BeskrivelseKunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?FørstekonsulentVed studieseksjonen på Fakultet for kunst, musikk og design (KMD) er det ledig 50 % fast stilling som administrasjonskonsulent/førstekonsulent. Stillinga er særleg knytt til rekruttering- og opptak av studentar, men kan også knytast til fleire studierelaterte prosesser ved fakultetet.Fakultet for kunst, musikk og design har kunstnarisk utviklingsarbeid, forsking, utdanning og formidling innan kunst, musikk og design som sitt hovudformål. Gjennom dei ulike studieprogramma skal KMD utdanne skapande kunstnarar, designarar, musikarar, pedagogar, musikkvitarar og musikkterapeutar. Fakultetet ønsker å tilby eit godt læringsmiljø for studentane, og arbeider målretta for å få til dette. For tida har fakultetet kring 630 studentar fordelt på bachelor- og masternivå. Meir informasjon finn du på vår nettside: http://www.uib.no/kmdSom administrasjonskonsulent inngår du i ein studieadministrativ gruppe på om lag 12 medarbeidarar på fakultetet. Administrasjonskonsulenten rapporterer til studiesjef ved fakultetet, og samarbeider i det daglege tett med opptaksansvarleg ved fakultetetArbeidsoppgåver:Til stillinga ligger blant anna følgjande ansvar og oppgåver:Støtte til administrasjon av lokale studentopptak og opptaksprøvarOrganisering av juryar og studentrepresentasjonArbeid med informasjonsmateriellRekrutteringsarbeid og nettverkDeltaking i nettverksgrupper ved fakultetet og UiBBistand i forbindelse med ulike arrangement ved fakultetetArbeidsstad og arbeidsoppgåver kan variere. Den som vert tilsett må og rekne med å gjere ulike oppgåver innanfor studieadministrasjonen sitt ansvarsområde.Kvalifikasjonar og eigenskapar:Fakultetet søker ein medarbeidar som raskt kan sette seg inn i arbeidsprosessar, og bidra til ein god arbeidsflyt. Fagleg bakgrunn frå eit av fakultetets fagområde, eller erfaring frå tilsvarande utdanningar kan være eit føremonSøkjar må ha høgare utdanning på minimum bachelornivå, innafor relevante fagområde for stillinga. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanningDen som innehar stillinga må kunne uttrykkje seg godt skriftleg og munnleg både på norsk og engelskDet er naudsynt med god IT- kompetanse. Kjennskap til Felles Studentsystem (FS) og god erfaring med andre digitale verktøy er eit føremon (særleg ePhorte, FS, Office-pakken, Canvas/MittUiB), samt ev. andre digitale kommunikasjonsverktøyVed vurdering av kandidatane vil vi leggje vekt på personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, eksempelvis:du bør være sjølvstendig og ansvarsbevisstdu trivast med detaljarbeid, og kunne sjå samanhengjer og heilskapen i arbeidetdu er strukturert og nøyaktig, og har god gjennomføringsevnedu er positiv, serviceinnstilt og imøtekomandedu bør ha svært gode kommunikasjons- og samarbeidsevnerdu trivast i eit aktivt miljø med til tider høgt arbeidspressVi kan tilby:Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande og internasjonalt fagmiljø, mellom utdanning- og det profesjonelle kunst-, musikk- og designfeltetMoglegheit for vidareutvikling og kompetansehevingLøn som førstekonsulent (kode 1408) etter lønssteg 53 - 58 (for tida kr. 524 700 – 565 900), i det statlege lønsregulativet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare lønMedlemsskap i Statens pensjonskasse med god tenestepensjonsordning, mogleg bustadlån til gunstig rente, yrkesskade- og gruppelivsforsikringGode velferdsordningarHer kan du lese meir om kva UiB kan tilby: http://www.uib.no/poa/karriere-ved-uibSøknaden skal innehalde:Søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for stillinga, kvifor du søkjer og kvifor du passar til stillingaAttestert kopi av vitnemål og relevante attestarTo referansar (namn og kontaktinformasjon)Søknadane vert vurdert med den informasjonen og dokumentasjonen som ligg i JobbNorge når søknadsfristen går ut.Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein får ved å vende seg til: Studiesjef Hilde Skare (hilde.skare@uib.no) eller assisterande fakultetsdirektør Eli Neshavn Høie, (eli.hoie@uib.no).Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Søknad, CV og vedlegg sendes elektronisk via lenke på denne sida.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Møllendalsveien 61, 5009 BergenStort kartHybridkartFlyfoto