BeskrivelseUiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Førsteamanuensis i teatervitskapVelkomen som søkjar til ei fast stilling som førsteamanuensis i teatervitskap ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) med oppstart 1. august 2024. Vi søkjer ein teatervitar som kan undervise og forske i teaterhistorie og teatervitskaplege teoriar og metodar, med særleg kjennskap til norsk teaterhistorie og samtidsteater, og som kan samarbeide med teaterlivet i Bergensregionen.LLE har kring 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, kring 40 ph.d.-kandidatar og 7 postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, språkvitskap og teatervitskap.Av dei fast tilsette ved LLE arbeider for tida to innanfor faget teatervitskap. I tillegg er det to ph.d.-stipendiatar i disiplinen. Teaterarkivet som er lokalisert ved Universitetsbiblioteket er og ei viktig samarbeidspartner til fagmiljøet.Arbeidsoppgåver/forskingsområde:Stillinga omfattar undervisning, forsking, formidling og administrasjon. Det blir kravd at den som vert tilsett kan undervise og rettleie innanfor fagets emneportefølje i teatervitskap og utvikle undervisningsopplegg i faget. På lågare grad må kandidaten vere budd på å undervise i heile den faglege breidda som teatervitskap ved UiB femner om: europeisk og norsk teaterhistorie, dramaturgi, framsyningsanalyse og kritikk. På høgre nivå vil det i større utstrekning vere rom for mest undervising på felt der kandidaten har særleg kompetanse.Den som vert tilsett, skal ta del i undervisninga i samsvar med dei studieordningane som gjeld. Arbeidsoppgåvene omfattar undervisning, rettleiing og eksamensarbeid for studentar på alle nivå og innanfor alle program der teatervitskap inngår. Som ein del av arbeidet, kan tilsette bli tildelt undervisings-, rettleiings- og sensoroppgåver innan kompetanseområdet sitt ved andre institutt.Den som tek til i stillinga, har rett og plikt til å drive forsking innanfor sitt fagområde, og vil også ha ulike fagleg-administrative oppgåver. Det er forventa at den som vert tilsett tar ei aktiv rolle innan prosjektutvikling, søking av eksterne midlar og formidling.Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og deltek i instituttet si drift. Det blir kravd at ein rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:Søkjarar må ha forskingskompetanse i teatervitskap eller anna relevant fag tilsvarande norsk doktorgrad.Søkjarane må ha publisert forskingsresultat utover doktorgrad på eit høgt internasjonalt nivå innan teatervitskap. Det er ein føremon med røynsle frå forskingssamarbeid og internasjonalt samarbeid. Dokumentert evne til å initiere forskingsprosjekt og til å skaffe eksterne midlar vert sett på som positivt. Erfaring frå forskingsleiing og -formidling vert òg positivt vektlagt. I vurderinga av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra bli tillagt særleg vekt.Den som vert tilsett, må være kjend og fortruleg med norske teaterhistorie og samtidsteater generelt, og kunne bidra til samarbeid og nettverksbygging med det utøvande teater- og kulturlivet, primært i Bergensregionen. Kandidaten må kunne bidra til dei omstillingsprosessar som faget står i, med blant anna tverrfagleg samarbeid mellom teatervitskap og nærliggande fag.Pedagogisk basisutdanning og erfaring med rettleiing av studentar på universitetsnivå er eit krav for å bli tilsett som førsteamanuensis. Ein må ha gjennomført pedagogisk utdanning, og kunne planlegge, gjennomføre, vurdere og utvikle undervising og rettleiing. Relevante emne saman med praktisk undervisingserfaring kan erstatte universitetspedagogisk utdanning. Den som blir tilsett, vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.Pedagogisk utdanning må bli dokumentert i ein pedagogisk portefølje som inneheld ei dokumentert oversikt av praktisk erfaring og kompetanse i tillegg til ei kort utsegn med refleksjon. Utsegna skal primært beskrive søkjarar sin undervisingsfilosofi og ei vurdering av undervisinga si i forhold til studentar si læring innan høgare utdanning. For meir informasjon om korleis pedagogisk utdanning kan bli dokumentert, klikk her.Universitetet i Bergen legg vekt på kvalifikasjonar innan utdanning for vitskaplege tilsetjingar.Det blir kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjing. Universitetet tilbyr norskkurs for utanlandske tilsette. Søkjarar må også ha utmerkte kunnskapar i engelsk.Den som blir tilsett, må vere godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet si faglege tyngde i åra framover blir difor tillagt vekt.Vi tilbyr:Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.Løn tilsvarande lønnssteg 71-75 (kode 1011) i Statens lønsregulativ. Dette utgjer ei årsløn på 708.000-759.100,- før skatt. Vidare lønnsopprykk skjer etter stillingsansiennitet. Frå løna vert det trekt to prosent som obligatorisk innbetaling for medlemskap i Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.Attraktive forskingsmoglegheiter, inkludert om lag 46 prosent forskingstid i stillinga.  Medlemskap i Statens pensjonskasse.Svært gode karrieremoglegheiter, inkludert høve til å søkje om opprykk til professor. Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).Gode velferdsordningar.Slik søkjer du stillinga:Søknaden skal sendast elektronisk og innan fristen via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida.Søknaden skal innehalde:Søknadsbrev.CV.Vitnemål frå universitet/høgskule og attestar.Namn og kontaktinformasjon på tre referansepersonar.Oversikt over undervisningserfaring og administrativ erfaring og egne forskingsplanar.Dokumentasjon av pedagogiske kvalifikasjonar (utdanning, undervisningspraksis eller anna relevant pedagogisk røynsle).Fullstendig publikasjonsliste.Inntil 5 vitskaplege arbeid (inkl. doktorgradsavhandlinga). I tillegg kan det sendast inntil 5 populærfaglege og praksisretta arbeid, t.d. læremiddel. Den sakkunnige komiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av fleire vitskaplege arbeid frå ein eller fleire av søkjarane.Søknaden med alle vedlegg må vere lasta opp i Jobbnorge innan søknadsfristen, anten som word- eller pdf-fil. Der originalen ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må det leggjast ved attesterte omsetjingar til eit av desse språka.NB: Søknadane blir vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Ulla Kallenbach, tlf. 55 58 24 52, e-post ulla.kallenbach@uib.no, eller instituttleiar Anders Fagerjord, tlf.: 55 58 36 53, e-post anders.fagerjord@uib.no.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her.Rettleiing til utforming av søknad her. Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til fakadm@hf.uib.no.
