BeskrivelseØrsta kommune har ledig 3 delt fast stilling for off. godkjent sjukepleiar ved Hjørundfjordheimen. Hjørundfjordheimen er lokalisert ca 25 km frå Ørsta sentrum i bygda Sæbø ved vakre Hjørundfjorden. Hjørundfjordheimen har to avdelingar, der sjukeheimsavdelinga har 16 plassar og bukollektivet har 14 plassar. Ved avdelinga er der også integrert heimeteneste for heimebuande i Hjørundfjorden.ArbeidsoppgåverVi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet og har fokus på ernæring, sosial aktivisering, tillitsskapande arbeid, velferdsteknologi og trivsel for den enkelte. Stillinga er knytt til sjukepleie i sjukeheim, men ein må pårekne sjukepleieoppgåver i bufellesskap på Hjørundfjordheimen og heimesjukepleie i Hjørundfjorden ved behov. KvalifikasjonarOff. godkjent sjukepleiarDet vert stilt krav om politiattest ved tilsetting Personlege eigenskaparDu må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneskeDu må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i daganeRelevant arbeidserfaringLikar utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåverTek initiativ og ansvarEr fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andreHar godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljøEvne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målformVi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju Vi tilbyrEit godt arbeidsmiljø med engasjerte, dyktige og stolte medarbeidarar.Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLPDet vil verte gitt særskilt rekrutteringstilskot ved Hjørundfjordheimen Stillinga er plassert i HTA kap. 4 gr. 2 – stillingar med krav om minimum 3-årig høgskuleutdanning Stillingskode 7174 sjukepleiar Arbeidsvilkår: Dag/kveld/natt inkl. helgarDet kan vere aktuellt å gi bonus for å ta langvakter på helg.Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.DokumentasjonFramlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Om offentleg søkjarliste I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjerat namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjarensine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse ogkravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippetom meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlagfor fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endelegsøkjarliste vert laga. KontaktinformasjonNina Måseidvåg, Avdelingsleiar, 993 28 994, nina.maseidvag@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og Sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.noArbeidsstadØyregata 206165 SæbøNøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4710486737Stillingsprosent: 100%FastSøknadsfrist: 10.10.2023
Øyregata 20, 6165 SæbøStort kartHybridkartFlyfoto