenesta er delt i 2 regionar og organisert i områder, der reinhaldsleiar har ansvar for 2-4 skuler. Vi har ledig fast 100% stilling som reinhaldar frå 01 desember 2023 i region Nord, for tida med oppmøte ved Stend Vidaregåande skule.Stend vidaregåande skule ligg i Fana bydel i Bergen. På Stend har det vært skuledrift sidan 1866, og har i dag utdanningsprogramma idrett, service og samferdsel og naturbruk. I tillegg har vi allmenn påbygging til studiekompetanse. Skulen er eit eige gardsbruk, og vi har mange ulike læringsarenaer, og stor variasjon i opplæringstilboda. Skulen har omlag 550 elevplassar og 250 tilsette.Vi søkjer etter medarbeidar med kompetanse innan reinhaldsfaget.Vi søkjer primært etter ein person med fagbrev, men søkjarar utan fagbrev kan også vere aktuelle.Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett med arbeidsstad i vidaregåande skule. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Arbeidsoppgåver
Reinhald av skulen sine lokale både med og utan maskinReinhald i regionen ved behov
Kvalifikasjonar
Ønskeleg med fagbrev som reinhaldar.Praktisk yrkeserfaringGode norsk kunnskapar, da arbeidsspråket er norskFørarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Gode kommunikasjonsevner, vere kreativ, påliteleg, initiativrik og serviceinnstiltHa evne til å arbeida sjølvstendig, målretta og samarbeide godt med andre på skulenFleksibelKjennskap til databasert verktøyLike å jobbe blant ungdom
Vi tilbyr
Spennande oppgåverEngasjerte og dyktige medarbeidararGode moglegheiter for fagleg utviklingGode pensjonsordningarLøns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.
Sektor
Offentlig
Sted
Fanavegen 249, 5244 Fana
Bransje
Renovasjon og renhold
Stillingsfunksjon
Renhold
Nøkkelord
Reinhaldar,, Reinhaldsoperatør,, Renholder,, Renholdsoperatør
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Linda Nilsen
Stillingstittel
reinhaldsleiar m/fagbrev
Telefon
48 14 06 51
Send melding
Kontaktperson
Hanne Hougaard Bisgaard
Stillingstittel
leiar
Telefon
95 78 94 00
Søk her
Flere stillinger fra Vestland Fylkeskommune
Følg firma
879 følger dette firmaet
Fanavegen 249, 5244 Fana