Christiesgt. 18, 5020 BergenStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.96 Professor/førsteamanuensis i sakprosa
0.95 Førsteamanuensis/universitetslektor (50 %) i medisin (fagkoordinator kirurgi, Vestlandslegen)
0.95 Førsteamanuensis (20 % bistilling) i molekylærbiologi ved Klinisk institutt 2
0.95 Førsteamanuensis/førstelektor i pedagogikk
0.95 Førsteamanuensis innen bedriftsøkonomi
0.95 Førsteamanuensis i allmenn litteraturvitenskap
0.94 Førsteamanuensis eller universitetslektor (10 % bistilling) i medisin (RADIOLOGI) Vestlandslegen
0.94 Førsteamanuensis II (20%) i utøvande musikk, jazzfag/saksofon
0.94 Førsteamanuensis i filosofi (etikk)
0.93 Førsteamanuensis/førstelektor i bedriftsøkonomiske fag
0.93 Professor II/førsteamanuensis II i farmakologi
0.93 Førsteamanuensis i spesialpedagogikk/ utdanningsvitenskap/ lesevitenskap
0.93 Vikariat som førstekonsulent (100 %) i studieseksjonen ved Fakultet for kunst, musikk og design
0.92 Studiekonsulent (førstekonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet - Vikariat
0.92 Professor II eller førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (onkologi)
0.92 Professor II eller førsteamanuensis (10 - 20 % bistilling) i medisin (plastikkirurgi)
0.92 Forsker
0.92 Professor/Dosent/Førsteamanuensis/førstelektor i psykisk helse og rusarbeid
0.92 Forskningsteknikar
0.92 Førsteamanuensis/førstelektor/ universitetslektor i pedagogikk/spesialpedagogikk/ psykologi
0.92 Bibliotekar (vikariat) - Seksjon for bibliotektenester
0.92 Universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (gynekologi og obstetrikk) ved Klinisk institutt 2
0.91 Konsulent ved SV-fakultetet (vikariat 25 %)
0.91 Studieveileder
0.91 Instituttleiar ved Matematisk institutt - åremålsstilling
0.91 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskolelektor
0.91 Førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i norsk
0.91 Førsteamanuensis/ universitetslektor i rettsvitenskap
0.91 Forsker ved Klinisk institutt 2
0.91 Fast 50% stilling som administrasjonskonsulent/førstekonsulent i studieseksjonen ved Fakultet for k
0.91 Førstekonsulent/rådgiver i fellestjenesten for opptak
0.91 Førstekonsulent/rådgiver studieadministrasjon- vikariat
0.91 Professor i veiledningspedagogikk med vekt på forskningsveiledning
0.91 Instituttleder ved Institutt for arkeologi, historie, religionsvitenskap og teologi
0.91 Mellombels forskar
0.91 Førsteamanuensis / førstelektor  innan operasjonsjukepleie, campus Førde
0.91 Studiekonsulent (seniorkonsulent)
0.91 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor innan operasjonsjukepleie, campus Bergen
0.91 Førsteamanuensis/førstelektor i matematikkdidaktikk
0.91 Universitetslektor/førsteamanuensis i klassisk fiolin
0.91 Førsteamanuensis i organisasjon og ledelse
0.91 Førstekonsulent (studieadministrasjon), vikariat
0.91 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor innan intensivsjukepleie, campus Bergen
0.90 Ph.d.- Stipendiat i anvendt økologi
0.90 Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i planlegging og/eller naturforvalting
0.90 Stipendiat i nordisk språkvitskap
0.90 Fagansvarlig for helse- og omsorgsfag ved Universitetsbiblioteket
0.90 Førsteamanuensis innen barnesykepleie
0.90 Universitetslektor/høgskolelærer i sykepleie, Narvik - vikariat for ett år
0.90 Førsteamanuensis/ universitetslektor i rettsvitenskap
0.90 Førsteamanuensis/førstelektor/ universitetslektor i pedagogikk/spesialpedagogikk/ psykologi
0.90 Vikariat i norsk
0.90 Førsteamanuensis/førstelektor/universitetslektor i fysisk fostring
0.90 Barnehagelærer
0.90 Professor II /førsteamanuensis 20 % i psykiatri - BUP, PHA
0.90 Postdoktor
0.90 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i anestesisjukepleie, campus Bergen
0.90 Professor/Førsteamanuensis i skrivekunst
0.90 Rådgjevar