Seniorrådgjevar

Universitetet i Bergen
Bergen
Seniorrådgjevar
Arbeidsgiver Universitetet i Bergen Stillingstittel Seniorrådgjevar Frist 27.10.2023 Ansettelsesform Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Seniorrådgjevar - regionalt samarbeid Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Seniorrådgjevar - regionalt samarbeidUniversitetet i Bergen og Vestland fylkeskommune har signert ein samarbeidsavtale som skal bidra til å utvikle og styrke samarbeidet om forsking, innovasjon og nyskaping innan grøn omstilling i Vestland. Hovudformålet er å posisjonere Vestland inn mot samarbeidsalliansar og plattformar i EU. For å lukkast i dette arbeidet lyser vi ut ei ny og spanande stilling for deg som brenn for å følgje opp dette samarbeidet i regionen og mellom Vestland og Europa.AnsvarsområderVi ser etter deg som blir motivert av å byggje nettverk og partnarskap saman med aktørar, lokalt, regionalt og internasjonalt, og på tvers av ulike sektorar. Du må kunne arbeide strategisk og langsiktig, og posisjonere Vestland i relevante europeiske nettverk og konsortium. Vi ynskjer at du utviklar eit tett og godt samarbeid med den faglege og administrative leiinga og relevante fagmiljø ved UiB og Vestland fylkeskommune, og at du  nyttar møteplassar og nettverk som finnast i regionen. Arbeidsoppgåvene vil med anna vere å løfte utfordringar vi jobbar med i regionen, knyte kontaktar med dei riktige partnarane i Europa og kople på regionale aktørar. UiB og Vestland fylkeskommune er representerte i Brussel gjennom UiBs brusselkontor  og Vest-Norges brusselkontor. Desse kontora blir viktige samarbeidspartnarar for å finne fram til relevante  europeiske nettverk, og knytte kontaktar i EU-systemet.  Den daglege arbeidsstaden blir ved Forskings- og innovasjonsavdelinga ved UiB. Til dagleg vil du rapportere til leiinga ved denne avdelinga. Her vil du dra nytte av å jobbe saman med eit team av svært kompetente og engasjerte medarbeidarar, og delta i  utviklingsprosessar knytt til grøn omstilling ved UiB og i Vestland fylkeskommune.Kvalifikasjonar og eigenskapar:Kvalifikasjonar:Vi ynskjer at du har kompetanse på minst masternivå. Lang og relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanningDu må ha god kjennskap til regionalt næringsliv, og kunne vise til erfaring med nettverksbygging på tvers av sektorar  Kjennskap til og forståing for korleis EU-systemet fungerer er ynskjelegDet er ein fordel med kjennskap til Universitets- og høgskolesektorenGod munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk er viktig i denne stillingaPersonlege eigenskapar:Du må ha ei tillitsvekkande arbeidsform som inviterer til dialog og involvering. Gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskaper er ein viktig del av detteDu må ha evne til å arbeide både langsiktig, strategisk og analytiskDu må kunne  sette i gang, leie prosessar med definering og oppfølging av milepælar og halde oversyn over fleire parallelle arbeidsprosessar både hos deg sjølv og hjå samarbeidspartnararDet vil bli lagt stor vekt på at du har dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.  Det kan leggjast andre oppgåver til stillinga etter behov.Vi kan tilby:Ei ny stilling, som du i stor grad vil vere med å forme, med interessante og utfordrande oppgåver innan arbeidsfelt med stor strategisk verdi for Vestland fylkeskommune og UiB.Eit attraktivt og sterkt kompetansemiljø med stor fagleg breiddeEi raus, inkluderande og internasjonalt samansett medarbeidargruppe med stor fagleg tyngdeStor grad av sjølvstende og fleksibilitet i stillingaStilling som seniorrådgjevar (kode 1364) i lønssteg 75 - 78 (for tida kr 759 100 - 821 100) i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.Medlemsskap i Statens pensjonskasseStilling i ei inkluderande arbeidsverksemd (IA-verksemd)Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: nestleiar ved  Forskings- og innovasjonsavdelinga Birgit Falch, tlf.: 95171180, eller seksjonssjef Katrine Utaaker Segadal ved Forskings- og innovasjonsavdelinga, tlf.: 97086236Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).Vestland fylkeskommune - UiBVestland fylkeskommune sitt samfunnsoppdrag er å setje retning, engasjere og samhandle for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland. Fylkeskommune har med anna ansvaret for vidaregåande opplæring, kollektivtrafikk, veg og infrastruktur og innovasjon og næringsutvikling. Eit sentralt mål er å bli eit leiande verdiskapingsfylke basert på berekraftig bruk av naturressursar, grøn næringsutvikling og innovasjon.  Forsking, kompetanse og internasjonalt samarbeid er avgjerande for å lukkast med dette arbeidet.  Regional plan for berekraftig verdiskaping er eigd av den regionale partnarskapen og samlar partane kring felles mål og strategiar.Universitetet i Bergen er Vestlandets viktigaste kunnskapsinstitusjon, og er eit internasjonalt retta forskingsintensivt breddeuniversitet. UiB har syv fakultet og rundt 54 institutt og faglige sentre. UiB deltar i mange nasjonale og internasjonale sentre, der fleire sentre utfører forsking i internasjonal toppklasse. Campus ligger i sentrale deler av Bergen med universitetsområder på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad. Forsknings- og innovasjonsavdelinga er ein del av sentraladministrasjonen ved UiB, som gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen.
