Nyoppretta 100 % fast rådgjevarstilling
Øygarden kommune Helse og velferd
Straume
Kan du sjå for deg ein jobb der du bidreg til å løyse eit av vår tids viktigaste samfunnsoppdrag?
Arbeidsgiver
Øygarden kommune Helse og velferd
Stillingstittel
Nyoppretta 100 % fast rådgjevarstilling
Frist
09.10.2023
Ansettelsesform
Fast
Vil du bli med på laget vårt så vi saman kan arbeida for å skapa attraktive arbeidsplassar og gode framtidsretta helsetenester?Rett kompetanse, gode bemanningsplanar, trygge arbeidsstader i gode fagmiljø, og tilsette som trivast i sitt arbeid vil vera avgjerande for å kunne gje innbyggarane gode framtidsretta helsetenester. Øygarden kommune har over mange år arbeida med heiltidskultur og tiltak for å behalde og rekruttera helsepersonell. Frå hausten 2023 skal vi arbeida meir målretta og intensivera innsatsen for å oppnå ønska resultat. Rådgjevar innan dette feltet er ei nyoppretta stilling, og arbeid med heiltidskultursatsing vil påverke innhald i stillinga. Stillinga er i stab til kommunalsjef for Helse og velferd, og vi er lokalisert på Straume rådhus.Våre verdiar er: Stolt- På lag- Modig- Med glødVi kan tilby deg:Interessante og varierte oppgåverEit godt arbeidsmiljøGod kollegastøtte i eit sterkt fagmiljøLøn etter avtale og gode forsikringsordningarFleksibel arbeidstid med høve til heimekontorHøve til fagleg og personleg utviklingI stab er vi i dag 9 personar med ulik kompetanse innan HR, økonomi, prosjektleiing, utvikling og drift, og alle er knytt opp mot kommunalsjef for Helse og velferd. Vi har god kompetanse og kunnskap om korleis vi kan skapa heiltidskultur, har kjennskap til ulike arbeidstidsordningar, har god oversikt over lov og avtaleverk, og har allereie sett i gang fleire tiltak.Og no treng vi deg som kan hjelpe oss å med å rekruttera og behalde helsepersonell og tenkje nye tankar kring dette. Vi skal arbeida saman får å nå måla, og er opptatt av å nytte kvarandre sin kompetanse i utvikling av heiltidskultur. Viktige strategiar i arbeidet vil vera å nytte dei ressursane vi har opp mot den kompetansen det er behov for i tenesta, kompetanseheving, omdømebygging, digitalisering, sjå på ulike arbeidstidsordningar og å finne nye gode løysingar.Har du interesse og erfaring med dette arbeidet vil du vera ei viktig bidragsytar for oss til å påverka heiltidskulturen i Øygarden kommune.Synast du dette høyrast spennande ut håpar vi at du søkjer på stillinga og blir vår nye kollega.Kvalifikasjonar: Relevant høgare utdanning innan HR/organisasjonspsykologi/marknadsføring eller tilsvarande retning (Deler av utdanningskravet kan kompenserast av lang realkompetanse innan fagfelt personal/HR )God forståing av lov og avtaleverkErfaring med eit eller fleire område nemnd i utlysingstekstGode IKT ferdighetarGod munnleg og skriftleg kommunikasjonsevneMå kunne arbeida strukturert med god gjennomføringsevneØnskjeleg med: Erfaring med endringsarbeidErfaring med arbeidstidsordningar og bemanningsplanleggingGod kjennskap til kommunale tenester, særleg innan Helse og velferdErfaring med og kjennskap til offentleg sektor og arbeid med heiltidskulturGod kjennskap til planlegging av arbeidstid i turnusPersonlege eigenskapar: Du er nysgjerrig på nye måtar å arbeida påDu er sjølvstendig, likar å ta initiativ og er ein pådrivar for utvikling Du er systematisk, samtidig som du løyser oppgåvene effektivtDu er positiv, yter god service og er fleksibelDu samarbeider godt med andre og er løysingsorientertPersonleg eigna til stillinga vil bli høgt vektlagtKontaktperson:Tove Helleland, assisterande kommunalsjef Helse og velferd, Tlf. 99707128,epost: tove.helleland@oygarden.kommune.noAnne Heidi Midtun, Fagleiar HR helse og velferd, Tlf. 986 39 579,epost: anne.midtun@oygarden.kommune.no
Om arbeidsgiveren
Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med omlag 39 300 innbyggjarar og 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk.Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.
Sektor
Offentlig
Sted
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume
Bransje
HR, organisasjonsutvikling og rekruttering
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering,
Rådgivning
Nøkkelord
Rådgjevar, Rådgiver, Helsepersonell, HR
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Anne Heidi Midtun
Telefon
98 63 95 79
Kontaktperson
Tove Helleland
Telefon
99 70 71 28
Søk her
Hjemmeside
Flere stillinger fra Øygarden Kommune
Følg firma
281 følger dette firmaet
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume