BeskrivelseVi søker etterInntil 50 prosent vikariat i norsk og religion.Om stillingaVi har behov for vikar i norsk og religion i inntil 50 prosent stilling til og med 22.06.24. I kombinasjon med andre fag det oppstår behov i, kan det vere stillingsprosenten blir høgare.Vi er ein stor skule fordelt på tre lokalitetar. Vikariatet gjeld lokalitet Volsdalsberga og Fagerlia, men alle lokalitetar, utdanningsprogram og trinn kan vere aktuelle viss det oppstår ytterlegare behov.Krav til kompetanseVi krev minimum 60 studiepoeng i relevante fag og PPU eller annan godkjent pedagogisk kompetanse. Relevant yrkeserfaring er ein fordel.Dersom søkaren har undervisningskompetanse i andre fag skulen har bruk for, vil fagkombinasjonen vere avgjerande for kven som får tilbod om stillinga.Vi tilbyrgode fagmiljø med eleven og eleven si læring i sentrumeit fagleg og pedagogisk profesjonsfellesskap der vi støttar kvarandreeit inkluderande og nytenkande kollegium der du kan utvikle deggode pensjonsvilkår, gruppelivs- og ulykkesforsikringløns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovar og avtaleverkOm skulenÅlesund vgs er den største vidaregåande skulen i Møre og Romsdal med rundt 1500 elevar, 250 tilsette, og eit stort mangfald av studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Skulen er lokalisert sentrumsnært i "jugendbyen" Ålesund, med lokalitetar i Fagerlia, på Volsdalsberga og på Latinskolen (Aspøya).Vi har desse tilboda: Helse- og oppvekstfag, Idrettsfag; Informasjonsteknologi og medieproduksjon; Kunst, design og arkitektur; Musikk, dans og drama; Naturbruk; Sal, service og reiseliv; Studiespesialisering (med internasjonal, forskar, toppidrett og ordinær); Teknologi- og industrifag; samt Påbygg til generell studiekompetanse og Individuell tilrettelagd opplæring (ITO).Sjå meir informasjon på www.alesund.vgs.no.Andre opplysningarVi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig stilling hos oss.PolitiattestDen som blir tilsett må levere politiattest.Søknadsfrist 15.10.2023 Utlyst dato 03.10.2023 Vårref6152KontaktpersonSonja Gangstad, Konst. ass.rektor, tlf: +4771281550, mobil: 97962029, sonja.gangstad@mrfylke.noLisa Vedde Fiskerstrand, Avdelingsleder, tlf: +4771281578, mobil: 97031245, lisa.fiskerstrand@mrfylke.no
Gangstøvikvegen 27, 6009 ÅlesundStort kartHybridkartFlyfoto