BeskrivelseGrunna fleire barselpermisjonar og ein nyoppretta klasse, treng me fleire med på laget. Bryne vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i landet, med om lag 2000 elevar og om lag 330 tilsette. Skulen har eit breitt tilbod, fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag, idrettsfag, påbyggsklasser, restaurant- og matfag, sal, service og reiseliv, studiespesialiserande, teknologi- og industrifag, fengselsundervisning og vaksenopplæring dag- og kveldstilbod. I tillegg har me fleire grupper med spesialundervisning. Skulen ligg sentralt i Bryne sentrum, i eit miljø prega av læring, næring og kultur. Våre satsingsområde er vurderingspraksis, relasjonar og profesjonsutvikling, med bakgrunn i fagfornyinga, djupnelæring og satsingsområda i ny overordna del. Elevane som samfunnsressurs er viktige for skulen. Meir informasjon om skulen på www.bryne.vgs.no Det er ledig inntil 134% norsk, 44% engelsk 34% samfunnsfag og 33% historie. Stillingane gjeld undervisning for innføringsklassar, studieførebuande, yrkesfag og vaksenopplæring. Nokre av gruppene er det behov i snarast, mens andre har oppstart frå 01.11.23 og 01.01.24.KvalifikasjonerSøkjar bør ha formell undervisningskompetanse i to eller fleire av dei utlyste faga og godkjend praktisk-pedagogisk utdanning.Godkjend politiattest. Gode norskkunnskapar.Me legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga. Personlige egenskaperEin tydeleg klasseleiar som trivest med ungdom/unge vaksne, og som evner å bruke varierte og tilpassa opplæringsmetodar.Ein som legg vekt på elevaktiv læring og elevmedverknad.Ein tilsett som er open, samarbeidsvillig, kreativ og har godt humør.At du er fleksibel, engasjert og utviklingsorientert.At du har gode digitale ferdigheiter.At du tek ansvar for profesjonsutvikling, og er positiv til å reflektera over, og utvikla eigen praksis saman med elevar og kollegaer Vi tilbyrFlotte undervisningsbygg og eit dynamisk kollegium.Ein mangfaldig skule med rom for fagleg fordjuping, praktisk og kreativ tilnærming til læring.Ein vidaregåande skule med mange moglegheiter både for lærarar og elevar.Løn etter tariff. KontaktinformasjonOle Martin Hillesund, Avdelingsleiar norsk, 924 84 071, ole.martin.hillesund@skole.rogfk.no Arbeidssted Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Rogaland fylkeskommuneReferansenr.: 4716443659Stillingsprosent: 100, 45%VikariatSøknadsfrist: 18.10.2023
4344 BryneStort kartHybridkartFlyfoto