BeskrivelseKunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Forskar Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 2, er det ledig ei fast stilling som forskar (100 %). Stillinga er ekstern finansiert frå Horizon Europe Framework Programme (HORIZON), og er for tida knytt til prosjektet «Colouring the Dark in Flourescence Light (CoDaFLight)». Prosjektet har ei førebels finansiering i to (2) år.Om prosjektet/arbeidsoppgåver:Målet med prosjektet er å utvikle ein neste generasjon sin bileteplattform som er i stand til å avsløre i sanntid ny og meir nøyaktig informasjon om tumorspreiing gjennom eit innovativ tidsdomene fluorescensavbildingsteknologi. Spesifikke mål med stillingaEvaluere neste generasjon sin fluorescerande fargestoff i nye innovative musemodellar for å oppdage metastatisk spreiing in vivoPreklinisk testing av tidsdomene fluorescens bilderettleia kirurgKvalifikasjonar og eigenskapar:Søkjar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgradSøkjar må ha erfaring i arbeid med fluorescerende fargestoff in vitro og in vivoSøkjar må ha ein sterk bakgrunn innan kreftbiologi eller andre kreftrelevante medisinske feltSøkjar må ha FELSA B/C-sertifikat (eller liknande) og må ha erfaring med preklinisk dyrearbeid, spesielt med immundefekte mus vil vere ein føremonnSøkjar må ha erfaring med molekylær avbilding (bioluminescensavbilding, fluorescensavbilding og sanntid fluorescensbilderettleiia kirurgi)Søkjar må ha erfaring i arbeid med humane primære kreftcellerSøkjar må ha erfaring med å utføre kirurgi på mus inkludert ortotopisk injeksjon av primære tumorceller og kirurgisk reseksjon av tumorarSøkjar må ha erfaring med cellekultur, flowcytometri, massecytometri, antistoffkonjugering, proliferasjonsanalyser, cytotoksisitetsanalyserSøkjar må ha erfaring med rådgjeving og skriving av manus og utarbeiding av prosjektsøknadarSøkjar må ha erfaring med rettleiing av masterstudentar og stipendiatarPersonlege eigenskapar, inkludert evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide i ei forskingsgruppe vil verte vurdertSøkjaren må vere motivert og ansvarsmedviten, og ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forskingSøkjar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelskDet er ein føremon om kandidaten har erfaring frå internasjonalt samarbeidVi kan tilby:Spennende utviklingsmuligheter som en del av din rolle i et sterkt fagmiljøLøn for tida kr 635 400 (kode 1109, lønssteg 65) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For søkjarar med spesialitet er løn for tida kr 657 300 (kode 1109, lønssteg 67), brutto pr. år for ei fulltidsstilling. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.Medlemsskap i Statens pensjonskasseGode velferdsordningarSøknaden skal innehalde:Eit søknadsbrev der du skriv om din motivasjon, kvifor du søkjer stillinga og kvifor du passer til denneEi oversikt over utdanning og arbeidserfaring (CV)Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)Publikasjonar, vitskaplege/faglege arbeid du ønskjer at det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 i PDF-format) og ei liste over desseDoktorgradsavhandlinga (i PDF-format)To referansar (namn og kontaktinformasjon)Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som pdf vedlegg til søknadenPå bakgrunn av desse opplysningane vil den sakkunnige komiteen gjere ein gjennomgang av søkjarane. Følgande premiss er lagt til grunn for stillinga som forskar:Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet høyrer inn underLønsutgiftene skal om mogleg vere 100 % eksternt finansiertForskaren skal aktivt bidra med å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelderDet er forventa at forskaren har sin forskingsaktivitet finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren arbeider medInstituttleiar kan pålegge forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjektForskaren kan inneha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiBForskaren har ikkje undervisningsplikt, men forventas å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette inngår som ein naturleg del av forskingsaktiviteten i forskingsgruppaForskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykkGrunnlaget for stillinga opphøyrer dersom prosjektfinansieringa opphøyrer, og ny lov om statens ansatte mv. om oppseiing og fortrinnsrett vil gjerast gjeldande for fast tilsetteGenerell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Emmet Mc Cormack, e-post: emmet.mc.cormack@uib.no eller tlf.: +47 482 03 610.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Jonas Lies vei 87, 5021 BergenStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.96 Forsker
0.95 Mellombels forskar
0.94 Professor II eller førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (onkologi)
0.94 Universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (gynekologi og obstetrikk) ved Klinisk institutt 2
0.94 Postdoktor
0.93 Førsteamanuensis (20 % bistilling) i molekylærbiologi ved Klinisk institutt 2
0.93 Professor II eller førsteamanuensis (10 - 20 % bistilling) i medisin (plastikkirurgi)
0.93 Forskningsteknikar
0.93 Professor II/førsteamanuensis II i farmakologi
0.93 Forskar (mellombels)
0.93 Førsteamanuensis/universitetslektor (50 %) i medisin (fagkoordinator kirurgi, Vestlandslegen)
0.92 Førsteamanuensis eller universitetslektor (10 % bistilling) i medisin (RADIOLOGI) Vestlandslegen
0.92 Forsker (3 år)
0.92 Postdoktor (3 år) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin (CISMAC/BCEPS)
0.92 Stipendiat innen klinisk voksenpsykologi
0.91 Konsulent ved SV-fakultetet (vikariat 25 %)
0.91 Professor/førsteamanuensis i sakprosa
0.91 Forskningssykepleier til Onkologisk avdeling
0.91 Instituttleiar ved Matematisk institutt - åremålsstilling
0.91 Forskningsykepleier
0.91 Rådgjevar ved Institutt for biomedisin
0.91 Førsteamanuensis i teatervitskap
0.91 Ph.d.- Stipendiat i anvendt økologi
0.91 Studiekonsulent (seniorkonsulent)
0.91 Faglig leder/Klinisk ernæringsfysiolog
0.91 Senioringeniør / Overingeniør (Research software development)
0.91 Kreftsjukepleiar/Sjukepleiar
0.91 Helsefagarbeider
0.91 Vikariat som førstekonsulent (100 %) i studieseksjonen ved Fakultet for kunst, musikk og design
0.91 Professor/Dosent/Førsteamanuensis/førstelektor i psykisk helse og rusarbeid
0.91 Studieveileder
0.91 Universitetslektor SKO 1009
0.91 Studiekonsulent (førstekonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet - Vikariat
0.90 Overlege kombinert stilling med åremålsstilling som professor II/førsteamanuensis (nevro)
0.90 Stipendiat i kjønnsstudier
0.90 Forskningstekniker
0.90 Avdelingsingeniør (Jerome)
0.90 Klinisk ernæringsfysiolog
0.90 Research scientist
0.90 Sjukepleiar
0.90 Klinisk stipendiat NVR, Fysikalsk medisin og rehabilitering
0.90 Postdoktor
0.90 Professor II /førsteamanuensis 20 % i nevrologi ved UiO Campus Sør
0.90 Seksjonsleder
0.90 Universitetslektor/høgskolelærer i sykepleie, Narvik - vikariat for ett år
0.90 Stipendiat tilknyttet prosjektet "Akutt nyreskade"
0.90 Stipendiat i nordisk språkvitskap
0.90 Kreftsykepleier
0.90 Bibliotekar (vikariat) - Seksjon for bibliotektenester
0.90 Senioringeniør
0.90 Fagutviklingssykepleier
0.90 Overlege kombinert med professor II/førsteamanuensis
0.90 Klinikksjef
0.90 Kreftsykepleier
0.90 Kreftsjukepleiar/sjukepleiar
0.90 Kvalitetsrådgjevar
0.90 Seniorkonsulent/rådgiver tilknyttet klinisk kompetansesenter, Namsos
0.90 Klinisk monitor/rådgiver
0.90 EU-rådgiver