BeskrivelseKunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?FørstekonsulentVed Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig vikariat som førstekonsulent (100 %) i studieadministrasjonen, særleg knyta til Kunstakademiet, Institutt for samtidskunst, og Institutt for design. Det er ønskeleg med snarleg tilsetting. Vikariatet gjeld ut august 2024, med moglegheit for forlenging.Fakultet for kunst, musikk og design har kunstnarisk utviklingsarbeid, forsking, utdanning, innovasjon og formidling innan kunst, musikk og design som sitt hovudformål. Gjennom dei ulike studieprogramma skal KMD utdanne skapande kunstnarar, designarar, musikarar, pedagogar, musikkvitarar og musikkterapeutar. Fakultetet ønsker å tilby eit godt læringsmiljø for studentane, og arbeider målretta for å få til dette. For tida har fakultetet kring 630 studentar fordelt på bachelor- og masternivå. Meir informasjon finn du her.Stillinga inngår i studieseksjonen på fakultetet, med om lag 12 andre medarbeidarar. Administrasjonskonsulenten rapporterer til studiesjef ved fakultetet, og samarbeider i det daglege tett med studieseksjonen ved fakultetet, forutan fagmiljø og studentar.Arbeidsoppgåver:Det er varierte oppgåver i tilknyting til studieprosessar, timeplanlegging og eksamensavvikling som skal handterast ved fakultetet.Bidra i planlegging og gjennomføring av studieadministrative prosesser, eksamen og vurderingSakshandsaming studiesakerRegistreringsarbeid i forbindelse med studieverksemdaKontakt og informasjon til eksterne sensorar/fagfeller, og koordinering av arbeid med honorar og bestilling av reiserSikre lokalitetar for eksamensavviklingaInformasjonsdeling og vedlikehaldFølgje opp prosedyrar for innmelding av undervisningsaktiviteter ved fakultetetI samarbeid med fyrstelinja, timeplanlegging og tilrettelegging av lokalarDen som vert tilsett må og rekne med å bidra generelt sakshandsamingsarbeid innanfor studieadministrasjonen sitt ansvarsområde. Kvalifikasjonar og eigenskapar:Fakultetet søker ein medarbeidar som raskt kan sette seg inn i arbeidsprosessar, og legge til rette for ein god arbeidsflyt mellom fagmiljø og studieadministrasjon i det aktuelle fagfeltet.Søkjar må ha høgare relevant utdanning på minimum bachelornivå. Relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for utdanningskravetRøynsle frå det studieadministrasjon universitets- og høgskulesystemet er ei føremon, gjerne frå kunstfaglege utdanningarDen som innehar stillinga må kunne handtere og koordinere ei stor mengde detaljinformasjon og prosessar som skjer samtidigDen som innehar stillinga må kunne uttrykkje seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelskDet er naudsynt med god forståing og erfaring med digitale verktøy. Søkjar bør ha kjennskap til Felles Studentsystem (FS), Ephorte, Office-pakken, Canvas/MittUiB, samt ev andre digitale kommunikasjonsverktøyVed vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga.Til eksempel:Dyktig med nøyaktig detaljarbeid, og sjå dette som en del av heilheitaGod evne til å planleggje, koordinere og gjennomføre arbeidsprosessarPositiv, serviceinnstilt og imøtekomandeGode kommunikasjons- og samarbeidsevnerMotivasjon for arbeidet, forståing av ansvar og resultatorienteringVi kan tilby:Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande og internasjonalt fagmiljø, mellom utdanning- og det profesjonelle kunst- og kulturlivetLøn som førstekonsulent (kode 1408) etter lønssteg 53 - 58 (for tida kr. 524 700 – 565 900), i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn Medlemsskap i Statens pensjonskasse med god tenestepensjonsordning, mogleg bustadlån til gunstig rente, yrkesskade- og gruppelivsforsikringGode velferdsordningarHer kan du lese meir om kva UiB kan tilby: http://www.uib.no/poa/karriere-ved-uibSøknaden skal innehalde: Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillingaAttestert kopi av vitnemål og relevante attestarTo referansar (namn og kontaktinformasjon)Søknadane vert vurdert med den informasjonen og dokumentasjonen som ligg i JobbNorge når søknadsfristen går ut.Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til: Studiesjef Hilde Skare (hilde.skare@uib.no) eller assisterande fakultetsdirektør, Eli Neshavn Høie (eli.hoie@uib.no)Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Møllendalsveien 61, 5009 BergenStort kartHybridkartFlyfoto