Heimehjelp/ praktisk bistand
None
Ørsta
BeskrivelseHeimetenestene i Ørsta sentrum har for perioden d.d.- 01.10.24 ledig 100 % vikarstilling som heimehjelp/ praktisk bistand. I heimetenesta jobbar ein tett på brukarane i deira heim og vil møte brukarar i ulike livssituasjonar og med ulike utfordringar.ArbeidsoppgåverHeimehjelp/praktisk bistand omfattar veiledning og praktisk hjelp i heimen, mellom anna reingjering, skifte sengetøy, klevask og handle daglegvareKvalifikasjonarDet er ikkje krav om formell utdanning, men det er ønskeleg med arbeid frå liknade arbeidDet vert stilt krav om politiattest ved tilsettingDu må ha førarkort klasse BDu må disponere eigen bilPersonlege eigenskaparDu må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneskeTar initiativ og ansvarEr fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andreHar godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljøEvne til å kunne kommunisere med brukarane på ein god og forståeleg måte både munnleg og skriftleg. Kommunen nyttar nynorsk som målformVi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.Det kan vere muleg fast tilsetting. Vi tilbyrGode kollegaer og eit triveleg arbeidsmiljøGode pensjons- og forsikringsordningar i KLPVarierte arbeidsoppgåver Arbeidsvilkår: Arbeid på dagtid.Stillinga er plassert i HTA kap. 4gr1 - Stillingar utan særskilt krav til utdannngStillingskode 6572 assistentTilsetting-, løns-, og arbeidsvilkår elles etter gjeldande lov-, forskrift og avtaleverkDokumentasjonFramlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Om offentleglovaI samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.KontaktinformasjonLaila Bjørkedal, Avd.leiar, 952 07 829, laila.bjorkedal@orsta.kommune.noSigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar heimetenestene, 480 10 415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.noArbeidsstadDalevegen 246153 ØrstaNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4707956548Stillingsprosent: 100%VikarStartdato: 01.10.2023Søknadsfrist: 10.10.2023
Dalevegen 24, 6153 ØrstaStort kartHybridkartFlyfoto