Har du lyst til å jobbe med lønnsnær HR på UiB?
Arbeidsgiver Universitetet i Bergen Stillingstittel Har du lyst til å jobbe med lønnsnær HR på UiB? Frist 25.10.2023 Ansettelsesform Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Har du lyst til å jobbe med lønnsnær HR på UiB? Kunnskap som formar samfunnetGjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.Vil du vere med å forme framtida?Har du lyst til å jobbe med lønnsnær HR på UiB?Økonomiavdelinga har ansvar for alle økonomi- og innkjøpsfunksjoner ved Universitet i Bergen. Inkludert systemforvaltning og utvikling av administrative informasjonssystem knytt til avdelingens funksjonar.I Økonomiavdelinga, Seksjon for lønn, er det ledig stillingar som saksbehandlar.  Seksjon for lønn utfører og har ansvar for fagrelaterte oppgåver for alle einingar ved UiB innan arbeid med lønn og lønnsnær HR. Seksjonen har oppretta fagspesialist team innan lønn og lønnsnær HR og er knytt til Økonomiavdelinga UiB.Seksjon for lønn er for tida delt inn i fire team ut frå arbeidsområde i personal- og lønnsdatasystemet SAP. Våre tilsette har erfaring frå fagfelta HR, økonomi og lønn.Vi søker no etter ny saksbehandlar (fagspesialist) til vårt HR-team. Om du har interesse, utdanning eller erfaring innan HR og lønn, trivst med å jobbe utoverretta, men samtidig med teknologi og system, så er det nettopp deg vi ser etter.Arbeidsoppgåver:Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere knytt til saksbehandling av nytilsette, og personar som skal tilsetjast på ny, registrering i lønnssystemet SAP, permisjonar, ferie og anna fråvær samt avslutning av arbeidsforholdSaksbehandling av oppgåver knytt til lønnsnær HR i samsvar med regelverk og rutinarAnsvar for å sikre god datakvalitet i systemløysinga innanfor ferie- og tidregistreringKontroll, kvalitetssikring og rapporteringRettleiing (rettleiingsoppgåver) mot fakultet/eininga og internt i seksjonen innanfor eit spesifikt saksområde eller fagfeltBrukar- og leiarstøtte knytt til sjølvbetjeningsløysingar og regelverkAndre oppgåver i seksjonen kan verte aktuelleFagspesialistane har ei aktiv rolle mellom tilsette og leiarar i saker som behandlast via sjølvbetjeningsløysinga i SAP. Fagspesialistane vurderer og kontrollerer saker som går i flyt i systemet og utførar kvalitetskontrollen opp mot gjeldande lover og reglar.Dette omfattar også å bidra til opplæring, rettleiing og systemstøtte internt på seksjon for lønn og ut i organisasjonen elles. Stillingane gir moglegheit for å delta i utvikling av og standardisering av, nye rutinar og prosessar innan lønn og lønnsnær HR.Kvalifikasjonar og eigenskapar:Kvalifikasjonar:Høgare utdanning på fortrinnsvis bachelor- eller masternivå, innan  fagområdet HR, administrasjon, eller andre relevante fag. Lang og relevant praksis kombinert med etter- og vidareutdanning kan i særlege tilfelle kompensere for manglande formell utdanninGod kunnskap om lovverk, tariffavtaler og regelverk knytt til tilsetjingsforhold i statenKunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg på norsk og engelskDet er ein fordel med HR og eller lønns-kompetanse frå offentleg verksemdDet er også ein fordel med kompetanse i personal- og lønnsdatasystemet (fortrinnsvis SAP)Personlege eigenskapar:Gode kommunikasjons- og samarbeidsevnerEvne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og effektivtPåliteleg og har integritet med tanke på å handtere fortruleg informasjonEvne til å jobbe i teamGod problemløysingsevneGod serviceinnstilling og opptatt av å finne løysningarEvne til å prioritere oppgåver og vere leveransedyktig innan gitte fristarVi kan tilby:Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø med fagleg tyngde.Stilling som seniorkonsulent (kode 1363), løn kr. 548 600 -  584 500, eller rådgjevar (kode 1434), løn kr 584 500 til 635 400 avhengig av kvalifikasjonar. For særskilt godt kvalifisert søkjar kan ein vurdere høgare lønFleksibel arbeidstidOpning for trening i arbeidstidaMedlemskap i Statens pensjonskasse som inneber god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til gunstig rente, og yrkesskade- og gruppelivsforsikringGode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: : seksjonssjef Tone Elin Skaugvold, tlf. 55 58 20 30 / 92 49 48 41, e-post: tone.skaugvold@uib.no eller teamleiar Anita Helen Spurkeland tlf. 55 58 90 58, e-post: anita.spurkeland@uib.no.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.  Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
Om arbeidsgiveren Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om økonomiavdelinga her.
