Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i planlegging og/eller naturforvalting
Arbeidsgiver Høgskulen på Vestlandet Stillingstittel Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i planlegging og/eller naturforvalting Frist 31.10.2023 Ansettelsesform Fast
Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i planlegging og/eller naturforvalting Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling i 100 % som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor innan fagområde planlegging og/eller naturforvalting ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap, campus SogndalStillinga er knytt til Fakultet for ingeniør- og naturvitskap, Institutt for miljø- og naturvitskap, og arbeidsstaden er campus Sogndal.Ansvars- og arbeidsområde:Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere undervising og rettleiing på bachelor- og masternivå med problemstillingar knytt til arealplanlegging, stadutvikling og klimatilpassing, og korleis ein kan ivareta økosystem og naturmangfald i planlegginga. Aktuelle emne å undervise i er; Arealplanlegging, Reguleringsplanlegging, Miljø- og forvaltningsrett, Kulturminneforvaltning, eller masteremne i Climate Adaptation in Spatial Planning.Instituttet har eit mangfaldig fagmiljø med høg forskingsaktivitet innan natur- og miljøforsking. Vi ønskjer at den som vert tilsett deltek i forskingsarbeid ved instituttet. Instituttet har aktive forskingsgrupper innnan til dømes berekraftig stadutvikling, landskapsplanlegging, klimatilpassing eller juridiske verkemiddel for planlegging.Kvalifikasjonar:Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-02-09-129)   Formell utdanning og kompetanse:For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagd ph.d-grad innan eit av fagområda og for førstelektor dokumentasjon på førstelektorkompetanse innan eit av fagområda til stillingaFor tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha relevant mastergrad innan fagområdet. Interesse og motivasjon for å oppnå førstekompetanse blir vektlagtGod og dokumentert kjennskap til det norske plan- og forvatningssystemetHa kunnskap frå skjeringspunktet mellom arealplanlegging og minst eitt av fagfelta reguleringsplanlegging, miljø- og forvaltingsrett, kulturminneforvaltingGod IKT kunnskapErfaring med bruk av Gisline eller tilsvarande digitale planverktøyUndervisningsspårket er norsk, og søkjar må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk i tillegg til engelskUtdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillingaØnska kvalifikasjonar:Erfaring som planleggarErfaring og kompetanse i bruk av naturbaserte løysingarUndervisningserfaring frå universitet eller høgskuleForskingserfaringPersonlege eigenskapar:Gode samarbeidsevner FleksibelEvne til å ta initiativEngasjement for fagområdeUtdanningsfagleg kompetanse:Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller krava, må fylle dei innan to år. HVL tilbyr kurs i høgskolepedagogikk.For stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med kriteriar for utdanningsfagleg basiskompetanse ved tilsetting og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL (https://www.hvl.no/globalassets/hvl-internett/dokument/kriterier-for-utdanningsfaglig-basiskompetanse-ved-ansettelse-og-opprykk-i-forsteam-2020.pdf) .Korleis søke på stillinga?Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stillinga" på denne sida.Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:vitskapleg arbeid (inntil 15 stk)fullstendig publikasjonslisteattestar og vitnemåldokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse. For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL (https://www.hvl.no/globalassets/hvl-internett/dokument/kriterier-for-utdanningsfaglig-basiskompetanse-ved-ansettelse-og-opprykk-i-forsteam-2020.pdf) .Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje. Søkjarar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (Master / PhD.) er likeverdig med tilsvarande utdanning frå Norge. Sjå www.nokut.no (http://www.nokut.no) for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. Opphalds- og arbeidsløyve i Norge er eit vilkår for å tiltre stillinga. Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. Vi tilbyr:Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasseSpanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utviklingMoglegheit for trening i arbeidstida Stillinga som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode1011/1198/1008 - førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor.Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.Generell informasjon:Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til bruk i handsaming av søknadane.Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:1) Instituttleiar Tarald Seldal     tlf: +47 57 67 62 40     e-post: tarald.seldal@hvl.no Inkludere, utfordre og samhandleLes meir på våre heimesider. (http://www.hvl.no)
Om arbeidsgiveren Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 3260 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning på Stord.Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.Institutt for miljø- og naturvitskap har om lag 300 studentar og 40 tilsette frå 11 nasjonar. Instituttet tilbyr bachelorutdanningar i fornybar energi, geologi og geofare, og landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, masterprogram i Climate Change Management, og semesterprogramma From Mountain to Fjord og Geohazards and Climate Change. Forskinga femner om tema som; energisystem og produksjonsteknologiar, energiøkonomi, berekraftig utvikling, klimaendringar, bre-dynamikk og hydrologi, skred og flaum, berggrunns- og strukturgeologi, økologi, forvaltning og skjøtsel av kulturlandskap, og arealbruk og landskapsøkologi.
