Fast lærarstilling på Imsland skule
None
Vikedal
BeskrivelseMe søkjer:Lærar i 80% fast stilling frå januar 2024. Undervisninga er hovudsakleg på småtrinnet og litt på mellomtrinnet.Me søkjer deg som er utdanna lærar. Imsland skule er ein 1-7 skule med rundt 25 elevar. Me har ein to-delt skule kor 1.-4. kl og 5.-7.klasse går saman. 1.-4. klasse har stort sett deling i basisfaga norsk, matte og engelsk. Eit trygt og godt skulemiljø kor alle kjenner seg inkludert er skulen sitt fokusområde. Me jobbar med å danne gode,trygge relasjonar elev-elev og lærar-elev gjennom leik, uteskule og varierte undervisningsformer. Ei av våre dyktige lærarar skal flytte, og me treng ein god erstattar for henne. Me vil ha deg som har eit ekstra gir, er positiv og som er klar for kjekke og spanande oppgåver på Imsland skule!Hovudarbeidsoppgåver:Me treng lærar på småtrinnet i ulike fag som matematikk,norsk, engelsk,krle og naturfag på mellomtrinnet.Kvalifikasjonar:Grunnskulelærarutdanning eller anna godkjent pedagogisk utdanning som er relevant for arbeid i grunnskulen. Du må kunne jobba etter LK20, ha fokus på variasjon og praktisk undervisning.Då må vera god å samarbeida med andre og du må klare å sjå gode løysingar. Du må meistre det norske språket både munnleg og skriftleg. Du må vera ein god klasseleiar og ein varm og autoritativ vaksen.Personlege eigenskapar:Du må vera positiv i møte med både vaksne og barn, og me set høgt at du kan bidra positivt inn mot arbeidsmiljøet. Du er ikkje redd for å tenkja litt utanfor boksen og du er glad i barn.Me kan tilby:Variert arbeid i eit positivt miljøFaglege utfordringar og utvikling som fagpersonGod opplæring og samarbeid med andreRabatt på treningssenterBedriftskunstlagKommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)Lønsvilkår:Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.Andre opplysningar:Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.Slik søker du: Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. Link til søknadsskjema: Søk her
Ølmedalsvegen 23, 5583 VikedalStort kartHybridkartFlyfoto