Off. godkjend vernepleiar
None
Ørsta
BeskrivelseI Ørsta kommune er det frå 1.1.2024 ledig stilling for off. godkjent vernepleiar. Stillinga er f.t. plassert i tenesteområde Bu og habilitering, Bakk-Ola-marka. Bu og habilitering yter tenester til menneske med utviklingshemming eller andre funksjonsnedsetjingar som treng teneste i form av praktisk bistand, opplæring, aktivisering i kvardagen, helsetenester i heimen og avlastning for barn og unge. Hjå bu og habilitering får du jobbe tverrfagleg med andre yrkesgrupper og instansar. Vi søkjer deg som har erfaring frå eller har interesse for arbeid med menneske med ulike utfordringar og behov. Avdelinga har turnus på dag/kveld og helg, med ulike vaktlengder og hyppigheit av helgearbeid. Den som vert tilsett må vere budd på å utføre arbeidsoppgåver/endre tenestestad i samsvar med kommunen sitt behov til ei kvar tid. Arbeidsoppgåverleggje til rette for at den enkelte tenestemottakar skal ha ei tilbod som fremjer eigen kvardag der dei har medbestmmelse og er aktiv deltakar i eigen kvardag Motivere til aktivitet, og bidra til opplæring av daglege gjeremål, ADL-ferdigheiter og meistring av eigen kvardagsjå den enkelte tenestemottakar og deira behov ut i frå dei ressursar vi har tilgjengelegBidra til å skape ein trygg og forutsigbar kvardag Lage gode planar og rutiner kring den enkelte ut i frå føresetnader og behovKvalifikasjonarOff. godkjent vernepleiar. Andre med 3 årig helse- eller sosialfagleg, eventuelt pedagogisk høgskuleutdanning og studentar i rett utdanningsløp, kan også søkje og verte vurderte for stillingaDet er ein fordel om du har førarkort klasse B, helst med manuell Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing Relevant arbeidserfaring Personlege eigenskaparKunnskap og interesse for og erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemmingAt du er engasjert, fleksibel og løysingsorientertEvne og ferdigheiter til å jobbe målretta, systematisk og sjølvstendig Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Vi tilbyrGode pensjons- og forsikringsordningar i KLPUtfordrande og varierte arbeidsoppgåverEit arbeidsmiljø med fokus på godt fagleg innhald og meistring Gode kollegar og trivleg arbeidsmiljøRekrutteringstilskot er aktuelt å tilby nytilsette vernepleiarar i faste stillingarArbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgarStillinga er plassert i HTA kap. 4 Gr.2 - stillingar med krav om høgskuleutdanning Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk. Det er 6 mnd. prøvetid, der fråvær går til fråtrekkDokumentasjonFramlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Om offentleg søkjarliste: I samsvar med offentleglova §25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg meirinnsynpå valeg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnalg for fritak, vil søkjaren verte kontakta og får tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.KontaktinformasjonGuro Bakke Liaskar, tenesteleiar, 90103223, guro.bakke.liaskar@orsta.kommune.noKathrine Brekke, Konst avdleiar, 90012175, kathrine.brekke@orsta.kommune.noBu og habilitering, Felles e-post til leiarane, buhab@orsta.kommune.noArbeidsstadAnders Hovdengate 276150 ØrstaNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4706527071Stillingsprosent: 100%FastStartdato: 01.01.2024Søknadsfrist: 09.10.2023
Anders Hovdengate 27, 6150 ØrstaStort kartHybridkartFlyfoto