BeskrivelseNo har du kanskje lese fleire annonsar- ja, kanskje du til og med har lese annonse som Vikedal skule har hatt ute tidlegare utan å søkje? Kva nølar du med? Kom igjen å søk då vel! Har du framleis spørsmål eller noko du ønskjer å ta opp før du eventuelt hamrar laust på tastaturet, ta gjerne kontakt med rektor Bente Tednes Gjil på 41493230. Me søkjer: Lærar 100% stilling på u-trinnet der me kan tilby 60% fast stilling og/eller 40% vikariat. Undervisning er i hovudsak på ungdomstrinnet på Vikedal skule, men også undervisning på 7.trinn kan vera aktuelt. Me vil gjerne at du kan starta snarast, eller frå 1.januar 2024. I alle høve er du velkommen til å søkje! Vikariatet på 40% varer til 31.07.23, med mogleg forlenging. Vikedal skule er ein 1-10 skule med rundt 150 elevar. Sosial læring og utvikling er skulen sitt fokusområde, og me treng deg som brenn for dette arbeidet og som likar å jobba med ungdommar. Hovudarbeidsoppgåver:Me søkjer etter lærar i totalt 100% stilling på ungdomstrinnet/mellomtrinnet med kompetanse i blant anna matematikk, musikk, spesialpedagogikk og samfunnsfag. Andre fag kan også vera aktuelle. Kvalifikasjonar:Grunnskulelærarutdanning eller anna godkjent pedagogisk utdanning som er relevant for arbeid i grunnskulen. Dersom du ikkje har grunnskulelærarutdanning kan du søkje likevel, og då kan det vera aktuelt med eit vikariat. Du må kunne jobba etter LK20, ha gode IKT-kunnskapar, vera god på å samarbeida med andre. Du må meistre det norske språket både munnleg og skriftleg. Me søkjer deg som er glad i å vera saman med elevar og som likar å jobba med varierte undervisningsmetodar og tilpassa opplæring. Du må vera ein god klasseleiar og ein varm og autoritativ vaksen. Personlege eigenskapar: Du må vera positiv i møte med både vaksne og barn, og at du bidrar positivt inn mot arbeidsmiljøet. Du er ikkje redd for å tenkja litt utanfor boksen og du er glad i utfordringar.Me kan tilby:Variert arbeid i eit positivt miljøFaglege utfordringar og utvikling som fagpersonGod opplæring og samarbeid med andreMentor til nyutdanna lærararRabatt på treningssenterBedriftskunstlagKommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)Lønsvilkår:Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.Andre opplysningar:Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her
Kyrkjevegen 7, 5583 VikedalStort kartHybridkartFlyfoto