Sektor Offentlig Sted Røyrgata 6, 6856 Sogndal Bransje Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon Stillingsfunksjon Arkitekt og planlegging, Arkitekt og planlegging / Arealplanlegger
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Tarald Seldal Stillingstittel Instituttleiar Send melding
Søk her
Hjemmeside Flere stillinger fra Høgskulen på Vestlandet
Følg firma 920 følger dette firmaet
Røyrgata 6, 6856 Sogndal Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.97 Førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i norsk
0.95 Førsteamanuensis/førstelektor i matematikkdidaktikk
0.94 Førsteamanuensis / førstelektor  innan operasjonsjukepleie, campus Førde
0.94 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor innan intensivsjukepleie, campus Bergen
0.94 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor innan operasjonsjukepleie, campus Bergen
0.94 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskolelektor
0.93 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i anestesisjukepleie, campus Bergen
0.93 Stipendiat i universitetspedagogikk
0.92 Stipendiat i areal og eiendom
0.92 Førsteamanuensis/førstelektor i bedriftsøkonomiske fag
0.92 Førsteamanuensis/førstelektor/ universitetslektor i pedagogikk/spesialpedagogikk/ psykologi
0.92 Stipendiatstilling i yrkesdidaktikk
0.92 Undervisningsstilling - Naturfag
0.92 Senioringeniør/overingeniør/seniorrådgiver/rådgiver store systemer
0.92 Rådgjevar / Seniorrådgjevar innan internasjonalisering
0.92 Førsteamanuensis/ universitetslektor i rettsvitenskap
0.92 Revisor
0.91 Førsteamanuensis/ universitetslektor i rettsvitenskap
0.91 Førsteamanuensis/førstelektor i pedagogikk
0.91 Førsteamanuensis grøn samfunnsutvikling
0.91 Lærer matematikk og naturfag
0.91 Lærer matematikk og naturfag
0.91 Førsteamanuensis/professor i matematikk
0.91 Stipendiat i rettsvitenskap
0.91 Førsteamanuensis i spesialpedagogikk/ utdanningsvitenskap/ lesevitenskap
0.91 Førsteamanuensis/førstelektor/ universitetslektor i pedagogikk/spesialpedagogikk/ psykologi
0.91 Prodekan for utdanning
0.91 Byggeleiar-vegvedlikehald
0.90 Førsteamanuensis/førstelektor/universitetslektor i fysisk fostring
0.90 Førsteamanuensis i organisasjon og ledelse
0.90 Natur- og miljøvernrådgiver
0.90 Seniorkonsulent/rådgjevar i praksisadministrasjon, campus Stord
0.90 Prodekan forskning
0.90 Miljøarbeider
0.90 Førsteamanuensis i teatervitskap
0.90 Førstekonsulent/rådgiver studieadministrasjon- vikariat
0.90 Instituttleder ved Institutt for design
0.90 Førsteamanuensis innen bedriftsøkonomi
0.90 Seniorkonsulent/rådgjevar i praksisadministrasjon, campus Sogndal
0.90 Førsteamanuensis i allmenn litteraturvitenskap
0.90 Prosjektleiar
0.90 Studieveileder
0.90 Seksjonsleder ved seksjon for idrett og kroppsøving
0.90 Undervisningsstilling som yrkesfaglærer/allmennlærer/barnehagelærer/spesialpedagog 100% vikariat
0.90 Faglærer
0.90 Instruktør/pedagog ved Kompetansesenteret
0.90 Årsvikariat som faglærer ved avdeling for teknologi og industrifag
0.90 to prosjektstillingar
0.90 Førsteamanuensis/universitetslektor (50 %) i medisin (fagkoordinator kirurgi, Vestlandslegen)
0.90 Studieveileder
0.90 Førstekonsulent / Seniorkonsulent
0.90 Førsteamanuensis/førstelektor/høgskolelektor innen luftmakt
0.90 Professor/Dosent/Førsteamanuensis/førstelektor i psykisk helse og rusarbeid
0.90 Rådgjevar/spesialkonsulent bibliotekutvikling
0.90 Driftsleder ved Stavanger friluftssenter
0.90 Lærer i norsk
0.90 Førsteamanuensis innen barnesykepleie
0.90 Utdanningsleiar maskin og prosess
0.90 Førstekonsulenter for internasjonale utvekslingsstudenter