Sektor Offentlig Antall stillinger 2 Sted Christiesgt. 18, 5020 Bergen Bransje Forskning, utdanning og vitenskap, Offentlig administrasjon Stillingsfunksjon Saksbehandler, Økonomi og regnskap / Lønn
Spørsmål om stillingen Kontaktperson Ingen kontakperson oppgitt
Søk her
Hjemmeside Flere stillinger fra Universitetet i Bergen
Følg firma 1098 følger dette firmaet
Christiesgt. 18, 5020 Bergen Stort kart Hybridkart Flyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.93 Seksjonssjef HR
0.93 Rådgjevar
0.92 Avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør
0.92 Seksjonssjef HR
0.92 Seniorrådgjevar
0.92 IT-prosjektleiar (seniorrådgjevar)
0.91 Seniorkonsulent ved Seksjon for lønn
0.91 Forskar (mellombels)
0.91 Driftsteknikar (med fagbrev)
0.91 HR Jurist
0.91 Har du lyst på en meningsfull ekstrajobb ved siden av studiene?
0.91 Spennende stillinger som HR-rådgivere
0.91 HR-konsulent
0.91 Lønnskonsulent
0.91 Teknisk prosjektadministrator ved IT-avdelinga
0.91 Lønnsmedarbeider
0.91 Vi søker HR-controller med interesse for digitalisering
0.90 Rådgiver lønn / HR
0.90 HR-konsulent/ -rådgiver
0.90 Lønnsmedarbeider
0.90 Kommunikasjonsdirektør
0.90 Stipendiat i kjønnsstudier
0.90 Fagkonsulent
0.90 HR og lønnsmedarbeider
0.90 Leder ved Seksjon for virksomhets- og økonomistyring ved UiO
0.90 Rådgjevar/seniorrådgjevar for eksternfinansierte prosjekt ved UiB ved Seksjon for prosjektøkonomi
0.90 Rådgiver prosjektøkonom (fast og vikariat)
0.90 Avdelingsleder UniPed
0.90 Student helsefag/pleiemedarbeider
0.90 Postdoktor
0.90 Rådgjevar ved Institutt for biomedisin
0.90 Senioringeniør
0.90 Booking- og salskonsulent
0.90 Barnehagemedarbeider
0.90 HR-sjef
0.90 HR-assistent
0.90 Avdelingsleder
0.90 Lønnskonsulent
0.90 Lønnskonsulent
0.90 St.nr.30/2023 - HR-sjef
0.90 Jobbspesialist
0.90 Vi ser etter deg som ønsker å bidra til et korrekt opptak til høyere utdanning
0.90 HR-rådgiver med spisskompetanse i arbeidstidsbestemmelser
0.89 Rådgivar innen inntekts- og levekårsstatistikk
0.89 HR og kontorsjef
0.89 Studieveileder
0.89 Avdelingsleder - økonomi og styring
0.89 Rektor
0.89 HR-sjef
0.89 Spesialkonsulent
0.89 Personalansvarlig
0.89 Driftsutviklar Windows
0.89 Miljøarbeider / Helsefagarbeider / Student helsefag
0.89 Stipendiat i nordisk språkvitskap
0.89 Driftstekniker
0.89 Høyskolelektor i markedsføring - Bergen
0.89 Førstekonsulent/seniorkonsulent
0.89 Regnskapsfører
0.89 Payroll Manager