Om arbeidsgiveren Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om Forsknings- og innovasjonsavdelinga her.
Sektor Offentlig Sted Christiesgt. 18, 5020 Bergen Bransje Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon Stillingsfunksjon Kontor og administrasjon, Rådgivning
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Ingen kontakperson oppgitt
Søk her
Hjemmeside Flere stillinger fra Universitetet i Bergen
Følg firma 1098 følger dette firmaet
Christiesgt. 18, 5020 Bergen Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.96 Rådgjevar
0.95 IT-prosjektleiar (seniorrådgjevar)
0.95 Rådgjevar/seniorrådgjevar for eksternfinansierte prosjekt ved UiB ved Seksjon for prosjektøkonomi
0.95 Senioringeniør
0.93 Rådgjevar / Seniorrådgjevar innan internasjonalisering
0.93 Seniorkonsulent  / Rådgiver
0.93 Avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør
0.93 Forskar (mellombels)
0.93 Seniorrådgiver
0.93 Rådgjevar ved Institutt for biomedisin
0.92 Seniorrådgiver
0.92 Kommunikasjonsdirektør
0.92 Teknisk prosjektadministrator ved IT-avdelinga
0.92 Rådgiver/seniorrådgiver
0.92 Rådgjevar/seniorrådgjevar - forureining
0.92 Rådgiver/seniorrådgiver - jurist
0.92 Seniorrådgiver
0.92 Driftsteknikar (med fagbrev)
0.92 Rådgiver prosjektøkonom (fast og vikariat)
0.92 Har du lyst til å jobbe med lønnsnær HR på UiB?
0.92 Seniorkonsulent ved Seksjon for lønn
0.92 Seniorrådgjevar
0.91 Seniorkonsulent (studieadministrasjonen)
0.91 Driftsutviklar Windows
0.91 Seniorkonsulent/rådgjevar i praksisadministrasjon, campus Stord
0.91 Seniorkonsulent/rådgjevar i praksisadministrasjon, campus Sogndal
0.91 Rådgjevar
0.91 Avdelingsleder
0.91 Senioringeniør / Overingeniør (Research software development)
0.91 Rådgiver/seniorrådgiver
0.91 Postdoktor
0.91 Seniorrådgiver HR
0.91 Rådgiver/seniorrådgiver - beredskapsstaben
0.91 Seniorrådgivar - barnehage og skole
0.91 Rådgjevar
0.91 Rådgiver/Seniorrådgiver
0.91 rådgiver/seniorrådgiver
0.91 Rådgiver / seniorrådgiver - rovvilt og beitebruk
0.91 Senior barnevernkonsulent
0.91 Juridisk rådgiver/seniorrådgiver innen vergemålsområdet?
0.91 Studiekonsulent (seniorkonsulent)
0.91 Senioringeniør/overingeniør/seniorrådgiver/rådgiver store systemer
0.91 Seniorkonsulenter/rådgivere
0.91 Seksjonssjef HR
0.91 rådgiver/ seniorrådgiver
0.91 Booking- og salskonsulent
0.91 rådgiver/seniorrådgiver
0.90 Seniorkonsulent/rådgjevar - HMS
0.90 Seniorrådgiver etisk handel
0.90 Seniorrådgiver
0.90 Rådgiver/seniorrådgiver
0.90 Seniorrådgiver dokumentforvaltning
0.90 Rådgiver/seniorrådgiver - jurist ved regionkontoret
0.90 Rådgiver
0.90 Senior Kommunikasjonsrådgiver
0.90 Stipendiat i nordisk språkvitskap
0.90 Studieveileder
0.90 Instruktørtannlege
0.90 Seniorrådgiver