Brukarstyrt personleg assistent
None
Ørsta
BeskrivelseVi søkjer etter brukarstyrt personleg assistent til ein brukar med fysisk funksjonshemming. Arbeidet er allsidig og variert, og består av personleg og praktisk bistand i daglege gjeremål. Brukaren treng også bistand ved fritidsaktiviteter. Det er brukaren sjølv som er arbeidsleiar i ordninga. Stillinga er fordelt slik: 0800-1100 mandag og fredag. Onsdag 0800 - 1500. ArbeidsoppgåverPersonleg og praktisk bistand i daglege gjeremålBistand ved fritidsaktiviteterKvalifikasjonarDet er ikkje krav om formell utdanning, men det er ynskjeleg med relevant erfaringDet vert stilt krav om politiattest ved tilsettingDu må ha førarkort klasse BPersonlege eigenskaparPersonlege eigenskapar vert avgjerande i tilsettingaDen som vert tilsett må vere påliteleg, allsidig, fleksibel og ha evne til å arbeide sjølvstendig.Opplæring vert gitt av arbeidsleiar, og det er også høve til å delta på opplæringskurs. Tilsette får tilbod om rettleiingVi tilbyrGode pensjons- og forsikringsordningar i KLPStillinga er plassert i HTA kap. 4gr1 - Stillingar utan særskilt krav til utdannngStillingskode 6572 assistentTilsetting-, løns-, og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lov-, forskrift og avtaleverkDokumentasjonFramlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.Om offentleglovaI samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.KontaktinformasjonNina Ulstein, Avdelingsleiar, 95360759, nina.ulstein@orsta.kommune.noSigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar heimetenestene, 480 10 415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.noArbeidsstadDalevegen 66150 ØrstaNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4714300667Stillingsprosent: 0%FastSøknadsfrist: 16.10.2023
Dalevegen 6, 6150 ØrstaStort kartHybridkartFlyfoto