BeskrivelseVil du bli vår nye avdelingsleiar i den nyoppretta stillinga innan psykisk helse og rus? Dalebu er eit døgnbemannet bu- og omsorgstilbod for personar med utfordringar innan psykisk helse og rus, og tilbyr langtidsopphald og kortidsopphald. Det er knytt ca 11 årsverk til bu- og omsorgstilbodet. Vi har 100 % fast stilling som avdelingsleiar ved Dalebu ledig frå 01.01.2024Avdelingsleiar har dagleg, fagleg og administrativt ansvar for tenestetilbodet, og er ein del av leiarteamet i eininga. Tenesteleiar er næraste overordna. Avdelingsleiar  vil fungere som nestleiar i eininga. Nestleiar går inn i tenesteleiar sin stad ved fråvær, og har ilag med tenesteleiar  ansvar for at tenestetilbodet vert levert i samsvar med lov-og regelverk, økonomiske rammer, styringsplanar og verdidokument. Psykisk helse og rus er eit satsingsområde i Haram kommune og personalet ved Dalebu skal samarbeide tett med psykisk helse og rustenesta som ligg til same tenesteområde. Arbeidet med å vidareutvikle Dalebu som eit døgnbemannet bu- og omsorgstilbod til menneske med utfordringar innan psykisk helse og rus er eit prioritert område i tenesta. Ved organisering av tenesta kan nye arbeidsoppgåver framkomme. I tillegg til formell utdanning og praksis vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste må du opplyse om det og grunngje dette i søknaden din. Vi gjer ei konkret vurdering av ønskjet opp mot krav om offentlegheit. Opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv etter ønskje om konfidensialitet, og søkjaren vil bli varsla på førehand om dette. Det er krav om politiattest av ny dato. Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast som vedlegg til søknadenArbeidsoppgåverDagleg drift Fagleg og administrativt ansvar, inkludert personalansvar Fagleg rettleiing Sakshandsaming og oppfølging av vedtak Legge til rette for godt arbeidsmiljø Samhandling med brukarar og pårørande Samhandling mellom tenester og andre instansar Utviklingsarbeid og prosjektarbeid KvalifikasjonarOffentleg godkjent sjukepleiar / vernepleiar, eller ev. anna relevant sosialfagleg 3-årig høgskule-/ universitetsutdanning Gjerne med vidareutdanning i psykisk helsearbeid Erfaring frå arbeid innan rus og psykisk helsearbeid vert vektlagt Det er ønskeleg med leiarerfaring og leiarutdanningKunnskap i relevant lovverk og turnusplanlegging God digital kompetanse er ein føresetnad Gode kommunikasjonsevne både munnleg og skriftleg Den som blir tilsett må ha sertifikat for bil og kunne disponere eigen bil i tenesta. Personlege eigenskaparGode leiareigenskapar og evne til å skape gode relasjonar og oppnå tillit Interesse for og evne til nytenking og til å motivere til endring og utvikling Fagleg dyktig med evne til å motivere Heilskapleg tenking, evne til å sjå samanhengar Evne til å arbeide strukturert og målretta Gode samarbeidsevne Vi tilbyrUtfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg arbeidsmiljø Eit tenesteområde i sterk utvikling og med stort fokusEi mulegheit til å ta del i viktig endringsarbeid Vere med å bygge ein ny kommune Løn etter avtaleGod pensjonsordning KontaktinformasjonLaila Grytten, Tenesteleiar Ressursbase og psykisk helse og rus , 412 48 725, laila.grytten@alesund.kommune.noFrode Bøe Hatlelid, Kommunalsjef Livsløp, 922 43 788, frode.boe.hatlelid@alesund.kommune.no ArbeidsstadDalevegen 106270 BrattvågNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4718491265Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 05.11.2023
Dalevegen 10, 6270 BrattvågStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.93 Avdelingsleiar Bu og habilitering
0.93 Helsesekretær
0.93 Avdelingsleiar
0.93 Avdelingssykepleier
0.93 Psykiatrisk sjukepleiar
0.92 Seksjonsleder
0.92 Overlege i psykiatri
0.92 Seniorrådgiver psykisk helse og rus
0.92 Helsefagarbeider
0.92 Studentstilling helg
0.92 Overlege psykiatri
0.92 Helsefagarbeider
0.92 Avdelingsleder
0.92 Helsefagarbeider
0.92 Avdelingsleiar
0.92 Konsulent
0.92 100 % fast stilling som psykiatrisk sykepleier
0.92 Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
0.92 Avdelingsleder ved Rindal helsetun
0.92 Psykisk helsearbeider / miljøterapeut
0.92 Sykepleier/vernepleier
0.92 Overlege psykiatri
0.92 Sjukepleiar eller Vernepleiar
0.92 Psykiater/psykologspesialist
0.92 Lege i spesialisering - psykiatri
0.92 Sjukepleiar/vernepleiar
0.92 Avdelingsleder Tildelingskontoret
0.92 Avdelingsleder - Losen lavterskelsenter
0.92 Sykepleier
0.91 Psykisk helsearbeider
0.91 Avdelingsleder
0.91 Vernepleier/Sykepleier
0.91 Sjukepleiar/vernepleiar 100% vikariat
0.91 Psykologspesialist/psykolog
0.91 Avdelingsleder
0.91 Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
0.91 Vi søker helsepersonell i langvakt
0.91 Avdelingsleder, 100% stilling, Lillehammer Helsehus
0.91 Sykepleier/vernepleier langvarig vikariat - psykisk helse
0.91 Overlege
0.91 Professor/Dosent/Førsteamanuensis/førstelektor i psykisk helse og rusarbeid
0.91 Psykolog
0.91 Fagarbeidere i sektor for helse og mestring
0.91 Avdelingsleder
0.91 Tilkallingsvikarer
0.91 Avdelingsleder
0.91 Avdelingsleder døgndriftsavdelingen
0.91 Psykolog
0.91 Seksjonsleiar - Operasjonsavdelinga
0.91 Vernepleiar/sjukepleiar med vidareutdanning i psykiatri
0.91 Helsefaglig sjef
0.91 Sykepleier/Vernepleier
0.91 Helsefagarbeider med relevant videreutdannelse.
0.91 Sykepleier/ vernepleier -vikariat
0.91 Psykologspesialist/Psykolog
0.91 Lege i spesialisering - rus- og avhengighetsmedisin