BeskrivelseKunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Senioringeniør Ved Institutt for informatikk er det ledig ein fast stilling som senioringeniør, delvis finansiert av eksterne midlar dei neste 3,5 åra. Om det ikkje meldar seg kvalifiserte søkjarar til stilling som senioringeniør kan det bli aktuelt å tilsetje ein kandidat i stilling som overingeniør. Krav til kvalifikasjonar og praksis blir i så tilfelle redusert tilsvarande.Stillinga høyrer til forskingsgruppa i fagdidaktikk hos institutt for informatikk. 50% av stillinga er finansiert av instituttet og skal bidra til utvikling av digitale verktøy i didaktikkgruppa. 50 % er finansierte eksternt i de neste 3,5 åra og har fokus på utvikling av forskingsprogramvare i samanheng med automatisert oppdaging av funksjonelle molekyl som eignar seg til dømes i legemiddel eller katalysatorar.Om instituttetDigitalisering av næringsliv, offentleg forvaltning og utdanning gjer at informatikk spelar ei stadig viktigare rolle i samfunnsutviklinga. Forsking og utdanning i informatikk er avgjerande for at den digitale transformasjonen av samfunnet skal lykkast. Institutt for informatikk bidreg til dette gjennom åtte etablerte forskingsgrupper som leverer forsking og utdanning av høg internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon, visualisering og informatikk fagdidaktikk. Instituttet tilbyr utdanning på bachelor-, master- og ph.d.-nivå. På grunn av den sentrale rolla som informatikk spelar i samfunnet, er instituttet i sterk vekst når det gjeld talet på studentar, forskingsretningar og tilsette. Vi har om lag 900 studentar og 150 tilsette, deriblant 37 førsteamanuensar og professorar og 70 stipendiatar. Vi har etablert Computational Biology Unit (CBU) og Center for Data Science (CEDAS) som ei viktig utviding av aktivitetane våre innan forsking og utdanning.Om arbeidsoppgåverDen kunngjorde stillinga er basert i forskingsgruppa fagdidaktikk ved Institutt for informatikk. Gruppa med sine fire faste tilsette er det siste tilskotet til porteføljen til instituttet. Undervisningsansvaret i gruppa omfattar nokre av dei største emna ved UiB, som Introduksjon til programmering, som blir teken av alle studentar ved det naturvitskaplege fakultetet, med rundt 40 gruppeleiarar frå eldre semester som tek ein viktig del i undervisningsverksemda. Hyppigheita av dette kurset, og tala som er involverte, gjer dette til eit interessant og utfordrande bruksområde for automatiserte arbeidsflytar.50 % av stillinga er dedikert til utviklingsoppgåver i gruppa, som skiping og utviding av verktøy som blir brukt til forskings- og undervisningsaktivitetane i gruppa, t.d. eksamensdataanalyse, automatisert køyring av innlevert kode, og system for automatisk retting. Ein del av rolla vil vera t.d. kopling og integrering av dei ulike verktøya som er i bruk i gruppa på ein automatisert måte gjennom deira APIer. Desse verktøya inkluderer virtuelle maskiner på NREC (Norsk forskings- og utdanningssky), kursspesifikke gitlab-repositorier, Canvas læringsstyringssystem (på mitt.uib) og Codegrade-graderingsverktøyet. Du vil også laga dokumentasjon for dei utvikla verktøya, og samhandle med kollegaer på tvers av instituttet som er interessert i å bruka dei.Den andre halvparten av stillinga er tildelt teknologi-konvergensprosjektet Integrated Catalyst Discovery for Biotechnology (iCat4Bio), finansiert av Noregs forskingsråd. Dette prosjektet, som involverer samarbeid med Kjemisk institutt ved UiB så vel som med internasjonale partnarar, har som mål å integrera berekningsmetodar for design av funksjonelle molekyl, spesielt katalysatorar, med robotutstyr og oppsett for sjølvkøyrande laboratorieeksperimenter for å syntetisera, analysera, og testa nye kjemiske samband. Den kombinerte bereknings- /eksperimentelle plattforma vil representera den første konvergerte bereknings- /eksperimentelle teknologien for fullstendig autonom oppdaging av katalysatorar og andre funksjonelle molekyl som kan bidra til å møta store samfunnsutfordringar.Kvalifikasjonar og eigenskaparFor stilling som senioringeniør: du må ha mastergrad i informatikk, eller innan naturvitskap (med dataerfaring) eller tilsvarande. For stilling som overingeniør: du må ha bachelorgrad i informatikk, eller innanfor naturvitskap (med dataerfaring), eller tilsvarande, kombinert med noko relevant praktisk erfaring. For begge roller kan betydeleg praktisk erfaring frå programvare- og systemutvikling, kombinert med relevante kurs, kompensera for mangel på formell grad.Solid erfaring med versjonskontrollsystem som "git" er eit krav.Det krevst noko erfaring frå programvareutvikling i både Python og Java, med inngåande erfaring frå eitt av desse språka.Mange av systemplattformene våre er Linux-baserte, med noko bruk av virtualiseringsteknologi. Solid kunnskap innan begge område er ønskjeleg, men ikkje eit krav.Erfaring frå utvikling av distribuerte system og relevante teknologiar er ein fordel (dvs. meldingskø, batch-køsystem).Tidlegare arbeidserfaring frå eit geografisk distribuert programvareutviklingsteam, i eit fleirkulturelt miljø, er ønskjeleg.Når me utviklar programvareverktøy for oppdaging av nye molekyl, vil grunnleggjande kunnskap innan kjemi eller relaterte felt vera eit pluss, men ikkje eit krav.Søkjarar må meistra engelsk både skriftleg og munnleg.Kunnskapar i norsk eller eit anna skandinavisk språk er ein fordel, men ikkje eit krav.Me forventar entusiasme og sjølvstende, og dessutan evne til å kommunisera godt i eit tverrfagleg team.Søkjarar må kunna jobba sjølvstendig og strukturert og visa gode samarbeidsevner.Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagt. Ambisjonar og potensial vil også telja ved vurdering av kandidatane.Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.Vi tilbyrspennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljøstilling som senioringeniør (kode 1181) i lønssteg 66 -72 for tida kr 646 000 - 720 100,- i det statlege lønsregulativet, alternativt stilling som overingeniør (kode 1087) i lønssteg 62-66 for tida kr 604 900 - 646 000 i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.medlemsskap i Statens pensjonskassegode velferdsordningar Søknaden skal innehaldeCVei kort utgreiing om søkjaren sine interesser og motivasjonen for å søkje stillinga. Nemn også korleis den tidlegare erfaringa di vil bidra til rolla beskrive ovanfor.karakterutskrifter/vitnemål, og relevante sertifikat/kursbevisnamn og kontaktopplysningar til to referansarSøknad og vedlegg med sertifiserte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp hos Jobbnorge.Generell informasjonUtfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Førsteamanuensis David Grellscheid.For HR-relaterte førespurnader, ta kontakt med Karoline Christiansen, karoline.christiansen@uib.no.Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan tilsvarande arbeidsområde ved Institutt for Informatikk eller ved Universitetet i Bergen.Universitetet i Bergen har et mål om at arbeidsstaben skal gjenspeile mangfaldet i befolkninga i størst mogleg grad. Vi oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Universitetet i Bergen legg vekt på å legge arbeidsforholda til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Thormøhlensgate 55, 5008 BergenStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.94 Forskningsteknikar
0.94 Avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør
0.94 Senioringeniør
0.93 Avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør innen automatisering
0.92 Studiekonsulent (seniorkonsulent)
0.92 Forsker
0.92 IT-prosjektleiar (seniorrådgjevar)
0.91 Seniorrådgjevar
0.91 Seniorkonsulent (studieadministrasjonen)
0.91 Driftsutviklar Windows
0.91 Forsker ved Klinisk institutt 2
0.91 Teknisk prosjektadministrator ved IT-avdelinga
0.91 Driftsteknikar (med fagbrev)
0.90 PhD Research Fellow in Software Engineering
0.90 Professor II/førsteamanuensis II i farmakologi
0.90 Førsteamanuensis (20 % bistilling) i molekylærbiologi ved Klinisk institutt 2
0.90 Overingeniør / senioringeniør / sjefingeniør / rådgiver / seniorrådgiver
0.90 Forskar (mellombels)
0.90 Overingeniør / Senioringeniør
0.90 Senior Ingeniør Teknisk Sikkerhet
0.90 Rådgjevar/seniorrådgjevar for eksternfinansierte prosjekt ved UiB ved Seksjon for prosjektøkonomi
0.90 Fagbioingeniør
0.90 Mellombels forskar
0.90 Avdelingsingeniør (Jerome)
0.90 Forsker (3 år)
0.90 Senioringeniør/overingeniør/seniorrådgiver/rådgiver store systemer
0.90 Førsteamanuensis/universitetslektor (50 %) i medisin (fagkoordinator kirurgi, Vestlandslegen)
0.90 Ingeniør/Bioingeniør
0.90 Bioingeniør
0.90 seniorrådgiver cybersikkerhet
0.90 100% fast stilling bioingeniør
0.90 Rådgjevar
0.90 Førsteamanuensis i teatervitskap
0.90 Research scientist
0.90 Professor/førsteamanuensis i sakprosa
0.90 Instituttleiar ved Matematisk institutt - åremålsstilling
0.89 Bioingeniør
0.89 Postdoktor
0.89 Ph.d.- Stipendiat i anvendt økologi
0.89 Studieveileder
0.89 Seniorkonsulent
0.89 Bioingeniør
0.89 Fagansvarlig bioingeniør
0.89 Professor II eller førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (onkologi)
0.89 Fagansvarlig bioingeniør
0.89 Seniorrådgiver utvikling og eksperimentering
0.89 Konsulent ved SV-fakultetet (vikariat 25 %)
0.89 Overingeniør innen feltbiologi
0.89 Seniorkonsulent  / Rådgiver
0.89 Førsteamanuensis eller universitetslektor (10 % bistilling) i medisin (RADIOLOGI) Vestlandslegen
0.89 Elektroingeniør
0.89 Professor II eller førsteamanuensis (10 - 20 % bistilling) i medisin (plastikkirurgi)
0.89 Førsteamanuensis/førstelektor i pedagogikk
0.89 Sivilingeniør/ingeniør
0.89 Seniorkonsulent