Rådgjevar/seniorrådgjevar for eksternfinansierte prosjekt ved UiB ved Seksjon for prosjektøkonomi
Arbeidsgiver Universitetet i Bergen Stillingstittel Rådgjevar/seniorrådgjevar for eksternfinansierte prosjekt ved UiB ved Seksjon for prosjektøkonomi Frist 05.11.2023 Ansettelsesform Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Rådgjevar/seniorrådgjevar for eksternfinansierte prosjekt ved UiB ved Seksjon for prosjektøkonomi Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Om stillinga:Ved Økonomiavdelinga, Seksjon for prosjektøkonomi er det ledig ei fast 100% stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar for eksternfinansierte prosjekt ved UiB.Eit strategisk satsingsområde for UiB er å auke den eksternt finansierte prosjektporteføljen som per dags dato er på ca 1,3 milliardar kroner. Som vår nye medarbeidar vil du bli ein del av Seksjon for prosjektøkonomi, som er eit team på 11 medarbeidarar som skal bistå UiB i denne satsinga. Stillinga inngår også i UiBs tverrfaglege BOA-team (Bidrag og Oppdrags Aktivitet - ekstern finansiering) som er ein matriseorganisasjon med medlemmer frå alle dei sentraladministrative avdelingane.Seksjon for prosjektøkonomi arbeider med økonomioppgåver i alle prosjektfasar, frå mobilisering av søknadsaktivitet til prosjektavslutning, og i samarbeid både med BOA-teamet og fagmiljøa. Ein må ofte jobbe tett med dei vitskapelege tilsette på UiB, og til tider også med forskarar både nasjonalt og internasjonalt, og ein får dermed innsikt i ein del av den interessante forskinga som skjer. I tillegg arbeider seksjonen med generell rådgiving og opplæring innan ekstern finansiering. Stillinga har stor variasjon i arbeidsoppgåver, og det vil være god anledning til å bidra til å løyse spennande og utfordrande oppgåver.Dei to største eksterne finansieringskjeldene til UiB er Norges Forskningsråd og EU via sine rammeprogram, men universitetet har og ei rekke andre finansieringskjelder innan forsking-, utdanning og innovasjon.Arbeidsoppgåver:Økonomisk og administrativ oppfølging av den ekstern finansierte prosjektporteføljen ved UiB Rådgjeving til fagmiljøa i alle prosjektfasane frå mobilisering, søknad, kontrakt, drift og til avslutning Vere fagekspert ved UiB på utvalde finansieringskjelder Bidra til å vidareutvikle og digitalisere prosessar innafor prosjektøkonomi- og administrasjonOpplæring av administrasjons- og prosjektleiarar, økonomar og andre rådgjevararUtarbeide og forbetre rutinar for internkontroll Kvalifikasjonar og eigenskapar:KvalifikasjonskravHøgare utdanning innan økonomi og administrasjon fortrinnsvis på masternivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.Minimum 5 års erfaring frå økonomioppfølging og rådgjeving i større verksemder Erfaring frå å sette seg inn i komplekse regelverk Svært god skriftleg og munnleg framstillings- og kommunikasjonsevne både på norsk og engelsk   God rekneskaps- og tall-forståing God digital kompetanseGode ferdigheiter i bruk av ExcelØnska kvalifikasjonarKjennskap til EUs forskingsprogram og Norges Forskningsråd er ein styrkeKjennskap til Unit4-ERP eller liknande system er ein føremonPersonlege eigenskaparDu er motivert for å jobbe med økonomi og administrasjon i eksternt finansierte prosjektDu er serviceinnstilt og tar initiativDu samarbeider godt med andre, innan same fag og på tvers av fagDu er sjølvstendig og drivande i prosessar når det trengs Du trivest med å handtere mange oppgåver samtidig, planlagde og uforutsetteDu vil bidra til det faglege og sosiale fellesskapet Ved vurdering av den best kvalifiserte vil det verte lagt vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt motivasjon for stillinga.Vi kan tilby:Spanande, varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø Stilling som rådgjevar (kode 1434) i årsløn frå kr. 615 700 - 759 100 eller seniorrådgjevar (kode 1364) kr. 657 300 - 821 100 etter avtale avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.Fleksibel arbeidstid Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonsleiar Kari Eidsheim tlf. 41 50 64 22, e-post: kari.eidsheim@uib.no Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om Økonomiavdelinga her.
