BeskrivelseI Ørsta kommune er det frå 28.11.2023. ledig 100 % stilling for off. godkjent sjukepleiar. Stillinga er plassert i kommunalområde Helse, omsorg og velferd, Ørstaheimen med f.t. Bakketun som tenestestad. Bakketun er ei skjerma avdeling for demente med 16 plassar, fordelt på to grupper. Avdelinga er lokalisert påØrstaheimen og vi samarbeider med andre faggrupper i kommunen. Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av eininga.ArbeidsoppgåverVi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet og har fokus på ernæring, sosial aktivisering, tillitsskapande arbeid, velferdsteknologi og trivsel for den enkelte.KvalifikasjonarOff. godkjent sjukepleiarDet vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing  Personlege eigenskaparDu må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneskeDu må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i daganeRelevant arbeidserfaringLikar utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåverTek initiativ og ansvarEr fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andreHar godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljøEvne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vertvektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.  Vi tilbyrUtfordrande og varierte arbeidsoppgåver Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø  Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLPRekrutteringstilskot med bindingstid på 2 år, kan vere aktuelt å tilby nytilsette  Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgarDet kan vere aktuelt å gi bonus for å ta langvakter på helg.Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2  -stillingar med krav om min 3-årig høgskuleutdanning Stillingskode 7174 sjukepleiar  Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk. 6 mnd. prøvetid, der fråvær går til fråtrekkDokumentasjonFramlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Om offentleglova I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga. KontaktinformasjonKyrre Skavøy, Avdelingsleiar, 481 23 801, kyrre.skavoy@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og Sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.noArbeidsstadHåkonsgate 786153 ØrstaNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4710504178Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 10.10.2023
Håkonsgate 78, 6153 ØrstaStort kartHybridkartFlyfoto

Similar jobs:

Score Tittel
0.96 Off. godkjent sjukepleiar Hjørundfjordheimen
0.96 Off. godkjent sjukepleiar Vartdal helsetun
0.96 Off. godkjend vernepleiar
0.96 Off. godkjent sjukepleiar Vartdal helsetun
0.94 Tilkallingsvikar Omsorg og sjukeheim
0.92 Sjukepleiar
0.92 Sjukepleiar
0.92 Sjukepleiar 1 x 100 % stilling
0.92 Sjukepleiar
0.92 Sykepleier / Vernepleier
0.92 Sjukepleiar
0.91 Sjukepleiar
0.91 Sjukepleiar
0.91 Sjukepleiar
0.91 Sjukepleiar, 100 % fast stilling Spjelkavik Aust heimeteneste
0.91 100 % fast stilling Spjelkavik Vest heimeteneste.
0.91 100 % stilling sjukepleiar fast og vikariat
0.91 Sjukepleiar eller Vernepleiar
0.91 Sjukepleiar/vernepleiar
0.91 Sjukepleiar
0.91 Sjukepleiar
0.91 Sykepleier
0.91 Sjukepleiar
0.91 Avdelingsleiar Bu og habilitering
0.91 Sjukepleiar/vernepleiar, 100% fast stilling
0.91 Sjukepleiar
0.91 Sjukepleiar 80 % fast stilling
0.91 Avdelingssjukepleiar
0.91 Psykiatrisk sjukepleiar
0.91 Sjukepleiar, 2 x 100 % fast stilling Blindheim heimeteneste.
0.91 Helsefagarbeider
0.91 Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
0.91 Sjukepleiar - fast -
0.91 Sjukepleiar
0.91 Helsesjukepleiar 100 % stilling
0.91 Sjukepleiar med bonus
0.91 Sjukepleiar
0.91 Sjukepleiar eller vernepleiar
0.91 Sykepleier 100 % fast stilling
0.91 Sjukepleiar
0.91 Helsefagarbeider
0.91 Sjukepleiar 100 % fast stilling
0.91 Sjukepleiar/vernepleiar
0.90 Sjukepleiar, spesialsjukepleiar
0.90 Operasjonssjukepleiar
0.90 Sjukepleiar 80%
0.90 Sjukepleiar, 100% fast stilling ved Avklaringsavdelinga
0.90 Helsesjukepleiar/sjukepleiar
0.90 Utdanningsstilling sykepleie/vernepleie
0.90 Utdanningsstilling sykepleie/vernepleie
0.90 Korttids/utredningsavdeling
0.90 Sykepleier/Vernepleier 100 %
0.90 Sykepleier 80%