Rådgjevar miljø/landbruk 100% fast
Øygarden kommune Byggesak, tilsyn og miljøforvaltning
Straume
Rådgjevar miljø/landbruk 100% fast
Arbeidsgiver
Øygarden kommune Byggesak, tilsyn og miljøforvaltning
Stillingstittel
Rådgjevar miljø/landbruk 100% fast
Frist
11.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Rådgjevar miljø/landbruk 100% fast Byggesak, tilsyn og miljøforvaltningØygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet. Om avdelinga: Eininga byggesak, tilsyn og miljøforvaltning består av dei to avdelingane klage, tilsyn og miljøforvaltning og dele- og byggesak. Faggruppa for miljø og landbruk ligg inn under avdelinga klage, tilsyn og miljøforvaltning, og består av fire stillingsheimlar. Faggruppa har ansvar for miljø, landbruk, forureining, skogbruk, viltforvaltning, vatn og avlaup mm. Arbeidsoppgåver: Landbrukssaker, mellom anna jordtippar, saker etter jordlova, landbruksveg, nydyrking, bakkeplanering og konsesjonKan verte aktuelt med tilskotsordningar i landbruketKan verte aktuelt med andre oppgåver i faggruppa som miljøsaker, forureining, skog, viltforvaltning, vatn og avlaup mm. Kvalifikasjonar: Må ha: Bachelor eller anna relevant høgare utdanning som td. naturvitskap, miljø, landbruk eller rettsvitskap Ønskjeleg med: Relevant erfaring frå fagfeltaKjennskap til relevante regelverk som jordlova, konsesjonslova mm.Førarkort klasse B Personlege eigenskapar: Gode samarbeids- og kommunikasjonsevnerGod skriftleg og munnleg norskkunnskapGode datakunnskaparEvne til å arbeide nøyaktig, sjølvstendig og effektivtMå meistre å arbeide under hogt tempo med mange oppgåverServiceinnstilt Å vere personleg eigna vert særskild vektlagt. Anna: Tiltreding snarleg Vi tilbyr:Gode moglegheitar for heimekontorGode pensjons- og forsikringsordningarIA-bedriftMotiverte og kunnskapsrike kollegaerInteressante utfordringarHøve til fagleg og personleg utvikling Kontakt: Avdelingsleiar Christer Garmann, tlf. 56 16 01 51 eller e-post Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Om arbeidsgiveren
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Sektor
Offentlig
Sted
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
Bransje
Jordbruk og skogbruk
Stillingsfunksjon
Rådgivning
Nøkkelord
landbruk, miljø, skogbruk, vatn, avløp
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Christer Garmann
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Øygarden Kommune
Følg firma
281 følger dette firmaet
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume