BeskrivelseVil du vere med å bygggje framtidas Ålesund kommune? Som leiar for avdeling Strategi og styring vil du få ansvar for dei overordna styringsprosessane i kommunen, heilt frå anayse og kunnskapsgrunnlag til aktiv drift og utvikling av av styringssystemet. Avdelinga har ansvar for overordna planlegging og analysearbeid, økonomistyring, kvalitetsleiing og strategisk folkehelsearbeid med miljøretta helsevern. Kommuneoverlegefunksjonen er også organisert i Strategi og styring. Hovudoppgåvene vil vere å leie avdelinga, med fokus på drift og vidareutvikling av kommunen sitt heilskaplege styringssystem. Dette inkluderer ansvar for heilskapleg planlegging, planpstrategi og planprosessar med tilhøyrande analyse og utgreiingsarbeid. Ansvaret for kommunen sitt arbeid med kvalitetsleiing og strategisk folkehelsearbeid ligg også til avdelinga. Som avdelingsleiar vil du få personalansvar for 18 særs kompetente medarbeidarar som dekkjer eit breitt spekter av fagfelt og arbeidsområde. Du får også resultatansvar for di avdeling. Vi søkjer ein tydeleg leiar som har evne til å tenkje heilskapleg og langsiktig, og som er flink til å samarbeide på tvers av ulike fagmiljø. Du trivst med å jobbe i skjeringspunktet mellom politikk og adminstrasjon, og har har ein inkuderande leiarstil. ArbeidsoppgåverLeie avdelinga og inngå i økonomisjefen si leiargruppe.Leie arbeidet med drift og utvikling av kommunen sitt heilskaplege styringssystem.Leie arbeidet med drift og utvikling av kommunen sitt overordna kvalitetssystem. Leie kommunen sitt arbeid med planstrategi og andre overordna samfunnsplanprosessar.Leie kommunen sitt arbeid med strategisk folkehelsearbeid saman med kommuneoverlegen. Leie arbeidet med økonomi-planlegging, budsjettering og rapportering saman fagleiar på økonomiområdet. Samarbeide med andre verksemder og fagområde i kommunen. Bidra operativt i avdelinga ved behov. KvalifikasjonarRelevant utdanning på masternivå, gjerne innan samfunnsøkonomi, leiing eller administrative fag. Leiarerfaring med god resultatoppnåing.Relevant erfaring frå eit eller fleire av fagfelta til avdelinga.Erfaring frå arbeid med verksemdstyring.Erfaring frå offentleg forvaltning er ein fordel.Kunne kommunisere klårt og tillitvekkande internt og eksternt.Særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne i norsk.Kjennskap til prosessleiing er ønskeleg. Personlege eigenskaparTrygg og tydeleg leiar med evne til å tenkje langsiktig og heilskapleg.Strategiske evner og høg fagleg integritet.Evne til å etablere gode relasjonar på alle nivå i organisasjonen. Strukturert og analytisk.Evne til å stå støtt i krevjande prosessar. Særs gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Personlege eigenskapar vert vektlagt. Vi tilbyrEit spanande og tverrfagleg arbeidsmiljø med særs kompetente medarbeidarar. Ein variert og utfordrande jobb.Fagleg og personleg utvikling. Fleksibel arbeidstid.Medlemskap i kommunens pensjonsordning.Løn etter avtale.  KontaktinformasjonLars Fylling, verksemdsleiar, +47 995 37 775ArbeidsstadKeiser Wilhelms g. 116003 ÅlesundNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kommunalområde OrganisasjonReferansenr.: 4704977781Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 15.10.2023
Keiser Wilhelms g. 11, 6003 ÅlesundStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.95 Avdelingsleder strategi og styring
0.93 Avdelingsleiar
0.93 Avdelingsleder
0.92 Avdelingsleiar Stryn omsorgssenter
0.92 Avdelingsleiar
0.92 Avdelingsleiar Bu og habilitering
0.92 Avdelingsleder Tildelingskontoret
0.92 Seksjonsleiar - Operasjonsavdelinga
0.91 Seksjonsleder for virksomhetsstyring og internkontroll
0.91 Avdelingsleder
0.91 Kommunedirektør
0.91 Avdelingsleder
0.91 Avdelingsleder Plansak
0.91 Avdelingsleder
0.91 Seksjonsleiar
0.91 Avdelingsleder Friskliv og mestring
0.91 Avdelingsleder
0.91 Avdelingssykepleier
0.91 Avdelingsleder byggdrift kommunal eiendom Sel kommune, 100% fast stilling
0.91 Avdelingsleder
0.91 Avdelingsleder Byggesak
0.91 Personalleder
0.91 HR og kontorsjef
0.91 Avdelingsleiar psykisk helse og rus
0.91 HR-leiar
0.91 Avsnittsleiar
0.91 Seksjonsleder
0.91 Avdelingsdirektør
0.91 Avsnittsleiar
0.91 Avdelingsleder for bygg og eiendom
0.91 Avdelingsleder Borkenes skole
0.91 Avdelingsleder - Losen lavterskelsenter
0.91 Avdelingsleder til Stangnes sykehjem
0.91 Avdelingsleiar Norheimsund skule
0.90 Avdelingsleder ved Mosseregionens legevakt
0.90 Avdelingsleiar Norheimsund skule
0.90 St.nr.30/2023 - HR-sjef
0.90 Avdelingsleder, 100% stilling, Lillehammer Helsehus
0.90 Avdelingsleder
0.90 Avdelingsleder
0.90 Avdelingsleder
0.90 Virksomhetsleder
0.90 HR-direktør til avdeling mennesker og organisasjon
0.90 Avdelingsleiar for tenestekoordinering
0.90 Avdelingsleder døgndriftsavdelingen
0.90 Avdelingsleder
0.90 Prosjektleder
0.90 Avdelingsleder Oppfølgingstjenesten
0.90 Daglig leder
0.90 Avdelingsleder skole
0.90 Kommunalsjef helse og omsorg
0.90 Fagleder/Seksjonssjef
0.90 Pedagogisk leder
0.90 Personalleder (vikariat 75 %)
0.90 Avdelingsleder for spesialundervisning
0.90 Avdelingsleder Øyjordet bofellesskap