Barnehagelærar

None
Øystese
BeskrivelseMe søkjer deg som er barnehagelærar og vil skapa ein trygg og stabil kvardag for born.Bjørketeigen barnehage har ledig vikariat frå snarast til 31.07.24. Har du anna relevant utdanning eller erfaring frå arbeid i barnehage kan du søkja. Det er moglegheit for auka stillingsprosent. Barnehagen ligg i fine naturomgjevnadar og har uteliv og natur som satsingsområde. Aldersgruppa på avdelinga er 1-3 år. Me har fokus på godt arbeidsmiljø og barnehagane i Kvam deltek i prosjektet "Bli i jobben" i regi av KLP. Målet er å styrka arbeidsmiljøet, redusera sjukefråvær og bidra til at tilsette i barnehage trivs og blir verande i jobben. Barnehagen driv med kompetanseutvikling gjennom BTI (betre tverrfagleg innsats), Sjå barnet innanfrå (relasjonskompetanse), Udir sine kompetansepakkar i trygt og godt barnehagemiljø og gjennom kommunale kompetansepakkar tilpassa dei enkelte stillingane.  ArbeidsoppgåverVisa omsorg, ta ansvar og sjå barna sine styrkar og behovStøtta opp under kvart barn si utvikling og gje dei ro og tid, samtalar og leikGje barna oppleving av meistring og gleda av å nå målSkapa ein god barnehagekvardag for alleAnsvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelingaLeggja til rette for ein variert kvardag, der barna sine opplevingar er i fokus i tråd med rammeplan for barnehagarRettleia, involvera og motivera Bidra til eit godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartarDelta i leiarteamet i barnehagen og bidra til pedagogisk utviklingsarbeid i barnehagenNært samarbeid med spesialpedagog i barnehagenKvalifikasjonarGodkjent høgskuleutdanning som barnehagelærar, evt andre med erfaring frå arbeid i barnehage, anna relevant utdanningGode norskkunnskapar både munnleg og skriftlegJf. barnehageloven §27 må personar med utanlandske yrkeskvalifikasjonar dokumentera norskferdigheiter ved å ha:- Gjennomført og bestått opplæring i norsk på vidaregåande skule- Bestått eksamen frå trinn 3 i norsk for utanlandske studentar ved universiteta- Bestått eksamen fra 1-årig høgskulestudium i norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar- Bestått test i norsk - Høgare nivå (Bergenstesten), eller ha avlagt norskprøve og oppnådd nivå B2 på delprøvene i skriftleg framstilling, leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjonVed ny tilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, jfr. Barnehagelova §19, denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Attesten må ikkje vera eldre enn 3 månader.Personlege eigenskaparHa eit positivt barnesyn Vera profesjonell og visa fagleg engasjement og interesseVisa endringsvilje og vera løysingsorientertSamarbeida godt med andre Gode kommunikasjonsevnerVi tilbyrRettleiing til nyutdanna dei to første åraStøtte til relevant vidareutdanning Godt og fagleg arbeidsmiljø Nye barnehagebyggVarierte arbeidsdagar Delta i vår satsing "Sjå barnet innanfrå" med utgangspunkt i COS (circle of security) Opplæring i BTI (betre tverrfagleg innsats)Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystemGode pensjons-/og forsikringsordningarGenerell informasjon:Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.KontaktinformasjonAnn-Kristin Strømme Bråten, Styrar Bjørketeigen barnehage, 46806904ArbeidsstadVavollen 1375610 ØysteseNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 4712745077Stillingsprosent: 40%VikarSøknadsfrist: 19.10.2023
Vavollen 137, 5610 ØysteseStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.96 Barnehagelærer
0.96 Barnehagelærer
0.96 Barnehagelærer
0.96 Barnehagelærer
0.96 Barnehagelærer
0.96 Barnehagelærer
0.96 Barnehagelærer
0.96 Barnehagelærer
0.96 Barnehagelærer
0.95 Barnehagelærer
0.95 Barnehagelærer
0.95 Barnehagelærer
0.95 Barnehagelærer
0.95 Barnehagelærer
0.95 Barnehagemedarbeider
0.95 Barnehagelærer
0.95 Barnehagelærer
0.95 Barnehagelærer
0.95 Barnehagelærer Fast stilling/ vikariat
0.95 Barnehagelærer
0.95 Barnehagelærer
0.95 Barnehagelærar - 50% fast
0.95 Barn og ungdomsarbeider
0.95 Barnehagelærer
0.95 Pedagogisk leder/barnehagelærer
0.95 Pedagogisk leder/barnehagelærer
0.95 Barnehagelærer
0.95 Barne og ungdomsarbeider, barnehage
0.95 Barnehagelærer
0.95 Barnehagelærer
0.95 Barnehagelærer - fast 100 % stilling
0.95 Tilkallingsvikar i barnehage
0.95 Barnehagelærer
0.95 Barnehagelærer/fagarbeider
0.95 Er du barnehagelæreren vi søker?
0.95 Barnehagelærer
0.95 barnehagelærar
0.95 Barnehagelærer
0.95 Barne- og ungdomsarbeidar
0.95 Barne- og ungdomsarbeider
0.95 Barne- og ungdomsarbeider
0.95 Barnehagelærer
0.95 Barne og ungdomsarbeider
0.95 Pedagogisk leder
0.95 Barnehagemedarbeider
0.94 Barnehagelærer
0.94 Barnehagelærer
0.94 Barnepleier
0.94 Tilkallingsvikar i barnehage
0.94 Grunnskulelærar