BeskrivelseVil du vere med å gjere ein skilnad for personar med funksjonsvarisjonar i Ørsta kommune? Vi er på jakt etter ein framtidsretta og engasjert avdelingsleiar. I Ørsta kommune er det frå 1.1.2024 ledig 100% fast stilling i kommunalområde helse, omsorg og velferd, med f.t. Bu og habilitering som tenestestad. Bu og habilitering yter teneste til menneske med utviklingshemming eller andre funksjonsvariasjonar som treng teneste i form av praktisk bistand, opplæring, aktivisering i kvardagen, helsetenester i heimen og/eller avlastning for barn og unge. Hjå bu og habilitering får du jobbe tverrfagleg med andre yrkesgrupper og instansar. Tenesta er stadig i utvikling, og møter mange utfordringar knytt til lovverk, system og ulike tenestemottakarar. Du vil få vere med å leie ei teneste som har tilsette med mykje kompetanse innanfor feltet.Som avdelingsleiar for tenestene vert du ein del av tenesteleiar si leiargruppe. Arbeidet gir rom for personleg og fagleg utvikling. ArbeidsoppgåverAvdelingsleiar har eit sjølvstendig ansvar for fag- og personaloppfølging i si avdeling. Oppgåvene er mellom anna:Leiing og administrasjon i samsvar med definert leiarnivåMedansvar for økonomi og budsjettarbeid Oppfølging av tilsette  Kvalitetutviklingarbeid og rapporteringPlanlegging og koordinering av dagleg drift, m.a. turnusplanleggingSlagordet, visjonen og verdiane til Ørsta kommune gir retning og forpliktar til utøving av godt leiarskap. Som avdelingsleiar tek du ansvar både for eiga verksemd og for å bidra til heilskapen i tenesteområdet. No arbeider vi målretta for å skape ein heiltidskultur i organisasjonen og leiarane våre er ein viktige medspelarar i dette arbeidet. Vi vil ha leiarar som medverkar til at medarbeidarar opplever meistring gjennom bruk av eigen kompetanse, motivasjon og involvering. Kommunen nyttar leiaravtalar, tett-på-samtalar og resultatsamtale som del av det kommunale styringssystemet. Du vil ta del i avdelinga sin leiarutviklingsprosess og i tenesteområdet sine leiarmøte.KvalifikasjonarDu må ha 3 årig helse- eller sosialfagleg høgskuleutdanning. Vi søkjer deg som vil vere med på å utvikle faget og tenestene våre vidare, og som vektlegg relasjonskompetanse og medarbeidarskap. Det er ynskjeleg med leiarerfaring og tilleggsutdanning innan leiing og administrasjon. Søkjar utan tilleggsutdanning, men med relevant praksis kan likevel vere aktuell for tilsetjing, på vilkår om å forplikte seg til å ta slik utdanning innan 3 år.Vi vil særleg leggje vekt på følgjande: LeiarerfaringKunnskap om, interesse for, og erfaring frå arbeid med menneske med funksjonsvariasjonarKunnskap om gjeldande lovverk og forskrifter knytt til arbeidsområdet Kunnskap om turnusplanleggingGod evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målformPersonlege eigenskaparGode kommunikasjons og samarbeidsevnerKunne arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig Evne til å skape gode relasjonar, inspirere og ta initiativ, samt formidle avdelinga og tenesteområdet sine målEvne til å leie, motivere og skape resultatEin leiarstil som evnar å nytte og utvikle kompetansen hos medarbeidarane sineVi tilbyrEi lærerik, spanande og utfordrande stilling i eit utviklingsorientert miljøGodt arbeidsmiljøKollegar som er interssert i å utvikle dagens helse- og velferstenesterLøn etter avtale i høve kvalifikasjonar og kompetanseGode pensjons- og forsikringsordningar i KLPStillinga er plassert i HTA kap. 3.4.3   Stillingskode 9454 AvdelingsleiarArbeidsvilkår: jf. HTA § 6.3, elles i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk.Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Det kan bli nytta gruppeintervju.Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane. DokumentasjonFramlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål vert lagt til som vedlegg til søknaden din. Ørsta kommune arbeider for å skape ein heiltidskultur, der heile stillingar er det naturlege. Kvalitet på tenestene, kontinuitet og tryggleik skal stå i sentrum. Som tilsett er du ein viktig medspelar i kommunen sine utviklingsarbeid.  Om offentleglovaI samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.KontaktinformasjonGuro Bakke Liaskar, Tenesteleiar, 901 03 223, guro.bakke.liaskar@orsta.kommune.noAudhild Mork, kommunalsjef helse omsorg og velferd, 95712101, audhild.mork@orsta.kommune.noArbeidsstadAnders Hovden-gata 276150 ØrstaNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4713205781Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 13.10.2023
Anders Hovden-gata 27, 6150 ØrstaStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.94 Avdelingsleiar
0.93 Avdelingsleder
0.93 Avdelingsleder
0.93 Avdelingsleiar psykisk helse og rus
0.93 Off. godkjend vernepleiar
0.93 Avdelingsleiar
0.93 Avdelingsleder Tildelingskontoret
0.93 Enhet for Habilitering har ledig fast stilling som Avdelingsleder
0.92 Seksjonsleder
0.92 Avdelingsleiar for tenestekoordinering
0.92 Avdelingsleiar for Strategi og styring
0.92 Avdelingsleder, 100 % vikariat, Institusjonstjenesten, Finsal avdeling B
0.92 Avdelingssykepleier
0.92 Avdelingsleder, 100% stilling, Lillehammer Helsehus
0.92 Helsefagarbeider
0.92 Helsefagarbeider
0.92 Avdelingsleder - Losen lavterskelsenter
0.92 Seksjonsleiar - Operasjonsavdelinga
0.92 Avdelingsleiar Norheimsund skule
0.92 Sjukepleiar
0.92 Avdelingsleiar Norheimsund skule
0.92 Fagarbeidere i sektor for helse og mestring
0.92 Avdelingsleder Borkenes skole
0.92 Avdelingsleder byggdrift kommunal eiendom Sel kommune, 100% fast stilling
0.92 Vi søker dyktig medarbeider til helgestilling!
0.92 Sjukepleiar 100 % fast stilling
0.92 Avdelingssjukepleiar
0.92 Avdelingsleder
0.92 Avdelingsleder
0.92 Avdelingsleder
0.92 Arbeidsleder
0.92 Brukarstyrt personleg assistent
0.92 Avdelingsleder
0.92 Avdelingskoordinator
0.92 Seksjonsleder
0.92 Avdelingsleder
0.91 Sjukepleiar eller vernepleiar
0.91 Tilkallingsvikar
0.91 Virksomhetsleder legetjenesten
0.91 Avdelingsleder Friskliv og mestring
0.91 Helsefagarbeidere
0.91 100% fast stilling som avdelingsleder ved miljøterapitjenesten
0.91 Avdelingsleder Byggesak
0.91 HR-leiar
0.91 Avdelingsleder Øyjordet bofellesskap
0.91 Helsefagarbeidar - 50 % fast stilling
0.91 Sjukepleiar
0.91 Helgestillinger i sektor for helse og mestring
0.91 Avdelingsleder Borkenes skole
0.91 Avdelingsleder for spesialundervisning
0.91 Vernepleier med fagansvarfunksjon - Vikariat
0.91 Helgestilling
0.91 Ledige stillinger for høyskolepersonell i sektor for helse og mestring
0.91 Tilkallingsvikar - Bu- og avlastingstenesta
0.91 Sykepleier/Vernepleier 100 %