BeskrivelseKunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Om stillingaVed Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig eit vikariat i 100% stilling som bibliotekar (stillingskode 1410 bibliotekar). Stillinga er for tida knytt til Seksjon for bibliotektenester, med arbeidsstad på Bibliotek for juridiske fag. Stillinga er ledig frå 6. november 2023 – 30. juni 2024, med moglegheit for forlenging.Arbeidsoppgåver:Delta i førstelinetenesta fysisk og digitaltDelta i brukaropplæring og brukarrettleiingDelta i oppgåver knytt til dokumentlevering, kunnskapsorganisering, registrering og katalogiseringVera med å vidareutvikle dei fysiske læringsareala og formidlingsaktivitetane i biblioteketBidra til effektivisering, forbetring og fornying av arbeidsprosessarBidra til utvikling av tenester som gjev ein auka verdi for UB sine brukargrupper og UiB si kjerneverksemdTenestene til UB er i stadig utvikling og endringar i arbeidsoppgåver må påreknast.Den som vert tilsett kan verta pålagd å delta i vaktordningar utanom ordinær kontorarbeidstid, og evt. arbeide på andre bibliotek enn Bibliotek for juridiske fag.Kvalifikasjonar og eigenskapar:Kvalifikasjonar:Utdanning innan bibliotek- og informasjonsvitskap på minst bachelornivå, eller tilsvarande, eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Relevant realkompetanse kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i nokre tilfelle kompensera for utdanningskravetErfaring med katalogiseringGod digital kompetanseRelevant arbeidserfaring frå UH-biblioteksektor er ein fordelErfaring med rettleiing og formidling er ein fordelGode evner til kommunikasjon på både norsk og engelskPersonlege eigenskapar vi etterspør:Du er initiativrik, fleksibel og omgjengeleg, med gode samarbeids- og formidlingsevnerDu er handlekraftig og løysningsorientertDu har evne til å arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andreDu er nytenkjande og service- og brukarorientert.Ved vurdering av søkjararar vil personlege eigenskapar verte vektlagde.Vi kan tilby:Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljøSpanande og motiverande kontakt med fagmiljø ved UiBLøn som bibliotekar (kode 1410) kr. 466 600 til kr. 565 900 i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.Fleksibel arbeidstidMedlemskap i Statens pensjonskasseGode velferdsordningarGenerell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til seksjonsleiar for bibliotektenester: Trude Færevaag, mobil 47804626, e-post trude.ferevaag@uib.no, eller fagleg leiar Vigdis Holtet, bibliotek for juridiske fag, e-post: vigdis.holtet@uib.no, telefon 55 582502.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Universitetsbiblioteket i Bergen, Postboks 7808, 5020 BergenStort kartHybridkartFlyfoto