Booking- og salskonsulent
Universitetet i Stavanger
Stavanger
Booking- og salskonsulent
Arbeidsgiver
Universitetet i Stavanger
Stillingstittel
Booking- og salskonsulent
Frist
05.11.2023
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Stavanger
Booking- og salskonsulent
Om stillingaUniversitetet i Stavanger har ledig stilling som booking- og salskonsulent ved Arkeologisk museum, Avdeling for formidling. Stillinga er ledig frå 1. januar 2024. Arkeologisk museum tilbyr spennande aktivitetar, opplevingar og arrangement for store og små grupper heile året. Som booking- og salskonsulent vil du arbeide i flotte kulturhistoriske omgivnader ved museets lokalar på Våland og på Jernaldergarden, Ullandhaug. Stillinga er todelt mellom arbeidsområdane booking og museumsbutikk/resepsjon. Du skal arbeide med booking av arrangement/omvising, innkjøp og sal i museumsbutikken, og informasjons- og resepsjonsarbeid. Vi søker deg som er imøtekommande og serviceinnstilt, som vil bidra til ei unik oppleving for våre besøkande, som med initiativ og interesse vil vidareutvikle museumsbutikkane og samtidig vera ein del av eit godt og dedikert arbeidsmiljø.Noko kvelds- og helgearbeid må påreknas. Hovudoppgåverbooking og sal av formidlingstilbodplanlegging, oppfølging og gjennomføring av arrangement, og korrespondanse rundt arrangementet med kundegrupper i samband med all utleige.cruiseadministrasjon i samarbeid med ansvarleg for cruiselogistikkfakturering og rapportering av arrangement, utleige, butikk og cruisebesøksal og oppfølging i museumsbutikkaneinnkjøp til, og vidareutvikling av, museumsbutikkanedelta i opplæring av nye verterresepsjons- og informasjonsarbeid inngå i og byggja nettverk innan reiseliv og turisme, og promotera museet i ulike samanhengarKvalifikasjonarDu må ha:høgare utdanning på minimum bachelor-nivå innanfor relevant fagområde. Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.erfaring frå sal og/eller kundebehandling, erfaring med booking og arrangement er ein fordelerfaring med og interesse for bruk av relevante IT-verktøy, det er ein fordel om du også har teknisk kompetanse knyta til blant anna AV, lyd, bilete, streaming og er motivert for å bidra med noko teknisk arbeidgod munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelskVidare blir det lagt vekt på at du: er serviceinnstilt, imøtekommande og ivaretakande trivast med å ta utfordringar på sparket og er fleksibel med tanke på oppgåver har kulturhistorisk interesse og kan knyta dette til arbeide trivast med å koordinera booking og butikk samstundes i ein travel kvardaghar god økonomisk forståing trivast med å arbeide i team og har gode samarbeidsevnerhar god ordenssans og evne til å jobbe målretta og sjølvstendighar førarkort klasse BVi tilbyrvarierte arbeidsoppgåver i ein stor organisasjon med eit viktig samfunnsoppdragein ambisiøs arbeidsfellesskap og eit inkluderande arbeidsmiljøløn etter Statens lønnsregulativ l.pl 90.103, kode 1408 førstekonsulent, kr 480.000 - 550.000 bto pr år. I særskilte tilfelle kan høgare løn bli vurdert. Frå løna vert det trekt lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.medlemskap i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no) som sikrar gode pensjons- og forsikringsordningarmeir om gode for tilsette og fordelar (https://www.uis.no/nb/ny-ved-uis) på våre nettsiderMangfaldUniversitetet sine verdiar er å vere uavhengig, involverande og skapande. Vi vurderer mangfald som ein ressurs i arbeids- og læringsmiljøet vårt, og er opptatt av å visa respekt for kvarandre sine ulikheiter og bakgrunn. Universell utforming skal prega dei fysiske og digitale læringsmiljøa våre, og arbeidsplassen vil bli lagt til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne.Dersom du vurderer stillinga som interessant oppmodar vi deg til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne, kulturell bakgrunn eller om du har vore utafor arbeidslivet ein periode. Universitetet vil rekruttera fleire menn til avdelinga og oppmodar derfor spesielt menn til å søke. Dersom fleire søkjarar vert vurdert til å ha likeverdige kvalifikasjonar, vil ein mann bli prioritert føre ei kvinne. Her kan du lese meir om mangfaldsrekruttering og korleis vi behandlar søknader. (https://www.uis.no/nb/om-uis/jobb-ved-uis-sokeprosessen#/#behandling-sokere) KontaktinformasjonSpørsmål om stillinga kan rettast til seksjonssjef Bodil Irene Svendsen, tlf: 51832608, e-post: bodil.svendsen@uis.no.Spørsmål om tilsetjingsprosessen kan rettast til HR-rådgivar Janne V. Endresen, tlf: 51831216, e-post: janne.v.endresen@uis.noSøknadSøk på stillinga elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida. Her vert minimum søknadsbrev, relevant utdanning og arbeidserfaring samt språkferdighetar registrert. I søknadsbrevet må du få fram kva kompetanse og motivasjon du har for stillinga.Ein meir utfyllande CV, vitnemål, attestar og eventuelt annan dokumentasjon som du vil det skal tas omsyn til ved vurdering av søknaden, må lastas opp som vedlegg. Dokumentasjonen må finnast på eit skandinavisk språk eller engelsk. Dersom vedlegga overskrid 30 MB til saman, må dei komprimerast før opplasting.Søknaden vert vurdert ut frå informasjonen som er tilgjengeleg i Jobbnorge ved søknadsfristen. Sørg derfor for at søknaden tydeleg viser korleis evnene og erfaringane dine oppfyller kompetansekrava som det er skrive om over.Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjer har bedd om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste, jf offentleglova § 25 (https://lovdata.no/lov/2006-05-19-16/§25). Dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette. UiS vurderer berre søknadar og vedlegg som er registrert i Jobbnorge.
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Stavanger (UiS) har omlag 12 000 studentar og 2.200 tilsette. Universitetet har store ambisjonar. Vi skal ha ein innovativ og internasjonal profil og vere ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet. Vår felles retning skal drivast fram av omtanke for grønn og berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn. Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd. Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museum. Vi er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300.000 innbyggjarar. Stavangerregionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar.Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi løfte blikket, og våge å tenke stort og nytt - vi utfordre det velkjente og utforske det ukjente.Arkeologisk museum er eit tverrfagleg museum med oppgåver innanfor forsking, formidling, fornminnevern, konservering samt dokumentasjon og samling. Muséet har eit vitskapleg personale med forskarar innanfor arkeologi, konservering, ulike naturfag og nyare tids kulturhistorie. Det museumsfaglege personalet dekkjer fleire felt innanfor konservering, laboratorium, fototenester, arkiv og vitskaplege samlingar, forvaltningsoppgåver gjeve i Lov om kulturminne, utstillingsproduksjon, grafisk formgiving, skuleteneste, publikumstilbod og utleigeverksemd.Muséet driv eit forlag med to seriar som er poenggivande i CRIStin. Muséet har i dag omlag 80 fast tilsette fordelt på fire fagavdelingar og ein administrasjon.
Sektor
Offentlig
Sted
Peder Klows gate 30A, 4010 Stavanger
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon / Resepsjon,
Kundeservice,
Salg
Spørsmål om stillingen
Kontaktperson
Ingen kontakperson oppgitt
Søk her
Følg firma
1063 følger dette firmaet
Peder Klows gate 30A, 4010 Stavanger
Stort kart
Hybridkart
Flyfoto