Rådgjevar/seniorrådgjevar - forureining
Statsforvaltaren i Vestland
Leikanger, Bergen
Rådgjevar/seniorrådgjevar - forureining
Arbeidsgiver
Statsforvaltaren i Vestland
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar - forureining
Frist
31.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Statsforvaltaren i Vestland
Rådgjevar/seniorrådgjevar - forureining
Om stillingaHar du lyst å jobbe med forureiningssaker? Miljøavdelinga har ledig ei fast stilling som rådgjevar/overingeniør eller senioringeniør/seniorrådgjevar på forureiningsseksjonen. Det vil vere søkjarane sine kvalifikasjonar og preferansar som vil bestemme kva kontorstad stillinga vil bli knytt til (Bergen eller Leikanger). Statsforvaltaren er styresmakt for ulike avfalls- og industribransjar, der vi gjennomfører sakshandsaming og tilsyn etter forureiningslova for desse bransjane.Statsforvaltaren i Vestland har seks avdelingar med ei brei oppgåveportefølje, og du vil få ein variert og spennande arbeidskvardag hjå oss. Miljøavdelinga vert leia frå Bergen og har i dag 46 tilsette i to seksjonar, naturmangfald og forureining, med kontor på Leikanger og i Bergen. Søknadsfristen er 31. oktober 2023.ArbeidsoppgåverHandsame søknadar om utslepp frå industri, mellom anna næringsmiddel, inkludert fiskeforedling, akvakultur, kommunalt avløp og kjemisk og mekanisk industriGjennomføre tilsyn etter forureiningsregelverketGodkjenne eigenkontrollrapportar frå verksemdene og kommunaneHandsame klager på kommunale vedtak og forureiningHa kontakt med andre sektorstyresmakter, direktorat og organisasjonarRettleiie offentlege og private aktørar om miljøregelverketVi har eit breitt arbeidsfelt og jobbar med mange spennande fagområde. Tilsyn og sakshandsaming gjeld alle typar utslepp og aktivitetar regulert av forureiningslova. Andre oppgåver innan miljøforvaltning kan og bli aktuelle. Det må påreknast ein del reiseverksemd rundt i fylket.KvalifikasjonarRelevant høgare teknisk eller naturfagleg utdanningDet vil vere ein fordel med relevant erfaring frå offentleg miljøforvaltningFørarkort klasse BPersonlege eigenskaparStrukturert, sjølvstendig og pliktoppfyllandeFleksibel og positivt innstilt til å arbeide med ulike oppgåver innan forureiningOmgjengeleg i samarbeid med andreGode kommunikasjonsevnerEvne til å ta initiativ og gjennomføringsevneGod munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk (nynorsk)Som tilsett hos Statsforvaltaren får duinteressante arbeidsoppgåverein arbeidsplass i utviklingeit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljømedlemskap i Statens pensjonskasse (https://www.spk.no/) som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningarfleksibel arbeidstidVilkår:Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 550 000-650 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn. Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne. Dei første seks månadane er prøvetid.Tenestemålet er nynorsk.Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.Nærare opplysningar om stillinga får du avmiljødirektør Kjell Kvingedal på telefon 55 57 23 12/mobil 975 04 050 eller e-post kjell.kvingedal@statsforvalteren.noseksjonsleiar Sissel Storebø på telefon 55 57 23 17/mobil 928 27 86 eller e-post sissel.storebo@statsforvalteren.no
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
Sektor
Offentlig
Sted
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
Flere arbeidssteder
6863 Leikanger,
5015 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / Vann- og miljøteknikk,
Saksbehandler
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Statsforvalteren i Vestland
Følg firma
341 følger dette firmaet
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto