BeskrivelseUiB - Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Førsteamanuensis (20 % bistilling) i molekylærbiologiVed Det medisinske fakultet, Mohn Senter for diabetes presisjonsmedisin, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (molekylærbiologi) i to (2) år frå tilsetjing. Bistillinga er knytt til fast hovudstilling (minimum 50 %) ved Haukeland Universitetssjukehus. Arbeidsstad er ved Mohn Senter for diabetes presisjonsmedisin. Stillinga er finansiert av eit Novo Nordisk-finansiert prosjekt (Distinguished Investigator Grant). Personen vi søkjer er i ein aktiv fase av karrieren, og har fagleg tyngde innafor eit forskingsfelt som er relevant for instituttet.Brei erfaring frå arbeid med funksjonell karakterisering av protein involvert i diabetes, særleg transkripsjonsfaktorar, er ein føremon. Søkjar bør og ha inngåande erfaring med genetikk og spesielt oppfølging av genvariantar av usikker betydning in vitro og i cellemodellar, både på protein/RNA nivå. Erfaring med posttranslasjonell modifisering av protein vil også verte vektlagt.Arbeidsoppgåver/forskingsområde:Den som vert tilsett skal leie og initiere forskingsprosjekt, undervise og rettleie studentar og stipendiatar, og ta på seg administrative oppgåver etter rettleiande tidsmessige rammer. Det vert forventa at den tilsette regelmessig sender søknadar til relevante nasjonale og internasjonale kjelder for forskingsfinansiering. Undervisningsplikta i stillinga er først og fremst knytt til medisinsk genetikk for lege og mastergradsstudentar, men personen som vert tilsett pliktar å undervise i høve til dei studieprogramma fakultetet/instituttet til ei kvar tid har. Det vert forventa høge ambisjonar og god kvalitet med omsyn til forsking og undervisning, samt aktiv deltaking i instituttet og fakultetet sitt strategiarbeid og faglege aktivitetar.Kvalifikasjonar og eigenskapar:Kvalifiserte søkjarar har norsk doktorgrad i eit relevant fagfelt, eller tilsvarande kompetanse, har relevant mastergrad og fyller krav til utdanningsfagleg kompetanse. Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan vise til søknader og tilslag frå nasjonale og internasjonale finansieringskjelder for forsking og utdanningsarbeid, og har etablert, eller er i ferd med å etablere, eiga forskingsgruppe. Resultat oppnådd dei siste 5-7 år vil bli særleg vektlagt ved bedømminga. Den ideelle kandidaten har også erfaring med undervisning på bachelor- og masternivå eller i profesjonsutdanningar, og frå rettleiing av ph.d.-kandidatar. Erfaring frå ulike nasjonale og internasjonale forskingsinstitusjonar, og evne til å etablere internasjonale nettverk vil telje positivt ved bedømminga, og det same gjer også erfaring av og interesse for innovasjon. Personlege eigenskapar blir vektlagd ved vurderinga.Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga, sjå retningsliner for oppretting av ei pedagogisk mappe på Eining for læring. Den som vert tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing. Det vert kravd at den som vert tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.Vi tilbyr:Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonaltFaglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutviklingLøn er for tida kr 708 000 - 732 300 (kode 1011, lønssteg 71-73), eller løn for spesialist kr 732 300 - 759 100 (kode 1011, lønssteg 73-75). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare lønMedlemskap i Statens pensjonskasseGode velferdsordningarSøknaden skal innehalde:Søknadsbrev som fortel kvifor du søkjer stillingaUtfyllande CVVitnemål og attestarPlan for eiga forsking dei neste fem åra (maks 5 A4-sider)Fullstendig publikasjonslistePedagogisk mappe, sjå Eining for læringEi liste over vitskaplege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (høgst 10). For kvart arbeid skal det følgje med eit kort samandrag som omtalar dei viktigaste funna i arbeidetDei 10 vitskaplege arbeida frå punktet over i PDF-formatNamn og kontaktinformasjon til minst to referansarDet er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.Generell informasjon:Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til professor Pål R. Njølstad, e-post: pal.njolstad@uib.noDen statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane om moderat kjønnskvotering. Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Jonas Lies vei 87, 5021 BergenStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.96 Førsteamanuensis/universitetslektor (50 %) i medisin (fagkoordinator kirurgi, Vestlandslegen)
0.95 Førsteamanuensis eller universitetslektor (10 % bistilling) i medisin (RADIOLOGI) Vestlandslegen
0.95 Førsteamanuensis i teatervitskap
0.95 Professor II eller førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (onkologi)
0.95 Professor II/førsteamanuensis II i farmakologi
0.94 Professor II eller førsteamanuensis (10 - 20 % bistilling) i medisin (plastikkirurgi)
0.94 Professor/førsteamanuensis i sakprosa
0.93 Forsker ved Klinisk institutt 2
0.93 Forsker
0.93 Førsteamanuensis II (20%) i utøvande musikk, jazzfag/saksofon
0.93 Førsteamanuensis i allmenn litteraturvitenskap
0.93 Universitetslektor (20 % bistilling) i medisin (gynekologi og obstetrikk) ved Klinisk institutt 2
0.93 Førsteamanuensis/førstelektor i pedagogikk
0.93 Førsteamanuensis innen bedriftsøkonomi
0.92 Førsteamanuensis i filosofi (etikk)
0.92 Molekylærbiolog
0.92 Postdoktor
0.92 Mellombels forskar
0.91 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskolelektor
0.91 Forskningsteknikar
0.91 Professor II /førsteamanuensis 20 % i nevrologi ved UiO Campus Sør
0.91 Instituttleiar ved Matematisk institutt - åremålsstilling
0.91 Vikariat som førstekonsulent (100 %) i studieseksjonen ved Fakultet for kunst, musikk og design
0.91 Professor/Dosent/Førsteamanuensis/førstelektor i psykisk helse og rusarbeid
0.91 Studiekonsulent (førstekonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet - Vikariat
0.91 Professor II /førsteamanuensis 20 % i psykiatri - BUP, PHA
0.91 Ph.d.- Stipendiat i anvendt økologi
0.91 Førsteamanuensis/førstelektor/ universitetslektor i pedagogikk/spesialpedagogikk/ psykologi
0.91 Førsteamanuensis/førstelektor i bedriftsøkonomiske fag
0.90 Avdelingsingeniør (Jerome)
0.90 Konsulent ved SV-fakultetet (vikariat 25 %)
0.90 Bioingeniør
0.90 Senioringeniør / Overingeniør (Research software development)
0.90 Førsteamanuensis i spesialpedagogikk/ utdanningsvitenskap/ lesevitenskap
0.90 Universitetslektor SKO 1009
0.90 Research scientist
0.90 Studieveileder
0.90 Førstekonsulent/rådgiver studieadministrasjon- vikariat
0.90 Rådgjevar ved Institutt for biomedisin
0.90 Bibliotekar (vikariat) - Seksjon for bibliotektenester
0.90 Forskar (mellombels)
0.90 Bioingeniør
0.90 Førsteamanuensis/ universitetslektor i rettsvitenskap
0.90 Førsteamanuensis innen barnesykepleie
0.90 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor innan intensivsjukepleie, campus Bergen
0.90 Universitetslektor/førsteamanuensis i klassisk fiolin
0.90 Studiekonsulent (seniorkonsulent)
0.90 Bioingeniør
0.90 Førsteamanuensis/førstelektor/ høgskulelektor i norsk
0.90 Førstekonsulent (studieadministrasjon), vikariat
0.90 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor i anestesisjukepleie, campus Bergen
0.90 Stipendiat innen klinisk voksenpsykologi
0.90 Førsteamanuensis/ førstelektor/ høgskulelektor innan operasjonsjukepleie, campus Bergen
0.90 Fagansvarlig bioingeniør
0.90 Postdoktor (3 år) ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin (CISMAC/BCEPS)
0.89 Overlege kombinert stilling med åremålsstilling som professor II/førsteamanuensis (nevro)
0.89 Ingeniør/Bioingeniør
0.89 Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i planlegging og/eller naturforvalting
0.89 Førsteamanuensis/ universitetslektor i rettsvitenskap