BeskrivelseOm stillingaHøgskulen i Volda søker ein utviklings- og løysingsorientert HR-sjef, som vil få ei sentral rolle i  samarbeid med leiinga om den strategiske utviklinga av organisasjonen. KvalifikasjonarSom HR-sjef deltek du aktivt i ei heilskapleg og strategisk forvaltning, og utvikling av dei menneskelege ressursane ved høgskulen. Saman med den øvrige leiinga ved høgskulen har HR-sjefen ansvar for å rekruttere, utvikle og behalde medarbeidarar. Viktige oppgåver er leiarstøtte, leiarutvikling og støtte i organisatoriske prosessar. Den som vert tilsett må ha relevant utdanning på masternivå, men lang og rett erfaring kan i særlege tilfelle kompensere for utdanningskravet. Du må ha relevant leiarerfaring og solid HR-fagleg kompetanse, gjerne frå offentleg sektor. Vi søker ein leiar som er dyktig til å bygge relasjonar og samarbeide med andre. Den som vert tilsett må ha gode leiareigenskapar og evne til å inspirere og motivere medarbeidarar. Du har god gjennomføringsevne og kommuniserer godt. Tidvis må du takle stort arbeidspress og tidsfristar. Den vi søker er utviklingsorientert, kvalitetsbevisst og bidrar til kontinuerleg forbetring innanfor eige ansvarsområde. Søkar må ha gode norskkunnskapar på begge målformer, og meistre engelsk både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk. ArbeidsoppgåverHR-sjefen har i samarbeid med dyktige medarbeidarar ansvar for personalforvaltning, arkiv, løn, rekruttering og koordinering av HMS- og beredskapsarbeidet ved høgskulen. Dette arbeidet skjer i samsvar med lover, reglement og avtalar i staten.Stillinga er eit viktig bindeledd og ein samarbeidspart med leiinga og administrasjonen ved  avdelingane ved høgskulen. HR-sjefen rapporterer til høgskuledirektøren og er ein del av leiargruppa ved høgskulen.HR har sekretariatsfunksjon for arbeidsmiljøutvalet og høgskulen sine tilsettingsorgan. HR-sjefen har ansvar for å førebu og gjennomføre drøftingar og forhandlingar etter avtaleverket i arbeidslivet, og førebur saker som skal avgjerast av rektor, høgskuledirektør eller styret.Vi tilbyrHVO tilbyr varierte arbeidsoppgåver i ei samfunnsviktig verksemd i regionen, i eit sterkt fagmiljø.Ved høgskulen får du:Gode moglegheiter for kompetanse- og karriereutviklingGod pensjonsordning i Statens pensjonskasse.Tilsettgode og fordelar, mellom anna moglegheiter for trening i arbeidstida Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ personalsjef stillingskode 1055. Løn etter avtale.Generell informasjonVed HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne  gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.Om søknadenAlle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillingaOffentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.KontaktNærare opplysningar om stillinga får ein ved å kontakte høgskuledirektør Ann Kristin Emblem mob.: 99 49 36 63 eller personalsjef Randi Urke mob.: 91 86 12 27. Studiebygda VoldaMidt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.Les meir på www.hivolda.no
Joplassvegen 11, 6103 VoldaStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.93 HR og kontorsjef
0.93 HR-leiar
0.93 HR/HMS-rådgivar
0.93 Seniorrådgiver (HR)
0.93 Seksjonssjef HR
0.93 HR rådgiver, HR og organisasjonsutvikling.
0.92 Personalleder
0.92 Studieveileder
0.91 HR - spesialkonsulent
0.91 Avdelingsleiar Norheimsund skule
0.91 Avdelingsleiar Norheimsund skule
0.91 HR-rådgiver (vikariat)
0.91 Personalleder (vikariat 75 %)
0.91 HR-rådgjevar
0.91 Rådgiver
0.91 Personalansvarlig
0.91 Seksjonssjef HR
0.91 HR-direktør til avdeling mennesker og organisasjon
0.91 HR-leder
0.91 Helsefaglig sjef
0.91 Lærar i helse og oppvekstfag
0.91 Avdelingsleiar Bu og habilitering
0.91 Ledige stillinger for høyskolepersonell i sektor for helse og mestring
0.91 Fagansvarlig
0.91 Avdelingsleiar
0.91 Lærer
0.91 Avdelingsleder Borkenes skole
0.91 Folk- og utviklingssjef
0.90 Spennende stillinger som HR-rådgivere
0.90 Avdelingsleder
0.90 Vi søker HR-controller med interesse for digitalisering
0.90 Rektor/Einingsleiar - Fast
0.90 Lærar
0.90 Avdelingsleiar for Strategi og styring
0.90 Avdelingsleder på Krokemoa, Helgerød og Mosserød skole
0.90 Seksjonsleder for felles administrativ enhet for instituttadministrasjon ved HSL
0.90 Avdelingsleder skole
0.90 HR-sjef
0.90 Avdelingsleder 1-4 trinn på Vaulen skole
0.90 Avdelingsleiar
0.90 Avdelingsleder for spesialundervisning
0.90 HR-leder
0.90 Undervisningsstilling ved Odda vidaregåande skule
0.90 Pedagogisk avdelingsleder ved norskopplæring
0.90 Ledige stillinger
0.90 Seniorrådgiver
0.90 Avdelingsleder Borkenes skole
0.90 Rådgjevar / Seniorrådgjevar innan internasjonalisering
0.90 Seniorrådgiver
0.90 Kommunalsjef Oppvekst og opplæring
0.90 HR-konsulent
0.90 Avdelingssykepleier
0.90 Vi søker dyktig medarbeider til helgestilling!
0.90 HR seniorrådgiver