Lærar
None
Volda
BeskrivelseVed Øyra skule og Bratteberg skule er det behov for fleire vikarstillingar som lærar i løpet av skuleåret, då nokre av våre tilsette lærarar skal ut i permisjon. Det vi med sikkerheit veit pr i dag er at det er behov for følgande:* 100% lærarstilling ved Øyra skule, oppstart så snart som mogleg. Stillinga er ledig til 31.07.24. Det er mogleg at stillinga kan verte forlenga utover denne datoen. Kompetansebehov: Godkjent pedagogisk utdanning, samt minimum 180 stp i relevante undervisningsfag. Det er eit særleg ønskje om minimum 30 stp i fag som norsk, matematikk og engelsk. For denne stillinga er det fortrinnsvis GLU 1-7 eller allmennlærarutdanning ein ser etter.* 100% lærarstilling ved Øyra skule, oppstart 1. februar 2024 eller tidlegare om arbeidsgjevar og arbeidstakar vert samde om det. Stillinga er ledig til 31.07.24, med moglegheit for forlenging utover denne datoen. Kompetansebehov: Godkjent pedagogisk utdanning, samt minimum 180 stp i relevante undervisningsfag. For denne stillinga kan ein vere fleksibel i høve grunnutdanning, og både GLU 1-7, GLU 5-10, PPU og allmennlærarutdanning vil verte vurdert. Det er ønskjeleg med minimum 30 stp i faga norsk, matematikk og engelsk.* 100% lærarstilling ved Bratteberg skule, oppstart 15. januar 2024 eller tidlegare om arbeidsgjevar og arbeidstakar vert samde om det. Stillinga er ledig til 31.07.23, med moglegheit for forlenging utover denne datoen. Kompetansebehov: Godkjent pedagogisk utdanning, samt minimum 180 stp i relevante undervisningsfag. Ein ser fortrinnsvis etter lærar med GLU 1-7 eller allmennlærarutdanning som grunnutdanning. Det er ønskjeleg med minimum 30 stp i faga norsk, matematikk og engelsk.Utover dei konkrete behova som er nemnt over, er ein budd på at det kan verte andre behov ved ein eller fleire av skulane våre. Vi oppmodar difor alle med godkjent pedagogisk utdanning og fagbakgrunn om å søkje. Særleg er vi budde på at det vil verte behov knytt til særskilt norskopplæring knytt til flyktningar i grunnskulealder. Alle som søkjer vil vere aktuelle for dei behova som vil kunne oppstå i løpet av hausten og skuleåret vi er inne i. ArbeidsoppgåverFørebu, gjennomføre og etterarbeide undervisning. Anna tid med elevane, som til dømes elevsamtalar og tilsyn i friminutt. Legge til rett for eit trygt og godt læringsmiljø i nært samarbeid med elevar, føresette og kollegaer. Samarbeid med naturlege faginstansar som til dømes helsestasjon, PPT, BUP og barnevern. Delta i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid. Som lærar i grunnskulen må ein vere budd på å ta kontaktlæraransvar. Fleire av skulane våre er praksisskular, noko som gjer at alle lærarar må vere budde på å bidra inn mot lærarstudentar og praksis.Sektor oppvekst arbeider etter visjonen om at "Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer". Alle våre tilsette skal ha dette som leiestjerne i sitt daglege arbeid.KvalifikasjonarGodkjent lærarutdanning, ved høgskule eller universitet. Dette inneber godkjent pedagogisk utdanning, samt minimum 180 stp i relevante undervisningsfag. Volda kommune etterspø særleg lærarar som oppfyller kompetansekrava om 60 stp/30 stp i faga norsk, matematikk og engelsk (høvesvis ungdomssteget og barnesteget). Vi ser det som ein fordel at lærarane har breiast mogleg fagkompetanse.Vi søkjer etter lærarar med god kunnskap i faga dei skal undervise i, som er autoritative vaksne og gode klasseleiarara med evne til å bygge gode relasjonar med elevane.CV må fyllast ut i søknaden. Søkarane må og spesifisere i søknaden kva fag dei har 30, 60 eller meir studiepoeng i. Ein ber og oppgi om det er ei spesiell stilling av dei som er lyst ut som ein søkjer på.Personlege eigenskaparVi forventar at den som vert tilsett har god evne til å bygge relasjonar med elevar, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartar.Vi forventar og at ein syner god evne til samarbeid og sjølvstende i arbeidet, og at ein er med på å ta initiativ i skulen sitt faglege utviklingsarbeid.Som arbeidsgjevar legg sektor oppvekst vekt på at våre lærarar skal ha god kompetanse innan klasseleiing.Vi tilbyrTilsetjing skjer etter gjeldande lov, forskrift og avtaleverk. Dei som vert tilsett må legge fram gyldig politiattest, jf oppl.lova § 10-9. Prøvetida i Volda kommune er 6 månader. Volda kommune har god offentleg pensjonsordning i SPK. Stillinga er plassert i kap 4, lønsplassering, stillingskode og ansiennitet vert fastsett ved tilsetjing.Dei som er nyutdanna lærarar deltek på kommunen sitt mentorprogram "Nytt på nytt", der ein får jamleg oppfølging første arbeidsår som lærar. Dette skjer gjennom lokale og regionale samlingar, der Høgskulen i Volda og er samarbeidspart.Fleire opplysningar får ein ved å vende seg til sektor oppvekst ved fagkonsulent Håvard Strand, tlf 70 05 88 74, epost: havard.strand@volda.kommune.no Ein kan og kontakte rektor ved Øyra skule, Else Lill Riise på tlf 70 07 43 02 eller rektor Bratteberg skule, Anita Brekke på tlf 70 05 87 86.KontaktinformasjonHåvard Strand, Fagkonsulent, sektor oppvekst, 70058874, havard.strand@volda.kommune.noArbeidsstadStormyra 26100 VoldaNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4716159747Stillingsprosent: 100%VikarStartdato: 01.11.2023Sluttdato: 31.07.2024Søknadsfrist: 18.10.2023
Stormyra 2, 6100 VoldaStort kartHybridkartFlyfoto