Helsefaglig sjef
None
Molde
BeskrivelseVi søker ny helsefagleg sjef i Fagavdelinga i Helse Møre og Romsdal HF.Du skal vere i front på utvikling og innovasjon av sjukepleietenesta i HMR. Du skal vere med og legge premissane for fagleg utvikling og retning av tenesta, tenke nytt og samtidig forbetre og utvikle det vi har i dag. Stillinga er sjølvstendig og rapporterer til fagdirektør. Du vil vere ein viktig person i fagdirektør si leiargruppe i fagavdelinga.Fagavdelinga er ei stabsavdeling som skal gi støtte og kompetanse på ulike områder og bistå klinikkane i deira arbeid med kvalitets- og pasientsikkerheitsarbeid. Fagavdelinga består av følgande einingar: forskning og innovasjon, helsetenesteutvikling, utdanning og kompetanse, kliniske studiar, smittevern og antibiotikastyring - avdelingar du vil trekke veksler på i ditt arbeid.Stillinga er ledig frå snarast, og startdato kan avtalast.Vi ser fram til å høyre frå deg.ArbeidsoppgåverDu skal utvikle, forbetre og effektivisere sjukepleietenestaDu vil få anledning til å arbeide målretta med forbetringsarbeidDu får bidra til å optimalisere arbeidsprosessar og arbeidsflyter for sjukepleietenestaDu skal bidra til endå betre samhandling mellom de ulike profesjonaneDu skal inspirere og ha ei strategisk tilnærming til korleis vi kan bli best!Du skal vere med og utvikle faget sjukepleieDu skal bidra i utvikling av sjukepleierutdanninga i foretaketKvalifikasjonarVi søker etter ein sjukepleiar, gjerne med relevant master utdanningFor å lykkast i stillinga tenker vi at det er viktig at du har leiarerfaring fra helsetenesta, fortrinnsvis frå spesialisthelsetenestaRelevant erfaring og kompetanse innan endringsarbeid og forbetringsarbeid er nyttig i denne stillingaVi håper at du har kjennskap til arbeid med optimalisering og logistikk, og at du trivast i samarbeid med andre fagpersoner i ulike matriseteamDu brenn for sjukepleiarfaget, men er opptatt av heliheita til det beste for våre pasientarPersonlege eigenskaparDu leiar og kommuniserar på ein måte som skapar tillit og entusiasmeDu triggast av å oppnå resultater, i nært samarbeid med dine kollegaerDu er utolmodig, nysgjerrig og kunnskapssøkande for å nå våre felles målDu trivast med å dele din kompetanse og verdset andre sine gode bidrag både internt og via samarbeidspartnararDu er analytisk og nytenkandeDu tør å ta beslutningar og stå i dei til det er gjennomførtVi tilbyrKjekke kollegaer som ønsker at nettopp du skal lykkastEt uformelt arbeidsmiljø med mykje humorFriheit under ansvar med god oppfølging ved behovEin svært meiningsfull arbeidskvardag med eit særleg viktig samfunnsoppdragGode pensjons- og forsikringsordninger, når behovet dukker oppKontaktinformasjonErik Solligård, Fagdirektør, +47 41452673, erik.solligard@helse-mr.noArbeidsstedÅsehaugen ÅlesundNøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 4704785713Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 16.10.2023
Åsehaugen, 6405 MoldeStort kartHybridkartFlyfoto