Brukarstyrt personleg assistent
None
Ørsta
BeskrivelseVi søkjer etter brukarstyrt personleg assistent til mannleg brukar med fysisk funksjonshemming. Det er brukaren sjølv som er arbeidsleiar i ordninga.Stillinga er totalt ca 15 timar pr. veke. Arbeidstid vert etter avtale, og opplæring vert gitt av arbeidsleiar.ArbeidsoppgåverArbeidet er allsidig og variert, og består av enkel personleg og praktisk bistand i daglege gjeremål. Brukaren treng også bistand ved fritidsaktiviteter. KvalifikasjonarDet er ikkje krav om formell utdanning, men det er ønskeleg med relevant erfaringDet vert stilt krav om politiattest ved tilsettingDu må ha førarkort klasse BPersonlege eigenskaparDu må vere påliteleg, positiv, omgjengeleg og kunne arbeide sjølvstendigPersonlege eigenskapar vert avgjerande i tilsettingaVi tilbyrGode pensjons- og forsikringsordningar i KLPOpplæring vert gitt av arbeidsleiar, og det er også høve til å delta på opplæringskurs. Tilsette vil får tilbod om rettleiing.Stillinga er plassert i HTA kap. 4gr1 - Stillingar utan særskilt krav til utdannngStillingskode 6572 assistentTilsetting-, løns-, og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lov-, forskrift og avtaleverkReferansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.DokumentasjonFramlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Om offentleg søkjarliste I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga. KontaktinformasjonLaila Bjørkedal, Avd.leiar, 952 07 829, laila.bjorkedal@orsta.kommune.noSigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar heimetenestene, 480 10 415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.noArbeidsstadDalevegen 66153 ØrstaNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4718868824Stillingsprosent: 0%FastStartdato: 06.11.2023Søknadsfrist: 28.10.2023
Dalevegen 6, 6153 ØrstaStort kartHybridkartFlyfoto