Sektor Offentlig Sted Nygårdsgaten 5, 5020 Bergen Bransje Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon Stillingsfunksjon Rådgivning, Økonomi og regnskap / Controller, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Ingen kontakperson oppgitt
Søk her
Hjemmeside Flere stillinger fra Universitetet i Bergen
Følg firma 1098 følger dette firmaet
Nygårdsgaten 5, 5020 Bergen Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.95 Seniorrådgjevar
0.94 Rådgiver prosjektøkonom (fast og vikariat)
0.94 Rådgjevar
0.94 IT-prosjektleiar (seniorrådgjevar)
0.91 Senioringeniør
0.91 Seniorkonsulent  / Rådgiver
0.91 Avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør
0.91 Teknisk prosjektadministrator ved IT-avdelinga
0.91 Seniorkonsulenter/rådgivere
0.91 Rådgjevar / Seniorrådgjevar innan internasjonalisering
0.91 Rådgiver/seniorrådgiver
0.91 Rådgjevar ved Institutt for biomedisin
0.91 Seniorrådgjevar
0.91 Seniorrådgiver
0.91 Seniorrådgiver
0.91 Forskar (mellombels)
0.91 Leder ved Seksjon for virksomhets- og økonomistyring ved UiO
0.91 Seniorkonsulent ved Seksjon for lønn
0.90 Siviløkonom/ samfunnsøkonom/ statsviter
0.90 Rådgiver / seniorrådgiver driftsøkonomisk analyse
0.90 Rådgjevar/seniorrådgjevar - forureining
0.90 rådgiver/seniorrådgiver
0.90 Økonom - rådgiver/seniorrådgiver
0.90 Har du lyst til å jobbe med lønnsnær HR på UiB?
0.90 Rådgiver/spesialrådgiver
0.90 rådgiver/seniorrådgiver
0.90 Rådgiver/seniorrådgiver - jurist
0.90 Seniorkonsulent økonomi og administrasjon
0.90 Senioringeniør / Overingeniør (Research software development)
0.90 Rådgiver innen prosjektstøtte
0.90 Førsteamanuensis/førstelektor i bedriftsøkonomiske fag
0.90 Rådgiver/Seniorrådgiver
0.90 Seniorrådgiver
0.90 Rådgjevar
0.89 Seniorkonsulent (studieadministrasjonen)
0.89 Rådgiver/seniorrådgiver
0.89 Rådgiver/seniorrådgiver
0.89 Driftsteknikar (med fagbrev)
0.89 Avdelingsleder
0.89 Rådgiver
0.89 Økonomirådgiver
0.89 Driftsutviklar Windows
0.89 Seniorrådgiver
0.89 Lønnskonsulent
0.89 Seniorrådgiver dokumentforvaltning
0.89 Seniorrådgiver HR
0.89 rådgiver/ seniorrådgiver
0.89 Senior stabsoffiser leveranseansvarlig
0.89 Seniorrådgiver
0.89 Senior stabsoffiser leveranseansvarlig
0.89 Studiekonsulent (seniorkonsulent)
0.89 Seniorrådgiver, leveranseansvarlig
0.89 Prosjektleiar
0.89 Juridisk rådgiver/seniorrådgiver innen vergemålsområdet?
0.89 Kommunikasjonsdirektør
0.89 Senior stabsoffiser, controller
0.89 Økonomirådgiver
0.89 Vi søker rådgiver/seniorrådgiver (jurist) til sosialseksjonen hos Statsforvalteren i Oslo og Viken
0.89 HR seniorrådgiver